Dekan Jan Erik Askildsen er samfunnsøkonom. Instituttet har ikkje hatt ei einaste underkjent doktorgrad dei siste åra, men det hender at kandidatar vert skrive ut av doktorgradsprogrammet før dei kjem så langt som til eit ferdig doktorgradsarbeid. (Foto: Hilde Kristin Strand)
På dette instituttet får alle godkjent doktoravhandlinga
Institutt for økonomi ved Universitetet i Bergen har ikkje hatt ei einaste underkjent doktorgrad dei siste åra.
Doktorgrader ved UiB i tal
Det medisinske fakultetet:
2015: 94 ph.d. levert, 2 dr. philos levert. 3 underkjent
2016: 90 ph.d. levert. 2 underkjent.
2017: 82 ph.d. levert, 1 dr.philos levert. 2 underkjent.
Det humanistiske fakultetet:
2015: 19 ph.d. levert, 2 dr.philos levert. 2 underkjent.
2016: 22 ph.d. levert, 3 dr. philos levert. 3 underkjenningar
2017: 18 ph.d. levert, 1 dr. philos levert. 3 underkjent første gong, 1 underkjent andre gong.
Det samfunnsvitskapelege fakultetet:
2015: 22 ph.d. levert, 1 dr.philos levert. 3 underkjent.
2016: 24 ph.d. levert. 5 underkjent.
2017: 27 ph.d. levert. 2 underkjent (men alle avhandlingar som vart levert i 2017 er endå ikkje vurdert av fakultetsstyret)
Det matematisk-naturvitskapelege fakultetet:
2015: 80 ph.d. levert, 5 underkjent
2016: 59 ph.d. levert
2017: 77 ph.d. levert, 5 underkjent
Det psykologiske fakultetet:
2015: 13 ph.d. levert. 1 underkjent
2016: 25 ph.d. levert, 1 dr.philos levert. 1 underkjent første gong, 1 dr.philos underkjent andre gong
2017: 23 ph.d. levert. 1 dr. philos levert. 1 dr.philos underkjent
Det juridiske fakultetet:
2015: 4 ph.d. levert, 1 dr.philos levert
2016: 6 ph.d. levert. 2 underkjent.
2017: 4 ph.d. levert, 1 dr.philos levert
I samarbeid med På Høyden
Artikkelen er utgitt av Universitetet i Bergens uavhengige avis, På Høyden.
Sett i forhold til talet på leverte avhandlingar, ligg Det samfunnsvitskapelege fakultetet høgt oppe på lista over dei med flest underkjente doktorgrader etter førstegongs levering. På Høyden skreiv om underkjente doktorgrader første gong i 2015. Tal frå 2013 og 2014 viste at nær 20 prosent av gradene ved SV ikkje vart godkjente. Tala er litt betre for åra etter, men framleis er prosentdelen høg. Dette viser tal redaksjonen har henta inn frå alle fakultet ved UiB.
– Etter at det var fokus på underkjenningar for nokre år tilbake sette fakultetet ned eit utval som skulle sjå på kva me kunne gjera, eg var sjølv med der, seier Askildsen.
I 2016 vedtok fakultetsstyret utfyllande reglar for ph.d.-utdanninga ved fakultetet. Der heiter det mellom anna at alle stipendiatar skal ha eit forskingsfellesskap rundt seg, og hovudrettleiar har ansvar for å inkludera stipendiaten i forskingsmiljøet.
Med stort sannsyn skal ein koma gjennom
Tal frå fakultetet viser at det er skilnad på underkjente doktorgrader frå institutt til institutt. Askildsen er sjølv professor i samfunnsøkonomi. Instituttet har ikkje hatt ei einaste underkjent doktorgrad dei siste åra. Institutt for administrasjons- og organisasjonsvitskap har hatt flest, og blant dei andre institutta er det ganske jamnt.
– Skal alle koma seg gjennom doktorgradsløpet?
– Me likar ikkje at nokon stryk på lågare grad heller. Men det kan likevel skje. Når det gjeld ph.d.-løpet så peikar både tida ein har til rådvelde og intensiteten i rettleiinga, samt det faktum at ein tek opp kandidatar som ein tenkjer har dei kvalitetane som skal til for å koma seg gjennom, i retning av at ein med stort sannsyn skal få godkjent, seier Askildsen.
Fleire eksterne får underkjent
Han seier at det er ei gruppe ein ser har større sjanse for å få underkjent avhandlinga si enn andre: Kandidatar som berre er knytt til UiB gjennom ph.d.-programmet, men som elles er tilsett ved ein annan institusjon.
– Me legg stor vekt på å integrera stipendiatane. Men dei som høyrer heime ved ein annan institusjon vil naturleg nok vera ved UiB kanskje berre i kortare periodar, seier Askildsen.
Som økonomiprofessor har han ikkje vore med på å underkjenna ei einaste grad i samfunnsøkonomi i Noreg. Han seier at på hans heimeinstitutt er det kultur for at fleire enn den som formelt er rettleiar kjem med råd til stipendiatane.
– Når ein er ein del av miljøet vert terskelen for å koma innom kontoret og diskutera eit forskingsspørsmål lågare. Samstundes opplever eg at det er ganske vanleg at me som er professorarar sender stipendiaten over til kollegaen på den andre sida av gangen dersom det dukkar opp problemstillingar me veit at andre kan meir om enn oss sjølve.
– Kva gjer fakultetet for dei som har fått underkjent?
– Det varierer nok frå institutt til institutt. Me ser at det er fleire som ikkje har levert på nytt to år etter at avhandlinga vart underkjent første gong. Ein har mellom anna ikkje stipendiatløn lenger, så for mange kan dette verta ein tøffare situasjon, sieer Askildsen.
Meiner førstegangsunderkjenning er vanleg
Det humanistiske fakultetet har færre underkjenningar no enn for nokre år sidan.
– Skal alle koma gjennom?
– Ønskjet er at alle skal koma gjennom. Samstundes kan det verka som om førstegangsunderkjenning er ganske vanleg, mellom anna ser eg det i mitt eige miljø, seier HF-dekan Jørgen Sejersted. Han er professor i nordisk litteratur.
– Kvifor får ein desse underkjenningane?
– I nokre tilfelle kan det skuldast eit press i forhold til tid. Andre gonger kan det skuldast at det ikkje er heilt klårt kva som vert krevd for å få godkjent. Det er ikkje alltid semje blant vitskapelege tilsette om dette, seier Sejersted.
For spørsmålet er kva som er godt nok for å få godkjent ei doktorgrad. Det er ei utfordring å etablera ein klar, felles norm, meiner Sejersted.
I ph.d.-forskrifta heiter det at «avhandlingen skal være et selvstendig vitenskapelig arbeid av internasjonal standard og på et høyt faglig nivå når det gjelder problemformuleringer, begrepsmessig presisering, metodisk, teoretisk og empirisk grunnlag, dokumentasjon og framstillingsform. Avhandlingen skal kunne bidra til å utvikle ny faglig kunnskap og ha et faglig nivå som tilsier at den vil kunne publiseres som en del av fagets vitenskapelige litteratur».
– Ein kan ikkje forventa nye metodar. Men ein skal levera eit originalt arbeid med kvalifisert bruk av eksisterande metode, på eit nytt problem, seier Askildsen.
– Ein skal koma med ny viten. I tillegg skal ein visa at ein har god oversikt over forskingsfeltet, seier Sejersted.
Denne saken ble først publisert i På Høyden.