
Universitetet i Oslo på tredjeplass i Norden på nett
Københavns Universitet er det mest synlege universitetet på nett i Norden. Det blir tett fylgd av Universitetet i Helsinki og Universitetet i Oslo. Det viser den siste rangeringa frå Webometrics.
UiO-Rektor Svein Stølen er godt nøgd med Universitetet i Oslos plassering.
– Det er alltid hyggeleg når UiO gjer det bra på rangeringar, men me må alltid ta atterhald om metodeavgrensingar. UiO har hatt både 1. og 2. plassen på denne rangeringa dei siste åra og det viser at me klarer oss godt i samanlikninga med andre universitet i Norden, synest Svein Stølen.
Københavns Universitet best i Norden
I Norden er det altså Købehavns Universitet som gjer det best, men på verdsrangeringa held det berre til 79.-plassen. Der kjem altså Universitetet i Helsinki på 83.-plass medan Universitetet i Oslo inntar 84.-plassen. UiO går dermed opp 12 plassar på verdsrangeringa samanlikna med målinga frå juli i fjor.
Svein Stølen skryt også av nettsidene til UiO.
– Uavhengig av desse rangeringane veit me at UiO har gode nettsider og at det i det daglege vert jobba svært godt med utviklinga av desse. Nettsidene våre er viktige for studentar og tilsette som løyser mange av dei daglege oppgåvene sine gjennom tenester i nettsidene, og som kanal for å formidla forsking frå UiO, seier Svein Stølen.
Aarhus Universitet er nummer 96 og blir med det nummer fire i Norden. Det beste svenske universitetet på denne rangeringa er Lunds universitet, som endar som nummer 100.
- Les meir i Uniforum: UiO er mellom Nordens beste universitet på nett
Harvard på topp i verda
Ikkje heilt uventa er det Harvard University i USA som toppar verdsrangeringa.
- Les også denne saken på Uniforum: UiO stuper på ny universitetsrangering
Det tar førsteplassen med seks andre amerikanske universitet som perler på ei snor, mellom dei Stanford, Massachusetts Institute of Technology (MiT) og Berkeley-universitetet.
Oxford best i Europa
Det beste universitetet utanfor USA er University of Oxford på sjuandeplass. Naturlegvis er det også med den plasseringa på topp i Europa. På andreplass kjem nabouniversitetet, University of Cambridge, medan University College London kjem på bronseplass i Europa.
Det beste universitetet utanfor den engelskspråklege verda er ETH /Swiss Federal Institute of Technology i Zürich, Sveits, som er på fjerdeplass i Europa og på 27.-plass i verda.
- Les også denne saken i Uniforum: 27 eliteuniversitet forskar samla meir enn fleire store industrinasjonar
Det beste universitetet i Asia på denne rangeringa er Tsinghua University frå Kina. Det er nummer 45 av verdas mest synlege universitet på nett, viser rangeringa frå Webometrics, som er eit byrå tett knytt til Spanias forskingsråd.
Mellom dei 16 beste i Europa
I Europa blir Københavns Universitet,Universitetet i Helsinki og Universitetet i Oslo høvesvis nummer 13, 15 og 16. På denne rangeringa finn me først Karolinska Institutet på 42. plass i Europa. Det er dermed eit stykke bak det beste svenske universitetet, Lunds universitet som er nummer 21 i Europa-ligaen.
Mellom andre norske universitet dukkar Universitetet i Bergen opp som nummer 67 i Europa og nummer 203 i verda. NTNU er nummer 72 i Europa og 211 i verda. Universitetet i Tromsø er nummer 199 i Europa og 491 på verdsrangeringa.
Denne artikkelen ble først publisert på Uniforum.