– Alle fiskeartar kan lære, men kva dei kan lære varierer frå ulike artar, seier Anders Fernø, professor i biologi ved UiB.
I oppdrettsnæringa kan stress og dårleg matlyst hos laksen gje dårlegare kvalitet. Men for å vege fisken, må oppdrettarane stadig vekk håve fisken for å få han på vekta.
– Teoretisk sett kan ein lære laksen å forbinde håven med noko positivt som mat, slik at han svømmer til håven, seier Anders Fernø.
Forventing om mat
Vi er i Miljøhallen til Havforskingsinstituttet i Masfjorden. Der har postdoktor Ole Folkedal 1200 laks fordelt på seks kar. Kvar time gjev Folkedal laksane ei rekke lysblink. Laksen skvett til, Men då det like etter kjem mat, byrjar dei å ete.
– Når me byrjar denne treninga, skvett laksen til. Etter kvart som dei lærer at blink betyr mat, byrjar dei å svømme til foringsområdet og stille seg i kø for å vente på mat. Lysblinket som først vart opplevd som skremmande er snudd til noko positivt, ei forventing om mat, seier Folkedal.
Når fisken etter vel to veker har lært å assosiere lysblink med å svømme til foringsområdet, kallar åtferdsbiologane dette for forventingsåtferd. I doktorgradsarbeidet sitt har Folkedal undersøkt korleis dette kan nyttast som ein måte å måle fiskens motivasjonstilstand og stressnivå.
Når Folkedal stressa fisken, til dømes ved å endre temperaturen eller oksygennivået i vatnet, responderte fisken med mindre matlyst.
Pigment og personlighet
Folkedal kom fram til at forventingsåtferd kan brukast som ein indikator på kor bra fisken har det i oppdrettsanlegget. I haust disputerte han ved UiB under rettleiing av Anders Fernø.
– Eg har lyst til å skryte av samarbeidet med Havforskingsinstituttet. Det er svært gode forskingsfasilitetar dei rår over. Når det gjeld fiskeforsking er Bergen med Havforskingsinstituttet og UiB ei stormakt i verda, seier Anders Fernø.
Dei 1200 laksane som sym rundt i Miljøhallen i Masfjorden er merka med farga perler. Desse perlene har dei fått etter mengda pigmentflekkar på skinnet. Etter kvart som forsøket går sin gang, prøver fiskeforskarane å finne ut om pigmentflekkane har noko å seie for personlighetstrekket til fisken.