– Det er svært viktig at heile verda får vita om kor viktig akademisk fridom er og at den bodskapen blir spreidd ut til både akademikarar og andre i alle land, synest forskarane Abdo Al-Bahesh frå Syria (biletet) og "Ali" frå Syria. Marit Egner er institusjonskoordinator for Scholars at Risk som saman med UiO står bak nettkurset om akademisk fridom. (Foto: Ola Sæther)

No kan heile verda få opplæring i akademisk fridom på UiO-kurs

Alle som er interesserte i akademisk fridom  kan no få opplæring i kva det handlar om. Det er klart etter at Scholars at Risk og Universitetet i Oslo saman har laga eit nettkurs om temaet. – Heilt naudsynt, seier forfylgde akademikarar.

Artikkelen ble først publisert på Uniforum

Uniforum er en avis som utgis av Universitetet i Oslo. Avisen redigeres etter Redaktørplakaten og Vær Varsom-plakaten.

Fakta om Scholars at Risk

Scholars at Risk Network blei etablert ved Chicago University i 1999

Nettverket arbeider for å verna forfylgde akademikarar over heile verda.

Har handsama over 2000 meldingar frå forskarar i fare sidan 2001.

Tar imot mellom 50 og 60 forskarar ved medlemsinstitusjonane kvart år.

Har medlemar frå meir enn 350 universitet i 36 land.

I Noreg er 19 institusjonar med i nettverket og det finst også ei eiga avdeling av nettverket.

Noreg tok imot fire forskarar i 2013-14 og vil ta imot fem eller seks i 2015-16.

I 2012 fekk grunnleggjaren av Scholars at Risk, Robert Quinn UiOs menneskerettspris.

Juni 2015: Scholars at Risk legg fram rapporten "Free to Think" som dokumenterer 333 åtak på høgare utdanningsinstitusjonar frå 2011 til 2015.

2016: Scholars at Risk ved UiO blei tildelt ei mellombels ekstraløyving på 3 mill. kroner for 2016, 2017 og 2018. Også føreslått vidareført i 2019.

UiO har dei siste åra gitt vern til fire forfylgde forskarar gjennom Scholars at Risk.

Oktober 2017: Årsrapporten "Free to Think" dokumenterer  257 åtak på universitet og andre høgare utdanningsinstitusjonar i 35 land frå 1. september 2016 til 31. august 2017.

(Kjelder: Uniforum og Scholars at Risk)

500 personar i 50 land har allereie meldt seg på MOOC-kurset Dangerous Questions: Why Academic Freedom Matters opplyser Marit Egner som er seniorrådgjevar og institusjonskoordinator for nettverket Scholars at Risk ved Universitetet i Oslo.

I dag har Universitetet i Oslo fire forfylgde akademikarar under vern. To av dei er forskarane  Abdo Al-Bahesh  frå  Jemen og «Ali» frå Syria. Landa deira held på å falla saman av to borgarkrigar som aldri ser ut til å ta slutt. Dei synest begge det er viktig med eit kurs i akademisk fridom:

– Det er heilt naudsynt. Me veit godt kva det er ikkje å ha akademisk fridom, konstaterer dei. 

– I landet mitt måtte ein lærar dra i eksil etter å ha skrive på Facebook at han var imot drapa som folk frå Assads regime stod bak, fortel «Ali» frå Syria. 

– Kjempar for dei akademiske prinsippa

For han sjølv var det nok å gå imot tilsetjing av ein ukvalifisert, men Assad-tru person i  ei vitskapleg stilling, for å mista jobben ved eit universitet i Damaskus.

– Eg kjempar for dei akademiske prinsippa, og mot alle former for korrupsjon, slår han fast. No fryktar han kva som skjer med familien hans, som bur ein annan stad i landet. 

– Eg gret meg i søvn nesten kvar kveld fordi eg tenkjer på dei, seier han. 

– Professorkollegar er drepne

Og situasjonen for akademikarar i Jemen er også svært vanskeleg. – Fleire av mine professorkollegaer er blitt drepne eller har måtta flykta frå landet, fortel  Abdo Al-Bahesh  som har vore under vern på Universitetet i Oslo i eitt og eit halvt år. «Ali» frå Syria har snart vore her i ti månader.    

Abdo Al-Bahesh var ein profilert forskar forfattar som ofte var i media og kritiserte det diktatoriske styret til tidlegare president Ali Abdullah Saleh i Jemen.

– Eg var ein sterk motstandar av regimet hans, og kjempa hardt mot det med fredelege metodar. Han hadde styrt landet mitt i 33 år. Saleh blei vald til president, men utvikla seg etter kvart til å bli ein slags konge eller diktator. Han sette grunnlova i Jemen til side, og overtok heile kontrollen med landet sjølv.

– Dessutan er det mange radikale islamske grupper i Jemen. Dei har dukka opp dei siste åra, og deira leiarar er også svært diktatoriske av seg og tillét ikkje folk noka slags form for menneskerettar eller akademisk fridom. Alt dette er synd under islamsk lov, ifylgje leiarane for desse gruppene, fortel Al-Bahesh.

Til slutt følte han seg ikkje lenger trygg og ved hjelp av Scholars at Risk kom han først til Ungarn, før han  hamna i Noreg som akademikar under vern på UiO. No er han gjesteforskar ved Norsk senter for menneskerettar.

– Eg er sjølvsagt glad for det. No får eg den roa og freden eg treng for å kunna skriva vitskaplege og politiske artiklar, fortel han.

Hjerneflukt frå Syria og Jemen

Begge fortel om masseflukt av akademikarar frå heimlanda sine.

– 45 prosent av alle akademikarar i Syria har forlate landet, trur «Ali». Og i Jemen ligg ikkje talet langt bak.

– I alle fall 40 prosent av dei universitetstilsette har drege i eksil, reknar Al-Bahesh med. Og om nokre av dei vender tilbake, vil dei oppleva nye problem i Syria.

– Då vil styresmaktene ha overtatt huset ditt og gitt det til medlemar av Hizbollah eller den iranske revolusjonsgarden, konstaterer han. 

– Og situasjonen for akademikarar som bur i dei få områda som IS framleis kontrollerer har det endå verre. Ein arkeolog blei krossfesta berre fordi han arbeidde for den syriske regjeringa,  fortel han. 

I Jemen er det like ille.

– Både Houti-militsen og Det islamske brorskapet tar livet av akademikarar som talar imot dei,  fortel Abdullah.   Dei uttrykkjer stor glede over at dei no kan føla seg trygge i Noreg.

– Me er svært takksame for det, seier dei.

Gir skryt til nettkurs i akademisk fridom

Både «Ali» og  Abdo Al-Bahesh synest det er flott at Scholars at  Risk i Noreg har klart å sy saman eit nettkurs om akademisk fridom.

– Det er svært viktig at heile verda får vita om kor viktig akademisk fridom er og at den bodskapen blir spreidd ut til både akademikarar og andre i alle land.

– Og kva synest de om ytringsfridomen i Noreg?

– Den er betre enn i noko anna land. Alle kan uttrykkja meiningane sine utan at det får store konsekvensar for dei.  Og det er viktig at akademikarar brukar den akademiske fridomen sin, tykkjer dei. 

Marit Egner prøver å bremsa dei litt, og minner om at statsråd for forsking og høgare utdanning Iselin Nybø i ein videokommentar i MOOC-kurset også kjem inn på at det er ting som kan vera vanskelege å ta opp i akademia i Noreg også.

– Der seier ho: «Det er ingen spørsmål som er farlege å stilla for norske forskarar, men me har kontroversielle og omstridde tema i Noreg også.» På nettet får ho spørsmål frå ein av deltakarane om det verkeleg er sånn at det ikkje er nokon spørsmål som er farlege å stilla for forskarar og akademikarar i Noreg. Det trur eg ikkje på, skriv innsendaren. Så langt har ikkje Iselin Nybø fått høve til å svara på det spørsmålet, fortel Marit Egner.

– Ikkje berre nyttig for akademikarar

Nettkurset i akademisk fridom er blitt til i samarbeid med LINK, (Senter for læring og utdanning ved UiO). Det er blitt utvikla av Scholars at Risk og UiO som ein del av Erasmus + prosjektet Academic Refuge.

– Me oppfordrar ikkje berre universitetslærarar, forskarar og studentar til å ta kurset, men også byråkratar og tilsette i frivillige organisasjonar. For me er visse på at alle vil ha nytte av å læra kva akademisk fridom inneber, seier Marit Egner. 

Og  Abdo Al-Bahesh frå Jemen og «Ali» frå Syria har eit felles ynske.

– Draumen vår er å få venda tilbake til heimlanda våre Men det vil me ikkje før det er blitt fred og det er blitt trygt å arbeida som akademikar der.

Denne saken ble først publisert i Uniforum.

Powered by Labrador CMS