Annonse
Forskarane dyppa jordbærplantenes røter i ei løysing med nyttesopp. Soppen lever inne i planten og fungerer nærmast som ei sikringsvakt. (Illustrasjonsfoto: Elena Yakusheva / Shutterstock / NTB scanpix)

Sopp blei sikringsvakt for jordbæra

Forsøk viser at soppen beskyttar mot skadedyr og antakeleg også plantesjukdomar – og er med på å auke plantevekst.

Publisert

Forskarar er på sporet av ein ny alliert mot ulike skadegjerarar som utgjer ein fare for jordbærplanter.

Ved å dyppe røtene til jordbærplanter i ei løysing med nyttesoppene Metarhizium robertsii og Beauveria bassiana, viste det seg at plantane blei meir motstandsdyktige mot angrep av skadegjerarar og antakeleg også sjukdom. Dessutan veks plantane betre. Forsøka blei gjort i laboratoriet, i veksthus og i felt.

Forskinga er eit samarbeid mellom forskarar frå NIBIO, Københavns Universitet og Universitetet i São Paulo.

Går inn i planta

Nyttesoppane tilhøyrar ei gruppe som vi på norsk kallar putesoppar.

– Tidlegare blei dei primært sprøyta på plantene som eit slags mikrobiologisk plantevernmiddel for å drepe skadedyra direkte. Dette skjedde ved at soppsporane landa på insektet eller midden sin hud, spirte og trengde igjennom huda for deretter å drepe vertdyret innanifrå.

Forskarane dyppa røtene til jordbærplanter i ei løysing med utvalde nyttesopp. (Foto: Fernanda Canassa / São Paulo University)

– Fram til no har ein tenkt på desse soppane primært som jordlevande, men gjennom nyare forsking har vi funne ut at soppen også kan leve endofytisk – det vil seie at han lever inne i planta utan å skada ho. Det ser til og med ut til at desse putesoppane fungerer som plantas «sikringsvakt», seier Ingeborg Klingen.

Ho er forskingsleiar for avdeling skadedyr og ugras i skog-, jord- og hagebruk ved NIBIO.

– I kontrollerte laboratorieforsøk med bønner, som blei utført ved Københavns Universitet, viste det seg at soppene hindrar angrep av skadegjerarar som spinnmidd og auka bønneplanta si vekst, seier ho.

Forskarane fekk tilsvarande resultat når dei testa soppane på jordbær i veksthus og felt i Brasil, fortel stipendiat Fernanda Canassa.

Gode resultat med jordbær

– Vi dyppa røtene til to ulike sortar jordbær i løysingar med nyttesopp. Vi hadde svært gode resultat med den eine jordbærsorten. Biomassen på avlinga blei betydeleg større og det var ein reduksjon i talet på veksthusspinnmidd. Med den andre sorten såg vi ikkje ein så stor forskjell, seier ho.

Ein fekk tilsvarande resultat når en testa soppane på jordbær i laboratoriet, veksthus og felt. (Foto: Fernanda Canassa / São Paulo University)

Canassa fortel at dei brasilianske forskarane samarbeider tett med plantevernmiddelprodusentar i Brasil. No skal dei teste nyttesoppløysinga på ulike planteskadegjerarar i ulike plantekulturar.

– Målet er å ha eit produkt klart i løpet av nokre år, seier stipendiaten.

Ho fortel at det har vore ei stor auking i etterspurnaden etter biologiske plantevernmiddel i Brasil på grunn av nye reglar rundt integrert plantevern. Klingen bekreftar at dette også gjeld for Noreg og Europa.

– Nye reglar rundt integrert plantevern har gjort at det har blitt litt meir fart i sakene. Ho legg til at Brasil er blant verdas største landbrukseksportørar.

Skal teste på norske jordbær

No ynskjer forskarane ved NIBIO å jobbe vidare med desse nyttesoppane og verknaden på norske jordbær.

– Dette er spanande også for norske dyrkarar og no håper vi på å teste nyttesoppen også mot dei viktigaste soppsjukdommane og skadedyra her til lands, avsluttar Klingen.

Powered by Labrador CMS