UiO-rektor Svein Stølen og byrådsleiar Raymond Johansen (A) skreiv under ein overordna samarbeidsavtale mellom UiO og Oslo kommune. Bak kjem ordførar Marianne Borgen (SV). (Foto: Ola Sæther)

UiO-rektoratet kom med ei utstrekt hand til samfunnet

– Me vil gjerne samarbeida med Oslo kommune, næringslivet og andre aktørar for å gjera Oslo-regionen til kunnskapshovudstaden, lova UiO-rektor Svein Stølen då han tysdag presenterte rektoratet sitt for samfunnstoppar i kunnskaps-Noreg, i næringslivet og i organisasjonslivet.

Artikkelen ble først publisert på Uniforum

Uniforum er en avis som utgis av Universitetet i Oslo. Avisen redigeres etter Redaktørplakaten og Vær Varsom-plakaten.

Svein Stølen fylgde opp oppmodninga ved at han og byrådsleiar Raymond Johansen skreiv under på ein overordna samarbeidsavtale under presentasjonen av rektoratet i Professorboligen i sentrum. Begge viste til kor viktige Universitetet i Oslo og Oslo kommune er for kvarandre.  

– Ein av fire UiO-studentar kjem frå Oslo, og ein av fem kjem frå Akershus. Målet vårt er at me skal rekruttera dei beste studentane frå regionen til UiO, sa Svein Stølen. 

Mange kommunetilsette har utdanning frå UiO

Og Raymond Johansen var ikkje snauare.

– Mellom dei 50 000 tilsette i Oslo kommune er det mange som har tatt utdanninga si ved UiO. Og me håpar og trur at mange av dei som kjem til Universitetet i Oslo som studentar, finn det attraktivt å bu her og gjerne vil slå seg ned i Oslo, sa han. 

– Over halvparten av dei tilsette i Utdanningsetaten har studert ved UiO, peika prorektor Gro Bjørnerud Mo på.  Ho viste til at UiO har studentar i praksis ved over 101 Oslo-skular, og at 13 vidaregåande skular i Oslo og Akershus i dag har status som universitetsskular. 

– Skulen skal gi elevane eit bilete av kva som ventar dei på universitetet, understreka ho.  

UiO-rektor Svein Stølen ynskte å gi samfunnstoppane eit bilete av kva visjonar det nye rektoratet har for UiO og for Oslo-regionen.

– Me vil vera ei gravitasjonskraft og navet i eit stort hjul. Dei 8000 tilsette ved UiO har svært stor kapasitet som kan koma heile samfunnet til nytte. Samtidig har 28 000 studentar valt å studera ved Noregs beste universitet, konstaterte han stolt.  

Vil ikkje ha bustadutbygging på mogleg ledig NRK-tomt

Svein Stølen var også svært oppteken av å få med  Oslo kommune på laget, når det gjeld framtida for Nedre Blindern.

– Når livsvitskapsbygget er ferdig, kjem det til å bli frigjort mange ledige areal både i Kjemibygningen og i Farmasibygningn. Og om NRK flyttar, blir det også ei svær ledig tomt på Marienlyst. Me håpar at me i samarbeid med Oslo kommune, kan passa på at han ikkje blir brukt til utbygging av fleire bustader, men kan brukast til mellom anna eit nærare samarbeid mellom UiO og næringslivet, slo han fast.

Han peika på at UiO også er ein kulturberar: - Naturhistorisk museum har gitt mange elevar i Osloskulen innføring i naturvitskap. Samarbeidet med Hersleb skole gjorde at eleven Akthar fann fire insekt, som aldri er blitt lokaliserte i Noreg tidlegare.I dag brukar me nærare ein halv milliard kroner på å renovera Brøggers hus på Tøyen. Og Kulturhistorisk museum har Vikingskipsmuseet som er Noregs best besøkte museum, trekte han fram.

Rektor Svein Stølen slo også eit slag for kor viktig det er med internasjonalisering.

– Halvparten av dei nytilsette ved nokre fakultet kjem frå utanlandske institusjonar.  No treng medhjelptil å få etablert eit International Staff Mobility Centre. Saman med Oslo kommune skal me opna eit Internasjonalt hus for nytilsette vitskaplege fagpersonar, sa Svein Stølen.  Både han og  viserektor for forsking og internasjonalisering, Åse Gornitzka trekte fram at UiO har 34 masterkurs på engelsk.

– Det er eit viktig tilbod for at internasjonale studentar skal koma hit, peika dei på.

Stølen helsa velkommen planane til Høgskolen i Oslo og Akershus om å få status som universitet. Dessutan såg han korleis forskningsinstitusjonar på Vestlandet hadde etablert eit felles oppdragsforskingsselskap.

UiO-rektor Svein Stølen presenterte rektorteamet sitt og visjonane dei har for Universitetet i Oslo og kunnskapshovudstaden Oslo. Forsamlinga var sett saman av samfunnstoppar frå forsking, næringslivet og organisasjonslivet. (Foto: Ola Sæther)

 – Oslo er den største kunnskapsklynga. Me har store planar for heile Oslo-regionen. Me signaliserer eit taktskifte, sjølv om me også i dag har eit utstrekt samarbeid med andre institusjonar, sa Stølen. Han tok også opp hansken frå Næringslivets hovudorganisasjon.

– Ja, eg er einig i at studentar må få arbeidspraksis så tidleg som mogleg. 

Viserektor Per Morten Sandset har ansvaret for forsking og innovasjon. Han viste til kor viktig samarbeidet mellom UiO og Oslo universitetssykehus er.

– Saman vil me utvikla Oslo til Oslo Life Science CIty, lova han. Dessutan drog han fram Forskingsparken og Inven2 som gode tiltak for innovasjon og nyskaping ved UiO.

Starta 285 bedrifter

– Startup-labben i Forskingsparken har stått bak oppstartinga av 285 teknologibedrifter sidan den starta opp, konstaterte han.

Rektor ved Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU), Mari Sundli Tveit bad rektoratet ved UiO også å ha med forskingsmiljøet på Ås i ein akse for livsvitskap.

– Hos oss er byggjearbeida godt i gang allereie. Me har også tidlegare inngått avtalar med UiO, men no vil me gjerne vita når det skal skje og kva avtalar me skal skriva under. De seier mykje rett, sa Sundli Tveit.

Også Tanja Storsul, direktør ved Institutt for samfunnsforsking tok tak i eit problem ho hadde sett både då ho var vitskapleg tilsett ved UiO og som leiar for eit forskingsinstitutt.  

– Erfaringa til forskarane er at det er enkelt å inngå samarbeid med enkeltforskarar, men langt vanskelegare å få til eit overordna samarbeid med institusjonen, sa Storsul.

Byrådsleiar Raymond Johansen lova å laga infrastrukturen som må til for at Oslo skal halda fram med å vera kunnskapshovudstaden. 

– Me vil leggja til rette for eit næringsliv basert på forsking. For hugs at dei fleste jobbane me skal leva av i framtida, dei er framleis ikkje skapte, minte han heile forsamlinga om. 

Denne saken ble først publisert hos Uniforum.

Powered by Labrador CMS