Denne artikkelen er produsert og finansiert av Universitetet i Oslo - les mer.

Medan hip-hop er ein kultur, er rap ein vokalteknikk som kjem frå og er forma av denne kulturen, seier Kjell Andreas Oddekalv.

Rap-artist og forskar: Kvifor er rap-musikk så populært?

Rapparen Kjell Andreas Oddekalv har funne svar i eiga forsking.

– Rap har for lengst blitt den største musikksjangeren globalt. I USA er ein stor del av strømmingane rap-musikk, og det same gjeld i Noreg, Sverige og Danmark, seier Kjell Andreas Oddekalv.

På strømmetenesta Spotify si liste over mest spelte låtar i Noreg, må du i dag heilt ned til sjuandeplass for å finne ein låt utan rap på. Artistar som Karpe, Undergrunn og Ballinciaga går igjen.

Oddekalv er sjølv rappar i gruppa Sinsenfist. Han er i tillegg forskar, og i desse dagar disputerer han med ein doktorgrad om rap-sjangeren. Då han tok mastergrad for nokre år sidan, var feltet framleis underutforska. Dette har endra seg.

– Akademia var på etterskot lenge. Men når rap no har blitt den store mainstream-sjangeren, er det ikkje så rart at akademia følgjer etter.

Forskar Kjell Andreas Oddekalv er sjølv rappar i gruppa Sinsenfist.

– Alle kan finne noko dei liker

I mastergraden analyserte Oddekalv rytmen i rap-vokal hos tre norske artistar: Elling Borgersrud i Gatas Parlament, Runar Gudnason i Side Brok og Lars Vaular.

I doktorgraden gjekk han breiare ut: Her har han skrive om kva teknikkar rap-artistar brukar. Korleis er forholdet mellom tekst og musikk? Kva er det som skjer i rytmen dei stadane ein berre tenkjer: «Kva gjorde dei der?»

– Heilt frå hiphop-ens fødsel har det handla om å blande sjangeruttrykk. Så lenge det er feitt, kan ein ta det med. Nokon rapparar hentar ting frå reggae, andre frå funk eller frå elektronisk dansemusikk (EDM). Alle kan finne noko dei liker. Dette er nok éi årsak til populariteten.

Medan hip-hop er ein kultur, er rap ein vokalteknikk som kjem frå og er forma av denne kulturen, legg Oddekalv til.

Å høyre til

Han trur også at mange liker rap fordi det kan gje ei kjensle av at ein høyrer til. Den norske gruppa Karpe rappar til dømes om å vere del av ein minoritet, som i låten Paf.no:

Nye sedler og nye sedler
Og jeg får nye sedler og nye sedler

Og jeg får

Men ingen ser ut som oss på pengene ennå

– I ei globalisert verd er rap ein veldig globalisert musikkform. Alle kan finne noko av seg sjølve i han. Sjangeren er så brei at han er tilgjengeleg for alle, meiner Oddekalv.

Den leikande rap-en

Også i det musikk-tekniske kan vi finne moglege forklaringar på rap-ens popularitet. Oddekalv skildrar rap-en som leikande: Han leikar med ting som vi menneske liker.

– Rap-musikk er ei blanding av det vi ventar og det vi ikkje ventar. Det diggar hjernane våre. Du har ein viss struktur, samtidig som det ikkje blir kjedeleg. All musikk kan gjere dette, men rap-en har mange verktøy for å kunne leike på denne måten.

Her handlar det spesielt om møtet mellom tekst og musikk, påpeikar han.

– Dette møtet blir viktigare i rap-en enn i mange andre sjangrar som er meir reint musikalsk strukturerte.

Eit eksempel er Lars Vaular sin låt «Helt om natten, helt om dagen», ifølgje Oddekalv.

– Dei første fire taktene er heilt symmetrisk organiserte, slik at tekstlinjer og takt følgjer kvarandre tett. Tekstlinja startar på første slaget, rimet er på det fjerde. Men i dei neste fire taktene landar rima på uventa plassar. Du får ein lyrisk struktur som ikkje er den same som den musikalske strukturen.

Kjell Andreas Oddekalv har analysert «flowen», altså forholdet mellom tekst og musikk, i rap-musikk. – Mange tenkjer på rap som at ein pratar rytmisk over musikk. Men det er ikkje så enkelt. Du kan ikkje analysere han som ein tekst på eit ark. Rap-en er ein type song, han er berre meir talenær enn dei fleste andre typar song, seier han.

– Lyttarar er forskjellige

Dermed blir det eit brot, ei dobbelheit, i musikken, forklarer han.

– Det synest eg er veldig tøft.

Ein vanleg teknikk rapparar bruker for å skape eit forventningsbrot, er å la rimet lande på det første slaget i staden for det fjerde. Denne teknikken har Oddekalv døypt einriming.

I forskinga hans er det likevel eit poeng at alle lyttarar og lytteopplevingar er ulike. Vi menneske opplever ikkje nøyaktig det same når vi høyrer eit musikkstykke.

– At forventningar, forventningsbrot og musikalske tvetydigheiter er viktige for korleis vi orienterer oss i musikken, er det brei støtte for i musikkpsykologien. Men kva som er venta og kva som er tvetydig vil kunne variere frå lyttar til lyttar. Nokon vil heilt sikkert kunne irritere seg over dei forventningsbrota som eg liker.

Den magiske mikrorytmen

I forskinga si har Oddekalv lytta mykje til musikk. Han har i tillegg intervjua rapparar, og han har analysert timingen i rap-musikk heilt ned på mikronivå.

– Det kan skje mykje magisk i mikrorytmen. Kvar er stavinga plassert i forhold til tromme-beaten, for eksempel. Slike analysar har eg gjort mange av.

I doktorgraden har han utvikla eit analytisk rammeverk for rap-musikk, der ein kan sjå på både makro- og mikronivået i musikken.

– Kor bevisste er rapparar på dei teknikkane du skriv om?

– Dette har eg berre litt intervjudata på, men eg har fått mykje kunnskap ved å snakke med folk. Eg trur at det er veldig varierande. Nokon er svært bevisste på heilt spesifikke detaljar i flowen sin. Men det mest vanlege er nok at ein har lært seg ting gjennom å lytte til, og lage, rap, og at ein derfor gjer ting utan å vere bevisst på kva det er på detaljnivå.

Å forstå populære fenomen

Sjølv har ikkje Oddekalv blitt særleg meir analytisk når han skriv rap-låtar enn han var før.

Men eg forstår ting betre – for eksempel kvifor ein låt høyrest bra ut.

– Kvifor er det viktig å forske på dette?

– For musikkelskarar og bransjefolk kan dette vere svært nyttig kunnskap. Men først og fremst tenkjer eg at når det finst noko i verda som folk bryr seg om, har det ein verdi å forstå meir av det. Ein kan sjå musikkanalyse som ein slags grunnforsking som gjer at vi forstår eit fenomen betre.

I eit grenseland

Oddekalv vil ikkje peike ut nokon eigne favorittartistar. Men han kjem gjerne med musikktips: Eit av dei er den amerikanske rapparen Chika og EP-en «Songs About You», som han brukar mykje plass på i analysen sin.

– Chika leikar med grenseoppgangen mellom song og tale og viser det grenselandet rap-en er i. Ho er eit erkeeksempel på god flow med korleis linjer og takt går i hop, og korleis trykktunge stavingar landar på trykklette plassar i takta.

Eit anna eksempel er Bergens-rapparen Linni.

– Han er ein ekstremt produktiv artist med ei enorm breidde i stil og uttrykk. Éi plate går éin veg, ei anna ein annan veg. Han kan vere maskingevær-presis når han vil, og han kan symje og leike med timing når han vil det. Linni er ein gøy case for folk som har lyst til å fordjupe seg i at rap kan vere mykje forskjellig.

Referanse:

Kjell Andreas Oddekalv: What Makes the Shit Dope? The Techniques and Analysis of Rap Flows. Doktorgradsavhandling ved Universitetet i Oslo, 2022. (Nettside på UiO om avhandlingen)

Powered by Labrador CMS