No heiter ikkje HiOA HiOA lenger. No heiter det OsloMet Storbyuniversitetet. Det vedtok høgskulestyret, med styreleiar Trine Syvertsen i brodden for kort tid sidan. Til venstre ein glad rektor Curt Rice. (Foto: Ola Sæther)

Og namnet blir OsloMet - Storbyuniversitetet

Høgskolen i Oslo og Akershus vil skifta namn til OsloMet - Storbyuniversitetet. Det vedtok styret for høgskolen i dag med seks mot fem stemmer.

Artikkelen ble først publisert på Uniforum

Uniforum er en avis som utgis av Universitetet i Oslo. Avisen redigeres etter Redaktørplakaten og Vær Varsom-plakaten.

I løpet av debatten kom det ikkje opp andre radikale forslag enn innstillinga frå rektor Curt Rice ved Høgskolen i Oslo og Akershus. Framlegget var OsloMet –Storbyuniversitetet (bokmål og nynorsk) og OsloMet - Oslo Metropolitan University (engelsk).

Seks mot fem stemmer

Til slutt stod det mellom mindre variantar av det opphavlege framlegget frå rektor Curt Rice, der det var snakk om å ha med OsloMet i større eller mindre grad. Å døma utifrå debatten var det mange som ikkje likte namnet, sjølv om dei ikkje kunne leggja fram forslag som ville få meir støtte. 

Derfor var styret delt under avrøystinga, og fem stemte imot, medan seks stemte for forslaget frå rektor Curt Rice og administrasjonen. Dermed vil namnet Høgskolen i Oslo og Akershus (HiOA) truleg bli gravlagt og bli erstatta av OsloMet - Storbyuniversitetet. 

– Må innehalda universitet

Før diskusjonen starta stilte Curt Rice også  eit ultimatum: – Namnet må innehalda universitet, understreka han. Og det ynsket fekk han oppfylt med namnet OsloMet - Storbyuniversitetet, og på engelsk altså OsloMet - Oslo Metropolitan University. Kongen i statsråd tar den endelege formelle avgjerda når det gjeld namnet på institusjonen. 

Nye studentar kan starta på universitet i 2018

No kan det vedtatte namneforslaget frå styret for Høgskolen i Oslo og Akershus fylgja med søknaden om akkreditering som blir sendt til Kunnskapsdepartementet.

Det er  altså Kongen i statsråd som dereretter avgjer om Høgskolen i Oslo og Akershus får endra institusjonskategori til universitet og kva namn universitetet vil ha. Først då vil HiOA få godkjenning til å ta bruk namnet som blei vedtatt av styret i dag, altså OsloMet - Storbyuniversitetet på bokmål og nynorsk og OsloMet -Oslo Metropolitan University på engelsk.

Om det går så fort som leiinga ved HIOA håpar, kan det nye namnet vera endeleg på plass til dei nye studentane begynner hausten 2018. 

Denne saken ble først publisert på Uniforum.

Powered by Labrador CMS