Oslo kommune gir 24,5 millionar kroner til Klimahuset på Tøyen. Det skapar stor glede hos prosjektkoordinator Torkjell Leira, miljøbyråd Lan Marie Berg, skulebyråd Inga Marte Thorkildsen og museumsdirektør Tone Lindheim. (Foto: Karsten Sund /Naturhistorisk museum, UiO)
Oslo kommune gir 24,5 millionar kroner til Klimahuset på Tøyen. Det skapar stor glede hos prosjektkoordinator Torkjell Leira, miljøbyråd Lan Marie Berg, skulebyråd Inga Marte Thorkildsen og museumsdirektør Tone Lindheim. (Foto: Karsten Sund /Naturhistorisk museum, UiO)

Oslo kommune gir 24,5 millionar kroner til Klimahuset på Tøyen

Oslo kommune øyremerkjer 24,5 millionar kroner over fire år til Klimahuset i Botanisk hage ved Naturhistorisk museum, UiO. Pengane skal brukast til å formidla forskingsbasert kunnskap om klima og klimaendringar til alle innbyggjarane i Oslo, og spesielt til barn og unge.

Published

Klimahuset ved Naturhistorisk museum skal opnast før jul neste år. Det første spadestikket blir tatt i november. Klimahuset blir på 650 kvadratmeter og er teikna av Lund Hagem arkitektar i samarbeid med Atelier Oslo.

• Les meir i Uniforum: Skal læra unge i Oslo om klima

Det blir reist med ei pengegåve frå Jens Ulltveit-Moe på 70 millionar kroner, men også med bidrag frå Sparebankstiftelsen, Statkraft og OBOS. Museumsdirektør Tone Lindheim er svært nøgd med at Oslo kommune i tillegg bidrar med 24,5 millionar kroner.

- Blir ryggraden i formidlinga vår framover

- Me er glade for at Natuhistorisk museum har fått dette tilskottet frå Oslo kommune. Frå tidlegare har me fått gåva frå Jens Ulltveit-Moe til bygging av Klimahuset og til utvikling av utstillingar. Men drifta har ikkje Ulltveit-Moe tatt ansvaret for å finansiera.

– Dei pengane må me sørgja for sjølve. Derfor er me veldig glade for det tilskottet me får frå Oslo kommune. Dei ser at dei kan dra nytte av Klimahuset til beste for barn og unge i denne byen. Me kan bidra med forskingsbasert kunnskap både i form av utstillingar og gjennom formidlinga vår. Men då treng me stillingsressursar. Tilskottet på 24,5 millionar kroner over fire år vil utgjera ryggraden i formidlinga vår framover.

- Bygget blir ferdig til sommaren

- Så dette vil seia at Klimahuset no blir realisert?

- Ja,første spadestikk blir sett no i haust, og sjølve bygget blir ferdig til sommaren, og så treng me sjølvsagt tid til å utvikla og byggja opp utstillingane. Det er me godt i gang med allereie, og me reknar med at dei skal vera klare rundt årsskiftet 2019/2020. Me kjem til å opna Klimahuset som ein del av markeringa av Oslo som europeisk miljøhovudstad, seinhaustes 2019. opplyser Tone Lindheim til Uniforum.

• Les meir i Uniforum: NHM inviterte ungdommer til å lage utstilling

Og ho meiner ungdomar i Oslo har noko å sjå fram til når Klimahuset opnar dørene for publikum.

- Ja, utstillingane i seg sjølve vert førsteklasses, Skuleelevar vil i tillegg bli tatt imot av kyndige og dyktige menneske som fører dei gjennom utstillingane med spesialsydde undervisningsopplegg kopla til skulane sine nye læreplanar. I amfiet med plass til 140 personar vil det vera aktivitetar frå morgon til kveld, med alt frå foredrag og workshops til filmframsyningar og bytemarknad. Samtidig vil barn og ungdom bli inviterte til å tenkja sjølve rundt spørsmål som kva gjer min familie i dag, kva gjer politikarane og kva gjer me i dag for å få til ei endring, seier Tone Lindheim.

- Skal senda ut klimapilotar i skulen

Prosjektansvarleg Torkjell Leira er opptatt av å få fram at Naturhistorisk museum allereie har eit fagleg samarbeid med Oslo kommune både på kommunikasjon og formidling om klima.

• Les meir i Uniforum: Nytt klimahus skal spre forskningsbasert kunnskap om klimaendringer

- Kommunen er i ferd med å byggja opp ein klimaetat, så dette er eit samarbeid me har med både utdanningsetaten og klimaetaten i Oslo kommune. Det første som skjer i 2019 er at det skal ut nye klimapilotar i skulen parallelt med at me byggjer Klimahuset og vidareutviklar utstillingar som skal inn der. Når me opnar, skal me ha undervisningsopplegg for Osloskulen, og Oslobarnehagane, skreddarsydd utifrå læreplanen og anna planverk. Me skal også samarbeida med Oslo kommune om informasjon til ungdom på digitale flatar, opplyser Torkjell Leira til Uniforum.

Skal også visa fram ting i uteanlegget

Og Tone Lindheim forklarar kva meir som vil skje.

- Det er ikkje berre inne i sjølve huset det vil gå føre seg ting. Utstillingane vil starta i uteanlegget, der me til dømes kan visa fram kva tre har å seia med omsyn til vassirkulasjon, nedbør og CO2-opptak. Regnvatn, behandling av overflatevatn og regnbed, vil også synast fram, seier Tone Lindheim.

I vår viste skuleelevar frå vidaregåande skular i Oslo fram ei utstilling som dei hadde laga om klima. Når Klimahuset står ferdig blir det fleire slike utstillingar, og med tilskottet frå Oslo kommune på plass, er det også pengar til drift. (Foto: Ola Sæther)
I vår viste skuleelevar frå vidaregåande skular i Oslo fram ei utstilling som dei hadde laga om klima. Når Klimahuset står ferdig blir det fleire slike utstillingar, og med tilskottet frå Oslo kommune på plass, er det også pengar til drift. (Foto: Ola Sæther)

I juni i år blei det skrive under ein intensjonsavtale om samarbeid mellom Universitetet i Oslo ved Naturhistorisk museum og Oslo kommune ved byråd for oppvekst og kunnskap i samband med at Oslo er utpeikt som europeisk miljøhovudstad i 2019. Fredag møtte både miljøbyråd Lan Marie Berg og skulebyråd Inga Marte Thorkildsen opp utanfor Oslo rådhus for å formdila nyhendet om tilskottet frå Oslo kommune til Klimahuset på Tøyen saman med museumsdirektør Tone Lindheim og prosjektleiar Torkjell Leira.

Begeistra byrådar

Både klimabyråd Lan Marie Berg og skulebyråd Inga Marte Thorkildsen er begeistra for at Oslo kommune og Naturhistorisk museum no har fått i stand eit samarbeid om bruken av Klimahuset.

- Og me fekk ein rapport frå FNs klimapanel på måndag som får alt dette med klimaendringane endå betre fram i lyset, og det er viktig å nå fram til barn og unge. No blir klima eit tverrfagleg tema innanfor læreverket, og då er det viktig at lærarane har ressursane og høva til å gjera dette temaet spennande for barna, seier Lan Marie Berg.

Håpar på innspel i klimapolitikken frå barn og unge

Inga Marte Thorkildsen er klar på at dette blir ei hovudsatsing på klima for Oslo kommune.

- Ja, for barn og ungdom blir det det.Skulane har også fått i oppdrag å jobba masse med dette framover. Eg gler meg til å sjå korleis vekselverkinga mellom skular og barnehagar og Klimahuset, blir, og om det gjer at barn og unge verkeleg skjønar at me meiner alvor når me seier at det er dei som skal overta og det er dei som vil merka konsekvensen av dette og leva med det. Derfor må me også vera hovudpersonar i utviklinga av klimpapolitikken vår. Eg håpar også me kan få det inn den vegen, gjennom å få inn innspel frå barn og ungdom sjølve.

- Var det vanskeleg å få gjennomslag i byrådet for å gi eit så høgt tilskott til Klimahuset ved Naturhistorisk museum?

- Nei, det var overhovudet ikkje vanskeleg.,Tvertimot så opplevde eg at byrådet er opptatt av det grøne beinet og at me skal meina alvor med det. Barnekonvensjonen gir oss ei klar melding om at klimakutta ikkje må bli tatt i ei anna tid, men no. Det er me som må ta det klimaansvaret, og det meiner byrådet ,og det er absolutt ikkje noko pynt på kransekaka, forsikrar Inga Marte Thorkildsen oss om.

- Må få med oss alle

Lan Marie Berg supplerer byrådkollegaen sin:

- Me er første generasjon som veit noko om klimanendringane og den siste generasjonen som kan gjera noko med det. Det tar me på det aller største alvor. Samtidig står Oslo kommune berre for ein liten del av utsleppa i byen. Om me skal bli ein nullutsleppsby i 2030, er me nøydde til å få med oss alle, slår Lan Marie Berg fast.

Denne saken ble først publisert i Uniforum.