Annonse

En notis fra Nordlandsforskning - les mer.

Ein tur i skog og mark i godt lag kan gjera underverk.

Skapar aktivitet og fellesskap for eldre

Publisert

Eldre som bor heime trong givande sosiale liv. Snart kjem oppskrifta på korleis kommunar kan svara på behovet.

Tidlegare har forskingsprosjektet Ageing at home slått fast at sosial omsorg er ein blind flekk i eldreomsorga. No har dei to kommunane som deltok i prosjektet, teke affære.

Steigen og Tana kommune skal prøve ut kvar sine prosjekt som skal skapa sosiale møteplassar i kvardagen, blant anna for eldre.

Og som sist følger forskarane med.

– På bakgrunn av tiltaka i Steigen og Tana skal me utvikle ein modell for god sosial eldreomsorg, som kan nyttast av kommunar over heile landet, seier seniorforskar Helga Eggebø frå Nordlandsforskning.

– På denne måten vil vi sørge for lokal implementering av hovudmålsetjingane i stortingsmeldinga «Leve hele livet. En kvalitetsreform for eldre», der det slås fast at aktivitet og fellesskap er to av fem sentrale områder der dagens tilbod til eldre ofte svikter.

Meiningsfylte aktivitetar

Aktiv og meningsfylt hverdag - Mot en modell for ivaretakelse av sosiale omsorgsbehov i norske kommuner heiter det nye prosjektet.

Tana kommune satsar på bygdekaféar i samarbeid med bygdelaga. Sjølv om gamle som bor heime er den viktigaste målgruppa, er ikkje tiltaket berre for dei. Kafeane skal være treffpunkt mellom generasjonar.

Tana er ein mangfaldig kommune der det snakkast både samisk, kvensk og norsk. Kommunen har tilsett to samiske aktivitørar, som legg til rette for at folk skal kome seg ut i naturen og gjere aktivitetar dei synes er meiningsfylte, som til dømes kan være å tenne eit kaffibål eller fiske i elva.

Les meir om prosjektet på heimesidene til Nordlandsforskning

Powered by Labrador CMS