Ifølgje Artskart vart ein storsalamander registrert i eit gangfelt her i Ullerudbakken i Drøbak i august 2003. Men var det akkurat her han faktisk blei observert? Og var det eigentleg ein salamander? (Foto: Morten Günther)

Salamander sett i gangfelt i Drøbak, ...eller?

Kartet stemmer ikkje alltid med terrenget. Datagrunnlaget ein har for å vurdere tilstanden til ulike artar har i enkelte tilfelle manglar som kan gi eit feil bilete av situasjonen. 

Artikkelen er produsert og finansiert av NIBIO - Les mer

Fact: Click to add text

Salamander

Salamander er amfibium som likar seg i myrlendte, opne skogsområde eller i kulturlandskap med god tilgang på vatn og skjulestader. Dei er rovdyr som et insekt, meitemark og andre småkryp. I Noreg finst artane storsalamander og småsalamander.

Ofte finn vi salamander i beite-, tun- eller vatningsdammar, og skogsdammar. Han treng fuktige habitat med god temperatur og tilgang på skjulestader. Vasskjeldene må vere minst 50 m2 store, utan fisk. Fisken et salamanderyngel.

Ein storsalamander kan bli 10–16 centimeter og leve opptil 18 år.

Observasjonar og kart

Artsdatabanken vart etablert i 2005 som ein nasjonal kunnskapsbank om naturmangfald i Noreg. Ei av oppgåvene til Artsdatabanken er å forsyne samfunnet med oppdatert kunnskap om artar og storleiken på dei. 

Artsobservasjonar og Artskart er to av databasane som gir oversikt over nye observasjonar og samla førekomstar av mellom anna storsalamander.

Artskart fungerer slik at allmenta kan leggje inn data via Artsobservasjonar. Artsdatabanken sikrar ikkje data; dette ansvaret ligg hos dei som registrerer og brukar databasane.

Artsobservasjonar er eit eksempel på citizen science, eller borgarforskning, som er vitskapleg arbeid utført av allmenta, ofte i samarbeid med forskarar og vitskaplege institusjonar

Norsk raudliste for artar er ei oversikt over artar som kan ha ein risiko for å døy ut frå Noreg. Raudlista er utarbeidd av Artsdatabanken i samarbeid med fagekspertar.

Alle dei 3517 observasjonane av storsalamander i Artskart per november 2015 vart analysert i arbeidet bak rapporten Tap av ynglelokaliteter i Norge. Ein fann dette:

  • 2437 kunne knytast til 1092 reelle yngleplassar.
  • 677 kunne knytast til 204 yngleplassar som ikkje lenger finst.
  • 403 observasjonar var det ikkje mogleg å stadfeste, eller dei var dobbeltregistrert og kunne knytast til eksisterande lokalitet.

Artskart basert på observasjonar kan tyde på at her bur det salamander, men ein tur ut i terrenget slår fast det motsette. Ein tidlegare yngleplass kan vere nedbygd eller attrodd. Observasjonen ein trudde var ein salamander, kan ha vore ei firfisle.

Feil kan skje.

– Rettsvernet til salamanderen kan rett og slett vere trua gjennom mangel på korrekte tal, fortel forskar Christian Pedersen ved Norsk institutt for biovitskap (NIBIO).

Saman med forskarar ved Norsk institutt for naturforsking (NINA) har han nyleg levert rapporten Tap av ynglelokalitetar for salamander i Norge

Rapporten tar for seg utviklinga i levevilkåra til storsalamanderen, og kva konsekvensar det har for arten når våtområde og dammar forsvinn. Arbeidet dokumenterer og eit behov for å tenke nytt om kartlegging og vedlikehald av databasar for natur i Noreg. 

Storsalamanderhann. Ofte finn vi salamander i tun- eller vatningsdammar, og skogsdammar. Dei er rovdyr som et insekt, meitemark og andre småkryp. (Foto: Leif Åge Strand)

Feil grunnlag for raudlistevurdering?

Nyleg vart storsalamanderen sin status på raudlista justert frå «trua» til «nær trua» ifølgje Artsdatabanken. Med omsyn til midlar og merksemd frå ansvarlege myndigheiter, kan dette utgjere stor forskjell i korleis arten blir sett på.

– Det får og konsekvensar for handsaming av arten i planprosessar og utgreiingar, seier Pedersen.

– Ein art som er trua, har langt sterkare vern enn om han er nær trua. Om det i tillegg hefter uvisse ved vurderingsgrunnlaget, er det grunn til uro sjølv om Naturmangfaldlova legg vekt på førevar-prinsippet, legg han til.

Av alle dei 3517 observasjonane som vart analyserte for å gi eit reelt bilete av dagens situasjon for storsalamanderen i Noreg, kunne rundt 70 prosent knytast til eigna ynglelokalitetar. Det er område der salamanderen kan leve, formeire seg og overvintre.

– Det oppsiktsvekkande var at nærare 20 prosent av observasjonane var knytt til stader som er ueigna for yngling, seier Christian Pedersen.

– 677 av observasjonane førte oss til 204 område som ikkje lenger kvalifiserer som bustader for storsalamander, fortel han.

Dei var anten fylte igjen eller grodd igjen. Stadene var likt fordelt mellom skog og kulturlandskap. Pedersen fryktar for bestanden når leve- og yngleområde forsvinn.

– Dersom områda som faktisk er igjen, får lågare rettsvern eller forvaltningstiltak sluttar, er det verkeleg fare på ferde, seier han.

I eit bustadområde i Drøbak er det til dømes registrert storsalamander på fem ulike stader innan ein radius på nokre få hundre meter. Tre av desse er moglege yngledammar. Ein observasjon vart gjort midt i eit gangfelt, dei to siste i villahagar for langt frå dammane.

I Frogn kommune er det registrert storsalamander på ei rekkje lokalitetar. Dei to til venstre er i villahagar, til høgre i gangfeltet og dei tre i midten er moglege yngledammar. (Foto: (Skjermdump: Artskart))

– Kanskje er observasjonane korrekte, men dei kan òg ha vorte registrert med feilaktige koordinatar eller forveksla med ei firfisle. Uansett er det dammane det er viktigast å ta vare på, fortel Pedersen.

I Frogn kommune er det registrert storsalamander på ei rekkje stader. Ikkje alle kan knytast til yngledammar.

Må tenkast nytt om kart

Databasane som blir brukte for å vurdere status til storsalamanderen, er tufta på observasjonar. Difor vil ein få eit misvisande bilete om ein ikkje kvalitetssikrar registreringane. Det inneber mellom anna å vurdere dei opp mot leveområde og yngleplassar.

– Artskarta kan gi inntrykk av at det finst fleire salamanderlokalitetar enn det faktisk gjer på grunn av måten vedlikehald av databasen skjer på, seier forskar Børre Dervo i NINA.

Han utdjupar:

– Det ein ser på kartet, stemmer ikkje nødvendigvis med naturen. Gjennomgangen vår viser at det årlege tapet av lokalitetar på landsbasis kan vere så høg som ein prosent per år. I eit hundreårsperspektiv vil da 2/3 av alle storsalamanderlokalitetane vere borte.

Han presiserer at dette ikkje er kritikk av Artsdatabanken, men eit tydeleg signal om at data må analyserast og koplast til andre kjelder før dei kan brukast til å vurdere bestandsutviklinga.

– Gjennom samarbeidet med NIBIO, og koplinga av kunnskapen deira om kulturlandskapet med våre overvakingsdata og observasjonsmaterialet i Artsdatabanken, får vi eit mykje meir solid vurderingsgrunnlag, seier Dervo.

Forskaren meiner at neste gong raudlista skal utarbeidast, bør det gjerast ein tilsvarande gjennomgang av registreringane slik det er gjort i denne rapporten.

Hosalamanderen legg 200–300 egg enkeltvis på vassplantar. Egga blir klekte i vatn der larvene utviklar seg, før dei kryp på land i løpet av september-oktober og går i dvale. (Foto: Leif Åge Strand)

Tilbakegang snudd til framgang

Det har vore tøft å bringe slekta vidare for salamanderen i perioden etter krigen. Over lengre tid har yngleplassar for storsalamander forsvunne som følgje av grøfting, bustadfelt, vegbygging og at kulturlandskap gror igjen.

I tillegg har fiskeutsetting og forsuring av vatn ført til tap av nye salamanderkull. Fisken et salamanderyngel, medan surt vatn fører til at yngelen ikkje får nok oksygen.

– Der det tidlegare var gode yngle- og levevilkår knytt til gardsdammar, førte moderne gardsdrift og færre husdyr til mindre behov for slike vasskjelder, fortel Christian Pedersen.

Dammar gjekk ut av bruk og vart fylte igjen utan at ein tenkte på konsekvensane for plante- og dyrelivet som lever i slike miljø. Brønnlova på 1950-talet, strengare krav til sikring og behov for større samanhengande jordbruksareal forsterka utviklinga.

– På 1990-talet forstod ein alvoret i at gardsdammane var i ferd med å forsvinne ut av kulturlandskapet, og ein fekk etter kvart ordningar der ein kan få støtte til å restaurere gamle dammar eller etablere nye, seier Pedersen.

– I dag ser vi ein svak auke i talet på gardsdammar i enkelte fylke, slik som Hedmark. Det gir eit lite håp for biomangfaldet, seier han.

Storsalamanderhann. Ein storsalamander kan bli 10–16 centimeter og leve opptil 18 år. (Foto: Bjørn Rangbru)

Ny innsikt også for dei ansvarlege

For ti år sidan vedtok regjeringa å utarbeide handlingsplanar for eit utval trua artar i Noreg som eit ledd i bevaring av biologisk mangfald. Storsalamanderen fekk da sin eigen handlingsplan for perioden 2008–2012 av Direktoratet for naturforvaltning som no er ein del av Miljødirektoratet.

Dei omtalar seg sjølve som «vaktbikkja som seier tydeleg ifrå dersom miljøutviklinga ikkje er i samsvar med politiske mål og internasjonale forpliktingar».

No står storsalamanderen utan plan eller vern som «trua» art. Situasjonen er endra i positiv retning, men akkurat i kor stor grad, er altså fagfolka i tvil om. Også for miljøvernmyndigheitene har rapporten om ynglelokalitetar gitt ny innsikt.

– Dersom det viser seg å vere hol i materialet som vi baserer vurderingane våre på, må vi sjå dette på ein ny måte, kommentarar seniorrådgjevar Ingrid Regina Reinkind i Miljødirektoratet.

– Vi er for tida i dialog med Fylkesmannen i Oslo og Akershus om det vidare arbeidet med storsalamander og vil ta desse aspekta med oss, seier ho.

Fylkesmannen i Oslo og Akershus har fått ansvar for å koordinere arbeidet med å ta vare på storsalamander i Noreg.

Referanse:

Børre Dervo mfl: Tap av ynglelokaliteter for storsalamander i Norge. NINA-rapport 1014, april 2016.

Powered by Labrador CMS