Piggsvina er til stades langt inn i tettaste bykjernen. (Foto: Tom Schandy, Samfoto, NTB scanpix)

Piggsvina trivst i tjukkaste byen

Ved hjelp av sosiale medier er piggsvinet nå kartlagt inn i tjukkeste asfaltjungelen. 

Artikkelen er produsert og finansiert av NIBIO - Les mer

Fact: Click to add text

Piggsvin

  • Går i dvale når frosten kjem.
  • Kroppstemperaturen går da frå 35 til 10 grader
  • Pulsen går frå 90 til 20
  • Har rundt 7000 piggar
  • Er ikkje lenger utryddingstrua
  • Lever vanlegvis av meitemark og insekt, pluss litt frukt
  • Likar mjølk, men toler ikkje meieriprodukt

 

Om Facebook-aksjonen

Oppfordringa via Facebook i juni 2015 vart:

  • delt 363 ganger
  • nådde 81 856 personer
  • lest av 8743,
  • likt av 2934

Resulterte i 582 innmeldte observasjonar. 

Dei same 582 mottok spørreundersøking i etterkant med ulike kvalitative spørsmål, til dømes om kvifor dei valde å melde frå, og korleis dei såg på slike undersøkingar. Rundt 1/3 svarte.

Ingrid Hjorth-Johansen ville finne ut korleis natur opptrer i byen. 

Som case valde ho piggsvin. Dessutan ville ho sjå kva forskjellig bruk av areala hadde å seie for talet på observasjonar av piggsvin. 

– Utgangspunktet for oppgåva var å vise at naturforvaltning også er viktig i by, seier Hjorth-Johansen. 

Det eksisterer nemleg ikkje eigne retningslinjer for forvaltning av dyreliv i by i Noreg.

Kartlegginga var ein del av masteroppgåva til Hjorth-Johansen. Ho ville studere korleis natur opptrer i by og vurdere ulike metodar for informasjonssanking.

Tradisjonell metode

Wenche Dramstad er landskapsforskar ved NIBIO, professor II ved NMBU i seksjon for landskapsplanlegging og rettleiaren til Hjorth-Johansen. 

Ho fortel korleis metoden på studien vart endra då den opprinnelege kartlegginga ikkje førte fram. 

– Planen var å samle inn data via ein metode kalla transekt. Det betyr å leggje ut faste ruter som ein registrerer informasjon langsmed, seier Dramstad. 

Basert på hypotesar om kor piggsvin kan finne næring, og med eit sideblikk til ein liknande studie frå Oslo for vel 15 år sidan, valde dei ut område for registrering.  

Dessverre fann ikkje studenten nokon piggsvin etter å ha tråla gatelangs i time etter time, natt etter natt. Det var heller ikkje heilt risikofritt for ei ung kvinne å farte rundt i parkar og portrom på seine kvelder og netter.

Ingrid Hjorth-Johansen har kartlagt piggsvin i Oslo. (Foto: Nibio)

– Tok heilt av

Etter null funn via den klassiske transektmetoden var det på tide å tenke nytt. Student og rettleiar vart da einige om å prøve ut sosiale medier til å hente inn data.

Gjennom samarbeid med Oslo kommunes bymiljøetat vart det på deira Facebook-vegg lagt ut ei oppmoding til folk om å melde frå om observasjonar av piggsvin i byen.

– Det tok heilt av, ler Ingrid.

– På få dagar fekk eg inn hundrevis av observasjonar å jobbe vidare med. Folk fortalde kor dei hadde sett piggsvin, om dei hadde sett dei fleire gonger, og om piggsvinet dukka opp på ein fast plass. Slik kunne vi plotte eit kart som viste stad og tal på alle piggsvinfunna.

Masteroppgåva viser på denne måten nytten forskinga kan ha av sosiale kanalar for innbyggjardialog og deltaking, såkalla citizen science. Det vil seie metodar der frivillige utan forskarbakgrunn blir engasjerte i datainnsamling.

Høg asfalttoleranse

Det skulle vise seg at piggsvina vart observerte i større grad på uventa plassar enn der ein venta å finne dei. Observasjonane viste at dei er til stades langt inn i tettaste bykjernen.

– Med utgangspunkt i datagrunnlag som NIBIO hadde tilgang til, kunne vi fylle på med informasjon om dei areala der folk rapporterte om piggsvinobservasjonar, fortel Dramstad.

– Vi la eit rutenett over byen og fann ut kor mykje «grønt» og «grått» areal det var i kvar rute, det vil seie mjuke kontra harde flater.

Materialet viste ein svært høg score av observasjonar i område med mykje «grått», altså mykje asfalt og betong. Fleirtalet vart gjort i miljø med blanding av grønt og grått. Det tyder på at dyret har høg toleranse for harde flater som asfalt og betong.

Kva forklarer høge funn midt i byen?

Det kan vere ulike årsaker til dei mange observasjonane som vart gjort i den sentrale bykjernen. Ein del av forklaringa er truleg at her er det folk i gater og parkar stort sett heile døgnet. Nattdyret piggsvin får ikkje vandre heilt aleine.

Dramstad har også ei anna forklaring. 

– Noko av grunnen til at piggsvin finst så langt inn i byn, kan vere at dei blir pressa inn mot sentrum av sin naturlege fiende, grevlingen. Han held seg meir i utkanten av byen og da kan det vere tryggare for piggsvinet å trekke innover sjølv om andre farar ventar der, seier ho.

Piggsvina er trivelege dyr. Dessutan gjer dei ikkje skade. Tvert imot er dei kjente for å gjere nytte for seg. (Foto: Nibio)

Kvifor likar vi piggsvin?

Mange likar piggsvinet. Men kvifor det? Vidar Selås, professor ved institutt for naturforvaltning ved NMBU, har forska på smågnagarar og underviser og rettleier studentar innan zoologi, økologi og naturforvaltning.

– Piggsvin er annleis enn andre små dyr, innleier han.

– Ein ting er at dei har spesiell utsjånad, noko Kjell Aukrust portretterte så treffande i karakteren Ludvig. Ein annan ting er at piggsvin, i motsetnad til dei fleste andre dyr, ikkje blir redde og stikk av. Dei krøllar seg berre saman og blir verande, seier Selås.  

Slik kan vi kome tett innpå dei utan at dei flyktar. Dei har få naturlege fiendar og er derfor uredde, samtidig som dei ikkje er spesielt truande.

Dessutan gjer dei ikkje skade. Tvert imot er dei kjente for å gjere nytte for seg. Dei et sniglar til dømes. Tidlegare vart det og gjort eit poeng av at det var bra å ha piggsvin i nærområde fordi dei tar hoggorm. Piggsvinet er immun mot gifta til ormen.

– Da eg vaks opp, var det ikkje uvanleg at folk sette ut piggsvin i hagane sine, fortel professoren. Eg vil tru det var både fordi dei vart rekna som nyttige, og fordi dei er trivelege, seier han.

Fordi mange set pris på piggsvinet, er det og mange som ønskjer å mate dei, til dømes med mjølk. Det oppmodar Selås til ikkje å gjere. Normalt  treng ikkje piggsvin å fôrast, og mjølk toler dei ikkje.

Urban matstil

Gatekjøkkenmat, hamburgar og pommes frites er døme på kva folk rapporterte at dei hadde sett piggsvin ete.

– Kanskje er det så enkelt at om dei skal overleve i byen, så må dei gjere det på byens premissar, seier Ingrid Hjorth-Johansen.

Sjølv om svært mange observasjonar vart gjort i sentrum, betyr ikkje det at piggsvina ikkje lenger er i bustadområde og hagar.

– Det betyr berre at dei finst i byen, og på heilt andre stader enn ein skulle tru, seier ho.

Powered by Labrador CMS