I det nye vedtaket frå bystyret er det ikkje lenger noko krav at staten ved Statsbygg skal finansiera sykkel- og gangveg frå Bygdøylokket og fram til Vikingtidsmuseet. (Foto: Terje Pedersen, NTB scanpix)

Eit steg nærare byggjestart for Vikingtidsmuseet på Bygdøy

Oslo kommune har no rydda vekk alle hinder for  at bygginga av Vikingtidsmuseet på Bygdøy kan ta til.

Bystyret vedtok nyleg reguleringsplanen for området. Dermed kan Statsbygg halda fram med tidsplanen for det framtidige Vikingtidsmuseet på Bygdøy. Oslo bystyre har med heimel i plan- og bygningslovas § 12-12 vedtatt detaljregulering med konsekvensutgreiing og reguleringsføreskrifter for Huk aveny 35, Vikingtidsmuseet, Bygdøy.

Det skal regulerast til institusjon, i dette tilfellet museum. I tillegg blir ein del av området også regulert til bustader. Det blir også pålagt bygging av kjøreveg, fortau, sykkelveg, annan veggrunn og grøntareal.

Samtidig ber Oslo bystyre byrådet om å koma tilbake med ein heilskapleg plan for gang og sykkel på Bygdøy. Planen skal sjå på løysingar for trafikkavvikling for gang og sykkel og sjå på behovet for ny infrastruktur, heiter det i vedtaket frå møtet i bystyret den 23. mai.

Krev ikkje statleg finansiering av sykkelveg frå Bygdøylokket

I vedtaket frå bystyret er det ikkje lenger noko krav at staten ved Statsbygg skal finansiera sykkel- og gangveg frå Bygdøylokket og fram til Vikingtidsmuseet. Då kravet først blei kjent gjennom Uniforum i januar i år, truga det med å velta Statsbyggs tidsplan for bygging av Vikingtidsmuseet. Byråd for byutvikling Hanna E. Marcussen (MDG) stadfestar at det ikkje lenger er noko krav.

– Statsbygg skal som del av prosjektet bidra til å finansiera sykkelveg frå Folkemuseet til det nye Vikingtidsmuseet. Strekninga frå Bygdøylokket til Folkemuseet skal greiast ut av kommunen, så løysinga her er ikkje bestemt enno, og det strekket er ikkje ein del av bystyrets vedtak i saka, slår Hanna E. Marcussen fast.

    • Les også i Uniforum: Krav om sykkelveg kan utsetja bygging av Vikingtidsmuseum

    • Les også i Uniforum: - Ansvarsfråskriving av Oslo kommune å krevja at UiO betalar for sykkelsti

20 parkeringsplassar for privatbilar, 175 for syklar  

Mange av  høyringsinstansane har vore kritiske til det låge talet på parkeringsplassar for privatbilar som Oslo kommune har føreslått. Så langt ser det ut som om det blir parkeringsplass til 20 privatbilar, fem av dei skal vera for funksjonshemma, 175 for syklar, av dei 39 for bysyklar og 17 oppstillingsplassar for bussar på parkeringsplassen. Dessutan skal det vera tre plassar for driftsbilar som skal levera eller henta ting ved museet sitt varemottak. Dessutan får syklande tilsette 10 sykkelparkeringsplassar like ved personalinngangen til museet.

Bystyret ber no byrådet om å oppfordra Norsk Folkemuseum og Vikingtidsmuseet til eit tettare samarbeid om parkeringsløysingar for slik å redusera trafikken i området. Dei to musea må også få beskjed frå byrådet om at dei må finna løysingar for felles besøk frå turistar. Langviksveien går forbi Norsk Folkemuseum og vidare bort til Huk aveny. Denne vegen meiner bystyret må sjåast i samanheng med framtidige planar for gang og sykkel på Bygdøy.

I samband med detaljreguleringa skal det takast omsyn til plassen i større grad og moglege tilpassingar til ei heilskapleg løysing for Bygdøy skal også gjerast, går det fram av vedtaket i Oslo bystyre

– Bra for byen og Bygdøy

Byråd for byutvikling Hanna E. Marcussen (MDG) stadfestar overfor Uniforum at vedtaket no gjer at utbygginga av Vikingtidsmuseet kan ta til etter planen.

– Bystyret har vedtatt planen, så no er det berre for Statsbygg og universitetet å ta prosjektet vidare. Eg forstår det slik at neste skritt no er å løyva midlar på statsbudsjettet til hausten.

Ho er svært glad for vedtaket.

– Eg er veldig nøgd. Byrådet er opptatt av å få på plass eit nytt vikingtidsmuseum, og dette vil bli bra for byen og Bygdøy, synest Hanna. E. Marcussen. Byråden er ikkje einig i at Oslopolitikarane brukte lang tid på å koma fram til ei avgjerd i denne saka.

– Det tok slett ikkje lang tid etter at saka kom til oss på rådhuset. Me har behandla saka i ekspressfart, og me er glade for at me har fått eit vedtak i hamn som held  tidsplanen til Statsbygg.

– Skal sikra gode og trygge trafikkforhold

Byråd Hanna E. Marcussen fryktar heller ikkje store trafikkproblem når Vikingtidsmuseet opnar rundt 2025.

– Det er framleis mange år til 2025. Då har bilbruken i Oslo truleg gått ned samanlikna med i dag og kollektivsystemet vil vera endå betre enn no, samtidig som me har betre løysingar for gang og sykkel på Bygdøy. Me skal sikra gode og trygge trafikkforhold omkring museet, slik at besøkande kan reisa dit trygt og på ein miljøvennleg måte, lovar Hanne E. Marcussen. 

– Kan bli framdrift i utbygginga

Ein annan som er svært tilfreds med avgjerda til Oslo bystyre, er direktør Håkon Glørstad på Kulturhistorisk museum ved UiO.

– Eg er godt nøgd med dette vedtaket og at det blei klart no for då kan det bli framdrift i utbygginga, understrekar han.  For Håkon Glørstad er også innhaldet i vedtaket viktig.

– Ja, det er bra at me til slutt fekk gjennomslag for eit tal på parkeringsplassar for privatbilar som gjer at folk ikkje vil ty til ulovleg parkering utanfor museumsområdet.  Han trekkjer også fram andre delar av den vedtekne detaljreguleringa. 

– Både kultur- og bumiljøet er blitt tatt vare på på ein fin måte  i reguleringsplanen, synest han.

  • Les også i Uniforum: Ingen pengar til sikringsprosjektet til Vikingtidsmuseet

   • Les også i Uniforum: - Kongeparet viste stor interesse for det planlagde Vikingtidsmuseet

   • Les også i Uniforum:  Frå vikingskipshus til vikingtidsmuseum

– Tydeleg grense mellom statleg og kommunalt ansvar

Museumsdirektøren er også glad for at det ikkje lenger er noko krav frå Oslo kommune om at staten ved Statsbygg skal finansiera heile gang- og sykkelvegen frå Bygdøylokket til dagens Vikingskipshus.

– Det ville ha ført til at Vikingtidsmuseet hadde fått større pålegg om rekkjefylgjekrav enn det byggjeprosjekta i til dømes Bjørvika har fått. Prinsipielt synest eg også at det er fint at det vert sett ei tydeleg grense mellom kva som er statens ansvar å løyse i byggjeprosjekt og kva som reint faktisk er fornying av kommunal infrastruktur og dermed eit kommunalt ansvar, seier Håkon Glørstad. 

Powered by Labrador CMS