Levande juletre best for miljøet

Er det på tide å byte ut den friske julegrana med eit plasttre som kan brukast fleire gonger? Nei, juletredyrking kan vere bra både i den økonomiske og den klimamessige rekneskapen.

Published
Kvart år produseras nærare ein million juletre i Noreg. (Foto: Ragnar Våga Pedersen)
Kvart år produseras nærare ein million juletre i Noreg. (Foto: Ragnar Våga Pedersen)

Ein skulle kankje tru at eit tre som kan brukast på nytt kvart år, er det beste for miljøet, men plasttreet skal ha eit langt liv før det blir meir miljøvenleg enn eit levande tre.

Forureinande produksjon, transport og utslepp ved forbrenning gjer plasttreet til eit dårleg alternativ.

Det beste for miljøet er nok å gå ut i eigen skog, felle eit tre med handmakt og frakte det heim per muskelkraft, men også kommersiell juletreproduksjon kan få CO2-rekneskapen til å gå i pluss.

Tal frå Danmark syner at eit areal med eviggrøne, rasktvoksande juletre bind dobbelt så mykje CO2 som eit tilsvarande areal med lauvskog, som misser blada kvart år.

Dersom juletreet etterpå blir brend istadenfor olje eller gass, aukar gevinsten. Men mange faktorar spelar inn.

1,9 millionar juletre kvart år

Norske husstandar tek 1,9 millionar juletre inn i stovene kvart år. Om lag 1,5 millionar av desse er omsett gjennom kjøp og sal, og av desse er 600 000 importert frå utlandet.

- Men Noreg har gode dyrkingstilhøve for juletre, og med dagens prisnivå er det lønsamt å produsere. Ikkje mange produkter kan konkurrere på lønsemd, så sant kvaliteten på trea er god, så potensialet for norsk juletreproduksjon er stort, seier forskingsleiar Arne Sæbø ved Bioforsk Vest.

Han har forska mykje på dyrkingsregime for ulike juletresortar. I dag er 65-70 prosent av juletreproduksjonen mogleg å omsetje, og målet er at denne prosenten skal auke.

Se også: Juletreguiden fra Skog og Landskap

Fleksibel produksjon

- I Noreg har det skjedd ein overgang frå å produsere juletre i utmark til å produsere på dyrka mark, og mekaniseringsgraden har også auka. Det at juletredyrking blir teke meir på alvor, gjer at kvaliteten også aukar.

- Men mange er motstandarar av å omdisponere dyrka mark på denne måten, seier Sæbø, som sjølv meiner konflikten kring arealbruken er litt kunstig.

- Juletreproduksjon endrar ikkje på jordsmonnet. Ein kan avslutte produksjonen og gå tilbake til å dyrke andre landbruksvarer etter kort tid.

Rett tresort til rett klima

Juletre treng stell og gjødsling. Det viktigaste er å velje godt plantemateriale, og å vite korleis ein skal behandle trea.

Av dei 900 000 trea som blir produserte i Noreg kvart år, er om lag 55 prosent edelgran, ein andel som har auka sterkt dei siste tiåra.

- Alle typar passar ikkje overalt. Fjelledelgran og nordmannsedelgran, begge artar som vi no har forskingsprosjekt på, har ulike krav til klima. Fjelledelgrana bryt tidleg om våren og er dermed var for vårfrost.

- Nordmannsedelgran kan bli skadd dersom det er for mange dagar med sterk frost. Edelgran veks dessutan seint dei første åra, deretter raskare og kanskje for raskt mot slutten. Rett gjødsling er viktig for å få jamnare vekst, seier Sæbø.

Vi dømmer etter utsjånaden

Juletre-estetikk er ikkje noko å kimse av. Ifølgje Sæbø vil nordmenn gjerne ha slankare tre enn danskane. Trea må klippast og formast for å få den rette fasongen. Toppskotet er det største problemet.

- Det bør ikkje vere for langt, for då blir det lang avstand mellom greinkransene. Lengda på toppskotet varierer frå år til år.

- På vanleg norsk gran kan ein kutte toppskotet, men gjer ein det på edelgran, vil det nye skotet blir krokete og øydeleggje fasongen på treet. Vi prøver å finne den beste måten å regulere dette på utan bruk av kjemikalie som minkar veksten, fortel han.

Den friske granlukta er derimot ikkje med i forskingsprosjekta.

- Vanleg norsk gran er nok den som luktar best. Men den dryss til gjengjeld også mest, seier Sæbø.