Set strekkodar på artane

DNA-strekkodane til alle verdas artar skal samlast inn i ein database. – Det er viktig å registrere det biologiske mangfaldet før det forsvinn, seier den norske koordinatoren.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Forskarane Torbjørn Ekrem og Elisabeth Stur studerer fjørmygg i mikroskopilaben på NTNU Vitskapspsmuseet. (Foto: Geir Mogen/NTNU Vitenskapsmuseet)
Forskarane Torbjørn Ekrem og Elisabeth Stur studerer fjørmygg i mikroskopilaben på NTNU Vitskapspsmuseet. (Foto: Geir Mogen/NTNU Vitenskapsmuseet)

Fata om iBOL:

The International Barcode of Life project er eit samarbeid mellom 27 land, og med dette er prosjektet verdas største innanfor biologisk mangfald nokosinne.

Om DNA-strekkoding:

DNA -strekkoding er ein ny metode for artsbestemming som er teken i bruk av biologar verda over.

Omgrepet strekkoding speler på strekkodane som blir nytta i daglegvarehandelen.

På same måte som strekkodane i butikken identifiserer varen, vil dei fire byggesteinane i DNA- molekylet A (Adenin), C (Cytosin), G (Guanin) og T (Tymin) i ulike kombinasjonar kunne nyttast til å identifisere kvar enkelt art på jorda.

(kjelde: Artsdatabanken)

Det internasjonale prosjektet The International Barcode of Life project, iBOL (sjå faktaboks), har som mål å samle deler av DNA for alle verdas artar.

I desse dagar tar NTNU Vitenskapsmuseet i Trondheim over stafettpinnen frå Naturhistorisk museum i Oslo som leiarar for den norske delen av prosjektet som går under namnet NorBOL.

Fram til no er DNA-strekkoden (sjå faktaboks) for 1,4 millionar individ frå 120 000 ulike artar lagt inn i databasen. I dag er 1,7 millionar artar kjende på jorda, så det er enno langt igjen før prosjektet er i mål.

 

___________________________________

Les hele saken på NRK.no

 

Powered by Labrador CMS