Annonse

Spedgrisens smerteterskel

Val av legemidddel og dose viser seg å vere viktig når smertefulle tilstandar hos spedgris skal behandlast.

Publisert

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Purke med ungar. (Foto: Torunn Fosse)

Mange spedgrisar blir utsette for fleire potensielt smertefulle inngrep tidleg i livet. Det kan vere kastrasjon, haleamputasjon og tannklipping.

I tillegg til dette har spedgris smerter i samband med skader og leddbetennelse.

Kvart år blir 98 millionar hanngrisar i Europa kastrerte, og inngrepet blir oftast utført før grisane er 14 dagar gamle. Kastrering er smertefullt for dyret, ikkje berre i løpet av sjølve inngrepet, men òg i fleire timar og dagar etterpå.

Det skal nyttast bedøving i samband med kastrering av gris, og dyra skal i tillegg få eit smertestillande legemiddel med lang verknad mot smerter etter inngrepet. Dei einaste legemidla med slik effekt som kan nyttast til matproduserande dyr, er såkalla ikkje-steroide anti-inflammatoriske middel (NSAIDs).

Ulik alder, ulik effekt

Torunn Fosse har undersøkt to slike smertestillande legemiddel i spedgris, nemleg ketoprofen og meloksikam.

Ho fann at grisar hadde betre evne til å skilje ut ketoprofen når dei var seks dagar gamle enn når dei var tre veker.

Ved å nytte ein betennelsesmodell viste Fosse at spedgrisar som blei behandla med ketoprofen hadde tydeleg mindre smerter ved trykk mot eit betent område på kroppen enn grisar som ikkje hadde fått behandling. Denne effekten var tydeleg i opptil 24 timar etter behandlinga.

Det andre legemiddelet, meloksikam, viste seg å ha liten grad av smertestillande effekt når det blei nytta i den same modellen.

Torunn Fosse.

Ved bruk av ein annan betennelsesmodell viste det seg at dette legemiddelet heller ikkje hemma produksjonen av betennelsesmediatorer (ulike signalstoff) i vevet i særleg grad.

– Resultata av arbeidet vil ha mykje å seie for kva legemiddel ein skal velje ved behandling av smerte hos grisar i fyrste levemånad og kva for dosering ein skal nytte, seier Fosse.

Bakgrunn:

Veterinær Torunn Krangnes Fosse disputerte 24. september for graden Philosophia Doctor (PhD) ved Norges veterinærhøgskole med avhandlinga Pharmacology of meloxicam and ketoprofen in piglets.

Powered by Labrador CMS