Administrerande direktør John-Arne Røttingen i Forskingsrådet kan gleda seg over ein framgang i norsk forsking dei siste 20 åra. (Foto: Martin Toft)

Mindre til petroleumsforsking, men ikkje mykje meir til forsking på fornybar energi

Investeringane i norsk petroleumsforsking har gått ned etter 2014,  men satsinga på forsking på fornybar energi har ikkje gått tilsvarande opp. Det viser Indikatorrapporten for forsking og utvikling for 2017.

Artikkelen ble først publisert på Uniforum

Uniforum er en avis som utgis av Universitetet i Oslo. Avisen redigeres etter Redaktørplakaten og Vær Varsom-plakaten.

I Noreg er det teikn til omstilling når det gjeld kva det blir satsa på i forsking og utvikling. Indikatorrapporten viser at Noreg har satsa store ressursar både på petroleumsrelatert forsking og utvikling og meir miljøvennleg energi.

Sjølv om petroleumsforskinga ser ut til å ha gått ned etter oljenedturen i 2014, er det få teikn til tilsvarande auke i forsking på fornybar energi, står det i rapporten.

Indikatorrapporten 2017 har hatt forskarane Espen Solberg  Kaja Wendt  frå NIFU (Nordisk institutt for forsking på innovasjon, forsking og utdanning) som hovudredaktørar . Arbeidet er gjort på oppdrag frå Forskingsrådet.

Gode vilkår for omstilling

Det er ikkje lenger snakk om at ein tredel av alle jobbar i Noreg kan forsvinna på grunn av digitalisering og automatisering, slik  OECD tidlegare har spådd. Mange arbeidsoppgåver vil derimot endra innhald, heiter det, og det vil krevja at arbeidstakarane har evne og kultur for å endra arbeidsmåtar og utnytta nye ting.

For mange arbeidsoppgåver vil endra innhald. På dette området er Noreg godt rusta, konstaterer Indikatorrapporten.

Høgare kvalitet på norsk forsking

Målet om å auka kvaliteten på norsk forsking ser ut til å ha blitt nådd. Nye tal for vitskapleg publisering viser at Noreg er blant dei vestlege landa som har sterkast vekst når det gjeld publisering av vitskaplege artiklar. Artiklane blir også siterte langt oftare enn tidlegare. 

Rapporten viser at Noreg no har kome opp på nivå med Finland og Sverige når det gjeld talet på siteringar for kvar artikkel. Framleis ligg likevel Danmark, Nederland og Sveits eit stykke lenger framme i løypa enn Noreg.

I EUs forskingsprogram Horisont 2020 har Noreg henta meir av dei samla ressursane enn i dei tidlegare programma, men Noreg ligg likevel bak land som Finland og Danmark. Også i Det europeiske forskingsrådet (ERC) gjer Noreg det svakare enn dei to nemnde landa.

Det er den delen av programmet som legg mest vekt på vitskapleg kvalitet.

Endå eit hovudtrekk er at det internasjonale forskingssamarbeidet aukar.  Dei siste tala viser at to tredelar av norske vitskaplege artiklar har ein utanlandsk medforfattar, medan det talet berre var på 17 prosent på byrjinga av 1980-talet.  Rundt 1997 var berre 10 prosent av doktorgradane utførte av utlendingar. I dag blir 38 prosent av doktorgradane gjennomførte av utlendingar.

Oslo og Trøndelag på topp

I Noreg har Oslo og Trøndelag i mange år vore mellom dei mest forsking- og utviklingsintensive regionane. På EUs siste rangering av dei mest innovative regionane i Europa,  er Trøndelag dei einaste norske innslaget.

Derimot er Oslo/Akershus heilt på topp i ei heilt ny rangering for av dei fremste regionane for nye næringar som er i sterk vekst.  Det er spesielt digitale næringar som blir omfatta av den rangeringa. 

Tenesteytande næringar utfører mest forsking og utvikling

På midten av 1990-talet stod industrien for over halvparten av FoU i næringslivet, medan tenesteytande næringar stod for ein tredel.

No er styrkjeforholdet nesten snudd på hovudet. Tenesteytande næringar står no for over halvparten av all FoU. Den store trenden er at FoU-innsatsen i næringslivet i har auka gjennom dei siste 20 åra.

Unntaket er rett etter finanskrisa i 2008.  Veksten begynte igjen frå 2010. 

Meir innovasjon

Eit tredje trekk er at fleire og fleire føretak melder at dei driv med nyskaping (innovasjon).  Den siste undersøkinga frå 2014-2016 viser at nesten to av tre norske føretak er nyskapande (innovative).

Det er langt over nivået frå tidlegare undersøkingar, står det i Indikatorrrapporten 2017.  Grunnen kan både vera nye målemetodar og ein reell auke i kunnskapsutvikling og fornying. 

Mogleg svekka koordinering

Norsk forskingspolitikk har gjennom dei siste 20 åra fylgt sektorprinsippet. Kvart departement har ansvaret for å fremja og finansiera forsking på og for eigen sektor. 

Fram til for få år sidan blei mykje av koordineringa gjort av Regjeringas forskingsutval, som var eit eige underutval sett saman av statsrådane frå dei mest forskingstunge departementa. 

I 2014 blei utvalet lagt ned, og erstatta med tosidige møte, ofte med eksterne aktørar. Fondet for forsking og nyskaping, som blei oppretta i 2001, blei av tekniske årsaker lagt ned i 2011. Pengane blei overførte til Kunnskapsdepartementet. 

Indikatorrapporten vurderer det slik at dette kan ha ført til at koordineringsfunksjonen er svekka.

Ekspansjon i helserelatert forsking og utvikling

Sidan 2007 har årsverka i forsking og utvikling i helseforsking auka med 50 prosent. Samtidig har universitetssjukehusa sin del av FoU-innsatsen i helseføretaka gått tilbake.

Det vil seie at andre helseføretak og private, ideelle sjukehus har høgare vekst i FoU, går det fram av indikatorrapporten.

Etter samanslåingar er SINTEF blitt eitt av Nord-Europas største forskingsinstitutt.

Denne artikkelen ble først publisert på Uniforum.

Powered by Labrador CMS