Dekan Jørgen Magnus Sejersted er open for at det kan bli aktuelt å ha ei form for elitestudium ved hans fakultet, til dømes ved ei form for såkalla honours-ordning for særleg flinke og motiverte studentar. Både det medisinske og det juridiske fakultetet har i dag forskarlinjer, med innhald tilpassa dei som vurderer å ta doktorgrad. (Foto: Dag Hellesund)
Dekan Jørgen Magnus Sejersted er open for at det kan bli aktuelt å ha ei form for elitestudium ved hans fakultet, til dømes ved ei form for såkalla honours-ordning for særleg flinke og motiverte studentar. Både det medisinske og det juridiske fakultetet har i dag forskarlinjer, med innhald tilpassa dei som vurderer å ta doktorgrad. (Foto: Dag Hellesund)

Universitetet i Bergen vurderer elitestudium på Det humanistiske fakultetet

Leiinga ved Det humanistiske fakultetet ved Universitetet i Bergen har diskutert om dei skal opprette ei form for elitestudium for studentar med høge ambisjonar.

Published

– Det er riktig at vi har diskutert tanken om ei honours degree på fakultetet, men førebels er det berre på idestadiet, fortel dekan Jørgen Magnus Sejersted til På Høyden.

NRK skreiv onsdag at Universitetet i Bergen «vil gjøre som Oslo», og innføre eit elitestudium. Men avgjerda om å la ein del studentar studere på høgare gir er på langt nær tatt, og ideen har til dømes ikkje vore diskutert i styret ved det aktuelle fakultetet.

Svært varierande ambisjonsnivå

Men i humaniorameldinga er det diskutert om ein bør opprette eigne studietilbod til særleg talentfulle og motiverte studentar. Eit av argumenta er at desse gjerne vil studere saman med andre flinke studentar, og at dei meir opne utdanningane på humanistiske fag kan skremme dei vekk.

– Det finst både fordelar og ulemper ved ein slik ide. På Det humanistiske fakultetet har vi ganske opne studium, med studentar med svært forskjellige ambisjonar. Vi har nokre som er veldig ambisiøse, og det er eit spørsmål om studia i dag legg særleg til rette for dei.

– Men er det ikkje slik at dei særleg flinke studentane kan gå ekstra djupt inn i pensum og anna litteratur, og utmerke seg slik?

– Jo, og vi har eit karaktersystem som skil, saman med sjølvstendig oppgåvearbeid, så det er ikkje umuleg i dag. Men om du har studentar med særleg høge karaktersnitt frå vidaregåande, så kan det vere ein fordel at dei studerer saman med andre med same ambisjonsnivå.

30 poeng på tre år

Ved Universitetet i Oslo kan studentar innan humaniora eller naturvitskaplege fag frå hausten 2019 ta eit tverrfagleg bachelorprogram med honours-tillegg. Ekstra emne og honours-prosjekt vil bli eit tillegg på totalt 30 studiepoeng i løpet av eit treårig program. Vanleg studieprogresjon er på 30 studiepoeng per semester, og totalt 180 studiepoeng i løpet av ein bachelorgrad.

På det humanistiske fakultetet i Bergen har dei ennå ikkje diskutert kva fag som kan vere aktuelle dersom ein innfører ein slik grad, om det i det heile tatt blir innført.

Bra med debatt

Listeleiar i Venstrealliansen i studentparlamentet, Anette Arneberg, er negativ til eit elitetilbod.

– Problemet er ikkje at dei flinkaste ikkje blir utfordra nok. Dei flinke studentane blir tatt vare på i aller høgste grad. Skoen trykker for dei studentane som fell frå, seier ho til NRK.

Dekan Sejersted er uansett utfall glad for diskusjonen:

– Vi har ikkje tatt noko avgjerd enno, men vil utgreie det nærare først. Og vi er uansett veldig opptekne av å ta vare på breidda.

Denne saken ble først publisert i På Høyden.