BURDE HA ÅTVARA MEG: – Eg meiner sentraladministrasjonen burde ha åtvara meg minst eit halvt år etter at eg begynte å bruka taxikortet til Oslo taxi, spesielt sidan systemet var så gjennomsiktig, skriv professor Nils Chr. Stenseth i eit innlegg i Uniforum i dag. Foto: Ola Sæther

Stenseth refsar UiO-administrasjonen etter avsløringa av drosjeturar for ein halv million

Professor Nils Chr. Stenseth kjørte drosje for ein halv million på UiOs rekning, avslørte VG sist helg. No refsar professoren UiO-administrasjonen for ikkje å ha åtvara han tidlegare mot å bruka taxikortet til Oslo taxi.

Det er i eit innlegg i Uniforum i dag professor Nils Chr. Stenseth brukar høvet til å gå til eit frontalåtak på hovudadministrasjonen til Universitetet i Oslo, før han konkluderer med at den er altfor stor og bør reduserast kraftig. Samtidig forsvarar han at den utstrekte drosjebruken han har drive med er til beste for UiO og vitskapen.

Betalte drosjeutgifter for utanlandske forskarar med eige taxikort

Det var laurdag kveld VG publiserte ein artikkel som avslørte at Nils Chr. Stenseth hadde kjørt drosje for ein halv million kroner i løpet av dei siste tre åra. Sjølv vedgår Stenseth at rundt 100 000 kroner av desse pengane er private reiser mellom kontor og heim, som han skal betala tilbake.

Resten av pengane er drosjeutgifter mellom Oslo sentrum og Gardermoen på veg til og frå konferansar i Noreg og utlandet. Nokre drosjeutgifter er også betaling for utanlandske forskarar som har deltatt på konferansar i Oslo, fortel Stenseth. Alle drosjeturane betalte han med taxikortet frå Oslo taxi.

• Les i Uniforum: Professor Stenseth kjørte drosje for ein halv million på UiOs rekning

Hvem er Nils Chr. Stenseth?

Fødd 1949. Professor i biologi. Leiar ved Senter for økologisk og evolusjonær syntese (CEES). preses i Det norske vitskapsakademiet. Medlem av det franske, amerikanske og russiske vitskapsakademiet.

Kritiserer UiO-administrasjonen

I dagens innlegg i Uniforum skriv Nils Chr. Stenseth at han ikkje har noko å kritisera VGs oppslag om han for. Derimot har han mykje på hjarta når det gjeld administrasjonen ved UiO. Innlegget er på engelsk, fordi han synest det er viktig at også internasjonale kontaktar får forklaringa hans på oppslaget i VG om alle drosjeutlegga hans.

Burde ha blitt åtvara tidlegare

Stenseth skriv at dersom UiO hadde hatt gode nok kontrollrutiner ville alt som handla om drosjeutlegga hans, ha blitt lagt merke til tidlegare.

– Eg meiner sentraladministrasjonen burde ha åtvara meg minst eit halvt år etter at eg begynte å bruka taxikortet til Oslo taxi, spesielt sidan systemet var så gjennomsiktig.Om dei då hadde fortalt meg at drosjerekningane ikkje kunne ha blitt dekka av universitetet, ville eg likevel ha halde fram med å bruka drosje, men då ville eg ha betalt rekningane frå eiga lomme, skriv han i innlegget.

Han held fram med å skryta over all den støtta han har fått frå Senter for økologisk og evolusjonær syntese (CEES) som han var leiar for, fram til han gjekk av i fjor sommar.Men han kjem samtidig med massiv kritikk av den manglande støtta han har fått frå sentraladministrasjonen når det gjeld å få støtte til forsking og undervisning, som er to av kjerneoppgåvene til universitetet.

Treng ei forbetring

Han konkluderer med at saka hans viser at sentraladministrasjonen ved UiO treng ei forbetring. Stenseth viser til at UiO har hatt mange dyktige rektorar, men at ingen av dei har klart å gjera sentradministrasjonen betre.

– Mitt råd er: reduser sentraladministrasjonen og overfør ressursane til det nivået der det blir utført forsking og undervisning. På den måten kan Universitetet i Oslo bli endå betre enn det er i dag, skriv han.

Stenseth avsluttar innlegget med å lova å halda fram i stillinga som rådgjevar ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet, som han omtalar som eit fantastisk fakultet med ei god leiing og ein god fakultetsadministrasjon.

Biologiprofessoren ser også fram til å bruka endå meir av tida si på samarbeidet med institusjonar utanfor Universitetet i Oslo, som Universitetet i Agder, NTNU, Det kinesiske vitskapsakademiet, Beijing Normal University eller Tshinghua University, blant mange andre, varslar han i innlegget som er publisert i Uniforum.

Saka vart fyrst publisert i Uniforum.

Powered by Labrador CMS