Universitetsstyret har løvyd 150 millionar kroner ekstra til vedlikehaldet av Historisk museum. Til saman blir det dermed brukt 250 millionar kroner på dette arbeidet. Biletet er frå august i fjor, då arbeidet hadde starta. (Foto: Ola Sæther)
150 millionar ekstra til vedlikehald av Historisk Museum
Det skal brukast 150 nye millionar på vedlikehaldet av Historisk Museum. Det vedtok styret ved Universitetet i Oslo nylig.
Historisk Museum har vore pakka inn i ei svær presenning sidan arbeidet med å utbetra fasaden og andre skadde stader på bygningen tok til i fjor. Universitetsstyret har tidlegare løyvt 100 millionar kroner til dette arbeidet. No er det blitt avdekt andre kritiske og alvorlege skadar på den 120 år gamle bygningen.
Dårlege vegger og tak
I saksdokumenta kjem det fram at då det i fjor haust blei sett opp stillas med «tak over tak»-løysing rundt bygningen, blei det mogleg med ei meir detaljert tilstandsvurdering av veggane. Tilstanden både for tak og vegger viste seg å vera mykje dårlegare enn det Eigedomsavdelinga hadde rekna med, går det fram av dokumentet. Dei pengane som styret har løyvt tidlegare. er alså ikkje nok til å få fullført ei forsvarleg utvendig rehabilitering av bygningen, heiter det.
Derfor har Eigedomsavdelinga bede universitetsstyret om å løyva 150 millionar kroner ekstra til arbeidet med vedlikehald av Historisk Museum. Dermed vil dei samla kostnadene for vedlikehaldet koma opp i 250 millionar kroner.
Saka var oppe til handsaming på møtet i universitetsstyret tysdag denne veka.
– Viktig å få det i gang
Universitetsdirektør Arne Benjaminsen peika på at det var praktisk å gjera det no.
– Det er viktig å få det i gang medan stillasa framleis er på plass. Ramma vil vera styrande for den summen me føreslår. Det skal ikkje gå ut over den faglege verksemda ved UiO. Men det kan få noko å seia for IT-investeringane til UiO. Det er likevel innanfor rammebudsjettet me vedtok i fjor for 2019 understreka han.
Lite vedlikehald i 120 år
Også eigedomsdirektør John Skogen var oppteken av å få utført dette arbeidet så raskt som råd.
– Bygningen er i dårleg stand, for i dei 120 åra den har eksistert, har det vore svært lite vedlikehald. Om me gjer dette no, slepp me å gå laus på bygningen igjen om nokre år, konstaterte han.
Ein del av pengane blir også forskotterte frå budsjettramma for 2020, står det i sakspapira.
Lova revidert masterplan
Etter innleiinga til eigedomsdirektør John Skogen etterlyste ekstern representant Kristin Hollunggarantiar for at Eigedomsavdelinga ikkje ville koma tilbake og be om meir pengar til prosjektet om nokre år. Samtidig ville studentrepresentant Synthia Zaman gjerne ha på bordet ein revidert masterplan for eigedomane til UiO. Det siste kunne John Skogen lova henne.
– Me skal ha ein ny, revidert masterplan på plass i mai 2020. Så langt er måla i den overoppfylte, slo han fast.
Ville ikkje skremma SV-fakultetet
Då rektor Svein Stølen kom inn på at den ekstra løyvinga til vedlikehald av Historisk Museum, kan koma til å gå ut over planen for når UiO kan setja i gang med vedlikehaldet av Eilert Sundts hus på Blindern, prøvde universitetsdirektøren å dempa uroa.
– Me må ikkje forskottera at det skal gå ut over Eilert Sundt og skremma SV-fakultetet, sa Arne Benjaminsen.
– Må sjå heile universitetet i samanheng
Styrerepresentant Marianne Midthus Østby lurte likevel på kva dialog Eigedomsavdelinga hadde med SV-fakultetet om dette. Styrerepresentant Olav Gjelsvik meinte at styret ikkje hadde noko anna val enn å stemma for forslaget om ei ekstraløyving.
– Problemet med Eilert Sundt er at bygningen i dag har toalett som ikkje fungerer. Me har eit ansvar, sa han.
Svein Stølen kom også med ei oppfordring:
– Me må sjå etter løysingar der me ser heile universitetet i samanheng, understreka han.
Heile styret slutta opp om forslaget og stemde samrøystes for å vedta denne ekstraløyvinga på 150 millionar kroner til vedlikehald av Historisk Museum.
Denne saken ble først publisert i Uniforum.