Kva? Skriv du ikkje ut på baksida? Miljøsvin! Men kanskje om sjefen førehandsinnstiller valet for deg? (Illustrasjonsfoto: Microstock)

Giddesløyse kan gjere verda grønare

Vi innbiller oss at fornufta styrer vala våre. Problemet er at vi er litt slappe, sjølv i viktige klimasaker.

Vi veit kva som er bra for oss. Likevel vik vi ofte unna dei avgjerdene som skal få oss i rett retning.

– Det vi tenkte, var om folk kan bli miljøvenlege berre ved at vi utnytte slappheita deira, seier postdoktor Mathias Ekström ved Norges Handelshøyskole.

Det finst fleire ulike måtar å påverke oss i ei meir miljøvenleg retning. Du kan informere, presse på med moralske oppmodingar eller bruke økonomiske lokkemiddel, til dømes ved dyrare bensin eller skattelette.

Valet er teke

– Eller du kan gje folk dytt i rett retning, ved å gjere miljøvenlege val lettare tilgjengelege, seier Ekström, som er knytt til The Choice Lab ved Institutt for samfunnsøkonomi.

Saman med stipendiat Johan Egebark ved Universitetet i Stockholm gjekk NHH-forskaren inn i 18 avdelingar ved eit universitet i Sverige og endra standardalternativet på skrivarane frå utskrift på ei side til tosidig utskrift, i ulike periodar.

– Når det finst eit alternativ som er valt på førehand, vel folk nett det alternativet sjølv om det er fritt fram å velje annleis. Om skrivaren står på tosidig utskrift, tek vi ikkje initiativ til å velje utskrift på ei side og motsett.

– Sånn sett kan verda bli grønare på grunn av at vi er slappe – om vi vel rett standardalternativ, seier Ekström.

15 prosent mindre papir

Studien viser at papirmengda minka med 15 prosent på grunn av endringa til tosidig standardalternativ.

Det som også er interessant, meiner Ekström, er at mange avdelingar ved universitetet skulle ha innsett dette og endra innstillinga til dobbeltsidig. Om ikkje av klimaomsyn, så i det minste fordi ein sparar pengar.

– Det er nettopp her åtferdsøkonomien kjem inn. Vi er ikkje den Homo Economicus som tekstboka går ut frå, seier Ekström.

Oppmodingar frå leiinga

Som ein del av eksperimentet sjekka dei også effektane av ei skriftleg oppmoding om å bruke mindre papir. Ein miljøkoordinator sende e-post til tilsette på somme avdelingar med melding om at dei burde skrive ut på begge sidene av arket.

Mathias Ekström meiner at avdelingane skulle ha endra innstillingane til dei meir miljøvenlege – også for å spare pengar. (Foto: Helge Skodvin)

– I undersøkinga vår ser vi at e-posten ikkje hadde nokon effekt. Dette trass i at heile 30 prosent av dei spurde sa at brevet kom til å påverke dei til å skrive ut tosidig.

– Så vi lurar oss sjølve?

– Ja, presis! Eller så nektar vi å erkjenne at vi ikkje sjølve strekk til.

Blir dulta i riktig retning

Når skrivaren blir førehandstilt på dobbeltsidig utskrift, blir vi nudga, som forskarane kallar det.

– Ja, det er absolutt ein nudge. Det vil seie at vi blir dulta i ei meir klimavenleg retning, seier Ekström.

Teorien om nudging er basert på åtferdsøkonomiforskinga.

– Resultat frå denne veksande delen av økonomifaget viser stadig at folk tek avgjerder basert på deira kortsiktige og slappe interesse, men at «dulting», ved å presentere val på andre måtar, kan påverke vala våre i ei retning som tener både samfunnet og vårt framtidige eg, meiner Ekström.

Referanse:

Egebark og Ekström: «Can Indifference Make the World Greener?» IFN Working Paper No. 975, september 2013. Samandrag

Powered by Labrador CMS