UiO har fått 49 ERC-stipend sidan ordninga kom i gang.Dermed kjem UiO på sjetteplass i Norden på det området. (Foto: Ola Sæther)

Tilstandsrapporten 2019:
Rekordmange kvinner i vitskaplege stillingar

Medan det var 21 prosent i 2004, var det i 2018 oppe i 31 prosent. Det går fram av tilstandsrapporten for høgare utdanning.

I 2018 var det registrert til saman 278 334 studentar i Noreg. 259 653 av dei høyrde til institusjonar som er finansierte over Kunnskapsdepartementets budsjett. I 2018 utgjorde studentar med innvandrarbakgrunn 11 prosent av alle studentane i høgare utdanning . Det var ein auke frå året før.

Dette viser tilstandsrapporten for høgare utdanning for 2019 som for første gong brukar tal frå Statistisk sentralbyrå for å få det nøyaktige talet på kor mange studentar det er i norsk utdanning. Rapporten vart lansert onsdag på ein lanseringskonferanse på Kulturhuset i Oslo. Den er blitt laga av Direktoratet for internasjonalisering og kvalitetsutvikling i høgare utdanning - Diku.

Tre fagområde har hatt vekst

Tilstandsrapporten viser at det er tre fagområde som har hatt vekst det siste tiåret. Dei er økonomiske og administrative fag, naturvitskaplege og tekniske fag, lærarutdanningar og utdanningar i pedagogikk. Talet på bachelorstudentar som fullfører på normert tid ligg heilt uendra på 48 prosent for 2018. Til saman blei 47 000 personar uteksaminerte frå norske utdanningsinstitusjonar i fjor. Det var ein auke på 900 samanlikna med året før. Studiebarometeret har tidlegare vist at norske studentar er jamt over tilfredse med studiekvaliteten.

Mange norske studentar studerer i utlandet

Sjølv om talet på studentar i Noreg er høgt, er det mange norske ungdommar som studerer i utlandet. Frå Noreg kjem det mange gradstudentar som tar ei heil utdanning i utlandet.

Av 45 OECD-land er det berre Luxembourg, Slovakia, Island og Estland som har ein større del av studentane sine i utlandet. I 2018 reiste 7000 norske studentar på utveksling til utanlandske universtet. Tilstandsrapporten kjem frå no av også til å telja kor mange utanlandske studentar som har kome til Noreg for å ta ei heil utdanning.

Rekordmange tar doktorgrad

Det har aldri blitt tatt så mange doktorgradar i Noreg som i 2018. Rekordtalet er på 1564. Rundt 42 prosent av doktorgradane, 658 er det utanlandske statsborgarar som tar.

Talet på publiseringspoeng ved dei statslege institusjonane har gått opp, viser rapporten. Norske forskingsinstitusjonar fekk i fjor forskingsmidlar tilsvarande 531 millionar kroner frå EU-prosjekt. Det er ein auke på åtte prosent samanlikna med 2017.

Det ser også ut til at Noreg kan nå målet om ein returdel på 2 prosent i Horisont 2020. I mars 2019 ligg returdelen for norsk deltaking på 2,22 prosent. Til saman 95 forskarar knytte til norske UH-institusjonar fått finansiering frå Det europeiske forskingsrådet ERC sidan det starta opp i 2007.

Mellom dei nordiske institusjonane som har fått slike stipend, ligg UiO på ein sjetteplass og har tatt imot i alt 49 stipend.

Ni av 20 institusjonar har tilsett rektor

Tilstandsrapporten syner også at ni av 21 institusjonar har tilsett rektor og ekstern styreleiar. Statstilskottet til norske universitet og høgskular låg i 2018 på 79 prosent, står det i rapporten.

Eit anna viktig poeng i rapporten at talet på kvinner i vitskaplege stillingar aukar. Medan talet var på 21 prosent i 2004, var den i 2018 oppe i 31 prosent.

Talet på folk i mellombelse vitskaplege stillingar er no på 17 prosent, medan det har vore oppe i 21 prosent så kort tilbake som i 2009.

Klima er eige kapittel i rapporten

Temakapitlet i årets tilstandsrapport er universitets- og høgskulesektoren sitt arbeid med det grøne skiftet og berekraft. Sidan det manglar kvalitative data, byggjer framstillinga mellom anna på intervju med representantar frå universitets- og høgskulesektoren.

Kartlegging av institusjonane sine strategiar og bruk av nasjonale og internasjonale rapportar og dokument. I rapporten går det fram at inntrykket frå de samla datamarerialet er at universiteta og høgskulane er i ein stor prosess for å bidra til det grøne skiftet i både innhald og utforming av institusjonane, står det i rapporten, som du kan lesa her.

Denne saken ble først publisert i Uniforum.

Powered by Labrador CMS