Annonse

- Spiritismen er som skapt for vår tid

Dei døde lever på nettet. Moderne spiritistar arrangerer seansar via Facebook.

Publisert

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Spiritisme dreier seg om formidling av meldingar frå dei døde sine ånder, via eit såkalla medium, til dei levande.

Dette skjer oftast i seansar, der eit medium, oftast ei kvinne, formidlar beskjedar til einskildpersonar eller til eit større publikum.

Saman med trykte medium, tv og film er det sosiale medium som raskast formidlar spiritistiske praksisar og førestellingar.

– No blir det oppretta Facebook-hendingar for såkalla healingseansar, fortel religionsforskar Anne Kalvig ved Universitetet i Stavanger.

– Folk skriv seg opp på veggen for hendinga, og etter seansen skriv mediet kva ho har opplevd av stemningar, healing-energiar og bodskap frå dei døde på den andre sida, fortel forskaren.

Intens kommunikasjon

Spiritisme rettar seg mot eit grunnleggjande håp hjå menneska om å kunna møta sine kjære igjen, æra dei og få forsoning og trøyst.

Kalvig meiner spiritismen er som skapt for vår tid:

– I populærkulturen krinsar ein ofte omkring døden og kontakt med «den andre sida». Spiritismen si søking etter å kommunisera med dei døde høver særleg godt til den intenst kommuniserande tida vi lever i, seier ho.

– Det same gjer det grenseutfordrande og antiautoritære ved spiritismen. Søking etter identitet og autentisitet er typiske trekk både ved tida vi lever i, og ved spiritismen.

Forskaren meiner spiritismen no grip inn på fleire område av livet. Norsk Spiritualistisk Trossamfunn tilbyr til dømes seremoniar i heile landet for alle dei store hendingane i livet, mellom anna spiritualistisk konfirmasjon.

Sprengjer grenser

Kalvig meiner mykje av dagens spiritisme kan definerast som religion og som ein del av nyåndelegheita, dersom ein forstår religion som erfaringar, førestellingar og praksisar som gjeld ei åndeleg røynd.

– Store delar av nyåndelegheita er grenseoverskridande. Grenser mellom vitskap og religion, mellom erfaring og tru og mellom fornuft og fantasi blir utfordra, forklarer Kalvig

– Det spiritistiske verdsbiletet er mangfaldig og fleksibelt. Grensa mellom liv og død er ikkje absolutt eller berre reservert for dei heilage eller innvigde. Overskriding kan jo til og med formidlast via Facebook, seier ho.

Spiritismen utfordrar religiøse og kulturelle grenser som har vore verna av kyrkja på den eine sida og av frykt for sjukdom, aldring og død på den andre.

Dette er så blitt utfordra av folkelege praksisar, der kvinner har fått heilt sentrale roller.

Spiritistiske superstjerner

Gjennom media har ein no fått spiritistiske superstjerner som engelske Lisa Williams og Sylvia Browne.

Arrangementa, bøkene og tv-seriane deira bidrar til å spreia spiritistiske førestellingar og gjere praksisane lett tilgjengelige og, for nokre, svært innbringande.

Kritikarane åtvarar mot spiritisme fordi dei oppfattar konkret kommunikasjon med ånder og døde som umogleg.

Dei er urolege for at sørgjande blir utnytta i ei særs sårbar tid i livet.

Kalvig er mindre kategorisk:

– At død, sorg, sorgarbeid og private minne blir gjenstand for underhaldning og offentleg kommunikasjon, har heilt klart eit potensial for å vera skadeleg for nokre.

- Men vi må likevel ta alvorleg det at mange opplever å finna nettopp trøyst, forsoning og håp ved å oppsøkja spiritistiske tilbod, meiner ho.

Referanse:

Kalvig: Seansar og minnet om dei døde, Kirke og Kultur 02/2012.

Powered by Labrador CMS