Clistomum piceicola er ein nyoppdaga lavart. Han veks truleg berre i skogar med ekstremt gamle trær, seier forskar.  (Foto: E. Timdal)
Clistomum piceicola er ein nyoppdaga lavart. Han veks truleg berre i skogar med ekstremt gamle trær, seier forskar. (Foto: E. Timdal)

Nyoppdaga lav fyk truleg rett inn på raudlista

Han er mikroskopisk, har gule flekkar og ein struktur som er skorpeaktig med små vorter. Hels på skorpelaven Cliostomum piceicola.

Published

Medan dei fleste tråkkar uvitande på dei, ligg forskar Håkon Holien paddeflat med lupe for å studere dei nærmare. Og ropar «Eg fann, eg fann!». Og no har han funne igjen.

Og det trass i at dei er mikroskopisk små og ofte veks på særs lite synlege plassar. 

Holien er forskar ved Nord universitet på Fakultet for biovitskap og akvakultur. Hans store lidenskap er lav. Det som gir han aller størst kick er å finne nye artar.

Noko han har gjort mange gonger opp gjennom sin førtiårig lange karriere.

Håkon Holien frå Steinkjer er førsteamanuensis ved Nord universitet. (Foto: Sara Sällström)
Håkon Holien frå Steinkjer er førsteamanuensis ved Nord universitet. (Foto: Sara Sällström)

Utryddingstrua skorpelav

Siste skot på stammen, bokstaveleg tala, er ein art som har fått namnet Cliostomum piceicola. Der Cliostomum er sjølve slektsnamnet, medan piceicolaer namnet på arten.

– Dette er ein skorpelav som veks på gran, som på latin heiter Picea. 

– Det er ein uhyrleg sjeldan type skorpelav som ser ut til å vekse berre i skog med ekstremt gamle grantre. Dei vertstrea vi har funne arten på har vore minst 150 år og stort sett over 200 år.

– Denne fann eg i Steinkjer, på nokre døde kvistar under baret på det vi kallar ei skjørtegran, fortel han. 

Ifølgje Holien snakkar vi om ein art som er så sjeldan at han truleg fyk rett inn på raudlista. Han er frå 0,1 – 0,7 millimeter tjukk, har gule fruktlekamar og ein struktur som er skorpeaktig og som består av små gryn eller vorter.

– Skjørtegrana har mykje bar som går heilt ned til bakken. På dei døde kvistane under skjørtet er det eit veldig tørt miljø, men samstundes er det høg luftfuktigheit. Dette er ein kombinasjon som gir eit veldig spesielt vekstmiljø. 

Holien antar at den nyoppdaga arten finst fleire plassar i Taigasystemet. Det vil seie det eurosibirske barskogbeltet, kor det er intakt sumpskog, som til dømes i Russland og Jämtland.

Omstendeleg prosess

Men vegen frå å finne ein art til å fastslå at han er heilt ny for vitskapen er lang og krevjande. Denne arten fann han faktisk for mange år sia, men da forveksla han han med ein annan art i same slekt som veks lenger sør.

– Men så oppdaga vi at denne arten har ein annan kjemi og anna innhaldsstoff enn sin slektning i sør.

– I tillegg indikerte både morfologi, økologi og utbreiing at dette var ein unik art, seier han. 

Den nye arten vart nyleg presentert i ein vitskapeleg artikkel i tidsskriftet Herzogia. Holien forfatta artikkelen i lag med professor Tor Tønsberg ved Universitetet i Bergen. Her blir den nye arten særs detaljert beskrive.

– Ja, det krevst veldig detaljert informasjon. Det er fordi det skal kunne etterprøvast.

– Å forska på lav er som å skrelle ein lauk. Du finn stadig nye lag, seier Holien, her på ekskursjon saman med andre forskarar. (Arkivfoto frå Nord universitet)
– Å forska på lav er som å skrelle ein lauk. Du finn stadig nye lag, seier Holien, her på ekskursjon saman med andre forskarar. (Arkivfoto frå Nord universitet)

Mange artar som ikkje er oppdaga

Opp gjennom åra har Holien oppdaga mange nye artar, og for han er det like fantastisk kvar einaste gong.

– Eg har alltid vore ein nysgjerrigper. Og det interessante er at når ein er det og i tillegg har litt kunnskap, så er det mogeleg å finne noko nytt og spanande nærast rett utfor di eiga stuedør. Og framleis er det utruleg mange artar som enno ikkje er oppdaga, spesielt i mikroverda, seier han.

Holien er for tida involvert i eit omfattande og langsiktig artsprosjekt i regi av Artsdatabanken, kor dei skal få oversikt over alle artar i Noreg. Holien fortel at særleg dei som jobbar med insekt finn mykje nytt stadig vekk. 

– Men det gjer også vi som jobbar med små soppar og lav. Vi finn artar som er nye både for landet og for vitskapen. Nett no ser vi på lavparasittar, som er små soppar som veks på lav. Ei utruleg spanande verd, seier forskaren.

Etterlyser betre haldningar

Personleg skulle han gjerne sett at folk flest, og ikkje berre forskarar, tenkte meir over kva det vi ser kring oss i naturen faktisk heitar og er.

– Kunnskapen om artane ser ut til å bli mindre og mindre for den einskilde. Eg skulle ønska det var meir forståing og meir audmjuke. 

– Naturen er resultat av ei lang utvikling, og som vi eksperimenterer litt for mykje med. Difor er det viktig å nå ut med kunnskap, for igjen å skape gode haldningar og god forvalting.

Referanse: 

Holine, H. og Tønsberg, T.: Cliostomum piceicola, a new lichen species from oldgrowth coniferous forests in northern Europe. Herzogia. (2017) [pdf.]