Spår lønnsnedtur for norske flytilsette

Internasjonale fusjonar bryt ned fagforeiningane og fører til lågare lønningar for dei tilsette, viser ny forsking. Norske flytilsette går dårlegare tider i møte, ifølge professor.

Publisert
Tilsette i Norwegian tener meir enn det ein gjer hjå konkurrenten SAS. Forsker meiner det berre eit tidsspørsmål før dette snur. (Foto: Espen Braata/Scanpix)
Tilsette i Norwegian tener meir enn det ein gjer hjå konkurrenten SAS. Forsker meiner det berre eit tidsspørsmål før dette snur. (Foto: Espen Braata/Scanpix)

Fusjonar med utanlandske selskap set fagforeiningane i eit dilemma.

– Dersom dei er for tøffe i lønnsforhandlingane, så veit fagforeiningane at det kan ende med at arbeidsplassane forsvinn til den utanlandske avdelinga, seier professor Lars Sørgard ved Noregs Handelshøgskole (NHH).

Ved hjelp av data frå eit stort tal bedrifter i ei rekkje ulike industriar har han og tre forskarkollegaer undersøkt konsekvensane av internasjonale fusjonar.

Fagforeiningane sjakk matt

Fusjonane bidreg til at selskapa driv meir effektivt, men viktigast er det at dei også kan spare lønnsutgifter.

Ifølgje Sørgard er forklaringa at fusjonane set fagforeiningane i dei ulike landa under press.

Fagforeiningane har i enkelte land ei sterk forhandlingsmakt, noko som har ført til at dei har sikra seg gode lønnsvilkår.

– Problemet er likevel at dei fleste fagforeiningane er nasjonalt organisert, og dette utnyttar selskapet når dei fusjonerer med eit utanlandsk selskap, seier Sørgard.

Han meiner fagforeiningane i dei ulike landa risikerer å bli spelt ut mot kvarandre med truslar om utflytting av arbeidsplassar dersom krava blir for store

Som eksempel viser Sørgard til då Lufthansa for nokre år sidan kjøpte opp eit engelsk flyselskap. Fagforeiningane protesterte mot kjøpet og truga med streik. Det blei det til slutt ingen ting av.

– Streik som middel ville berre virka mot sin hensikt i dette tilfellet. Det kunne gitt leiinga eit påskot for å flytte endå meir av aktiviteten til det nye selskapet i England, seier Sørgard.

– Det er makta som rår, og fagforeiningane risikerer rett og slett å bli sett sjakk matt.

Klarer ikkje samarbeide

Resultata viser at det er tilsette i dei sterkaste fagforeiningane som har mest å tape på internasjonale fusjonar.

Studien er basert på amerikanske data, men forskaren meiner den same tendensen vil vere gjeldande i Noreg.

– I Norge er fagforeiningane endå sterkare, så ut frå det skulle ein tru at verknadane kanskje er endå større her til lands, seier Sørgard.

Ei muleg løysing på problemet for fagforeiningane kan vere større internasjonalt samarbeid, men det trur han ikkje vil skje.

 (Foto: Øyvind Torvund/NHH)
(Foto: Øyvind Torvund/NHH)

– Det har dei prøvd i lang tid, men når det kjem til stykket så tenkjer fagforeiningane på medlemmene i sitt eige land. Det er vanskeleg å komme over dei generelle erklæringane om samarbeid.

Lønnsnedtur i Norwegian

Professoren meiner ein vil få dei same utslaga i selskap som opprettar nye avdelingar i utlandet. Difor meiner han det kan gå mot dårlegare tider for norske Norwegian-tilsette.

Dei har no fått ein base i Thailand, i tillegg har dei fleire avdelingar i Europa.

– Det er heilt openbart at dette vil føre til redusert lønnsnivå. Ein ting er at det er billegare å hyre inn thailandsk mannskap, men dette legg også lønnspress på norske tilsette. At dei har ei utanlandsk avdeling vil påverke kvar einaste lønnsforhandling framover, seier Sørgard.

– Selskapet får i pose og sekk.

Tidlegare i år blei det kjent at tilsette i Norwegian tener meir enn det ein gjer hjå konkurrenten SAS. Samfunnsøkonomen meiner det berre eit tidsspørsmål før dette snur.

Ifølge han vart grunnlaget for eit lågare lønnsnivå i SAS lagt på 2000-talet då dei omstrukturerte selskapet slik at kvart enkelt land fekk ei meir sjølvstendig produksjonseining.

– SAS fekk dermed større mulegheit til å sette fagforeiningane i Norge, Sverige og Danmark opp mot kvarandre. Dei kunne plutseleg truge med å flytte visse operasjonar frå eit land til eit anna, seier Sørgard.

Han meiner det same kan skje i Norwegian.

– Fagforeininga sin iver etter å stille krav vil minke, seier Sørgard.

Vil prioritere andre yrker

Sørgard stiller også spørsmål ved kor mykje ressursar ein skal bruke på oppretthalde lønnsnivået i Norwegian og andre selskap som opplever konkurranse frå utanlandsk arbeidskraft.

– Vi har mangel på arbeidskraft i Noreg. Då må vi vurdere om det er poeng i å oppretthalde arbeidsplassar som er dårleg lønna. Eg meiner vi bør akseptere at det er utanlandske tilsette som ønskjer å jobbe for lågare lønningar, seier Sørgard.

I staden meiner han vi bør konsentrere oss om andre sektorar der det er behov for norsk arbeidskraft, mellom anna i helse- og omsorgsyrka.

– I bygg- og anleggsbransjen og innan hotell- og restaurantbransjen er det nærast godteke at utlendingane har teke over. Eg ser ingen grunn til at det ikkje kan skje i luftfarten også, seier Sørgard.