Topp-professor Nils Chr. Stenseth kjørte taxi for 512 000 kroner på UiOs rekning. Han tar fullt ansvar og vil betala tilbake dei private drosjeutgiftene. (Foto: Ola Sæther)

Professor Nils Chr. Stenseth kjørte drosje for ein halv million på UiOs rekning

Professor Nils Chr. Stenseth har kjørt drosje for over 500 000 kroner både i embets medfør og privat dei siste tre åra. No må han rydda opp. UiO vedgår rutinesvikt.

Professor Nils Chr. Stenseth må no betala tilbake til Universitetet i Oslo dei private drosjerekningane han har fått dekka med eit eige taxikort frå Oslo taxi. Ifylgje Stenseths eigne utrekningar, vil det seia rundt 100 000 kroner på tre år.

Resten av drosjerekningane på til saman 400 000 kroner meiner Stenseth Universitetet i Oslo må dekka. Det er drosjeturar han har gjort i embets medfør. Ifylgje VG har han drege taxikortet 1300 gonger på to år og åtte månader.

Betalte med taxikort

Det var VG som laurdag kveld publiserte ein artikkel om den uvanlege høge bruken av drosjetransport, biologiprofessor Nils Chr. Stenseth står bak. Til saman har han altså brukt 500 000 kroner på drosjeturar i løpet av dei siste tre åra. Han har alltid betalt med eit taxikort frå Oslo taxi, som han har fått frå Universitetet i Oslo.

Stenseth var inntil i fjor sommar leiar for eit senter for framifrå forsking; Senter for økologisk og evolusjonær syntese( CEES). Då gjekk han av som leiar, og blei tilsett i ei nyoppretta stilling som supermentor for yngre og talentfulle forskarar ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet. Stenseth har også vore preses for for Det norske vitskapsakademiet, og er medlem både i det russiske, franske og det amerikanske vitskapsakademiet. Han har også æresprofessorat ved ei rekkje utanlandske universitet, mellom anna ved eit universitet i Kina.

Betaler tilbake drosjeturar mellom Frogner og Blindern

I eit intervju med VG forsvarar Nils Chr. Stensteth den utstrekte bruken av drosje med at dei har vore naudsynte i teneste for vitskapen og i teneste for UiO.

– Eg står klart ved alt, og tar det fulle og heile ansvaret for det, seier han til avisa. Han viser til at dei gongene han har vore på utanlandsreise har han som regel tatt drosje mellom heimen på Frogner og Gardermoen.

Hvem er Nils Chr. Stenseth?

Fødd 1949. Professor i biologi. Leiar ved Senter for økologisk og evolusjonær syntese (CEES). preses i Det norske vitskapsakademiet. Medlem av det franske, amerikanske og russiske vitskapsakademiet.

Når det gjeld alle dei rundt ti minutt lange drosjeturane mellom husværet på Frogner og kontoret i Kristine Bonnevies hus på Blindern, tar han sjølvkritikk på dei, og vil betala tilbake alle drosjeutgiftene UiO har dekt for han på den faste reisa fram og tilbake til jobben.

No vil han altså betala tilbake dei 100 000 kronene UiO har dekt for han på reisa mellom jobben og heimen dei siste tre åra. Men dei 400 000 kronene som er brukt på drosjereiser på veg til og frå Gardermoen og til og frå konferansar i Oslo-området, seier han ingenting om å betala tilbake.

– Rutinesvikt

Universitetsdirektør Arne Benjaminsen fortel til VG at dei høge drosjerekningane til Stenseth blei oppdaga i juni 2018. Han seier at UiO har ein internkontroll der rekneskapsavdelinga nokre gonger ser ting som dei sjekkar ut. – Her har det skjedd ein rutinesvikt, og den fylgjer me opp, seier Benjaminsen. Overfor VG stadfestar også universitetsdirektøren at Nils Chr. Stenseth ikkje lenger har noko taxikort.

Denne saken ble først publisert i Uniforum.

Powered by Labrador CMS