Løyser gåta om Gaul-forliset

Lagnaden til den britiske trålaren "Gaul" er eitt av dei vedvarande mysteria frå den kalde krigen. Med eit mannskap på 36 gjekk båten ned utanfor Nordkapp i 1974 - utan nødsignal. Meteorologiprofessor Sigbjørn Grønås er på sporet etter svaret.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Forliset er framleis under etterforsking, og i snart 30 år har det gått hardnakka rykte om at trålaren, som no ligg på 280 meters djup på Nordkappbanken, blei torpedert av russarane, fordi båten var eit spionskip. Den britiske regjeringa skal finansiere nye undersøkingar med fjernstyrt ubåt i slutten av juli i år, truleg med Tromsø som base.

Overraska av dårleg vêr

Men Sigbjørn Grønås kan sjå tilbake i tida og påvise andre årsaker til at trålaren gjekk ned. Inspirert av ein teori frå britiske myndigheiter, har han sett i gong arbeidet med å rekne ut vêrforholda i Arktis då trålaren forliste. Utrekningane tyder på at “Gaul” trefte ein såkalla arktisk front.

- Etter at vraket av trålaren blei lokalisert i 1997, gjorde britiske myndigheiter nye undersøkingar, og konkluderte med at båten brått må ha blitt overraska av store bølgjer. Bileta frå havbotnen avslørte nemleg at fleire dører og luker var opne, så båten kan ha gått ned fordi den tok inn vatn, forklarer Grønås. Han er meteorologiprofessor ved Geofysisk institutt ved Universitetet i Bergen, og gjennomfører forskingsprosjektet saman med sine studentar.

Arktiske frontar og polare lavtrykk

"Meteorologiprofessor Sigbjørn Grønås lagar detaljerte vermeldingar tilbake i tid for å løyse gåta om forliset av trålaren Gaul."

- I arktiske hav er det ein del spesielle meteorologiske fenomen om vinteren, spesielt når polarfronten held seg på mildare breidder. Desse fenomena er arktiske frontar og polare lavtrykk, med vind opp til orkan styrke, som kan sette opp store bølgjer og skru havisen. Mange norske fiske- og fangstskuter har blitt borte under slike forhold, seier Grønås.

Frontane reflekterer gjerne dei store temperaturskilnadene mellom kald luft over havisen, og varmare luft over ope hav. Dei er også gjerne karakterisert ved svært skarpe overgongar. Vinden kan gå frå bris til storm eller orkan innanfor ein avstand på 10 km. Ein del av hypotesen britiske myndigheiter er at båten var på veg mot Honningsvåg utan at alle luker og dører var tetta.

Simulerer atmosfæren for 8. februar 1974

- Forskinga er knytt til simulering av atmosfæren over eit mindre område, forklarer meteorologen. Kraftigare datamaskinar og nye metodar, saman med nye såkalla reanalysar frå det europeiske vervarslingssenteret ECMWF - European Centre for Medium-Range Weather Forecasts, har gjort desse utrekningane mogelege.

Senteret, som er lokalisert i England, lagar daglege vêrvarslingar frå Europa, og har hatt eit prosjekt på gong med å lage nye analyser av tilstanden til atmosfæren for kvar sjette time frå 1958 til i dag, og har akkurat kome forbi 1974.

- For å undersøke ein spesiell situasjon, hentar eg data for senteret, forklarer Grønås. Med dette som utgangspunkt kan han lage simuleringar av vêret på ein mykje finare skala.

Kontrollerer med observasjonar

I ein global vêrvarslingsmodell er det kanskje 50 km mellom gitterpunkta. Grønås lagar modellar med ned til 5 km mellom gitterpunkta. Dette får fram langt fleire detaljar i vêret enn gitt i dei globale analysane, og det blir altså mogeleg å studere korleis vêrforholda var ein formiddag i februar 1974 - på ein bestemt stad i Arktis.

Resultatet i modellen blir samanlikna med observasjonar, for eksempel frå Bjørnøya, Aust-Grønland, og Jan Mayen. I tillegg har Grønås samla observasjonar frå fleire trålarar som var i området.

- Når modellen stemmer med observasjonane, så stolar eg på det modellen viser, seier Grønås, som håper å vere ferdig med utrekningane til sommaren.

Arktisk front frå januar 1993

I omtrent det same området som “Gaul” forliste, målte eit skip frå kystvakta den 12. januar 1993 orkan vindstyrke. Vinden, som ikkje på nokon måte var varsla, var knytt til ein arktisk front.

Ei oppteljing av statsmeteorolog Kari Wilhelmsen i Tromsø viser at 342 nordmenn har omkome ved forlis i Arktis i løpet av dei siste hundre åra. Truleg er dei fleste ulukkene på grunn av arktiske frontar og/eller polare lavtrykk. Tragedien med “Gaul” var kanskje også ei slik ulukke.

Ingressfoto: Philippe Lijour

Powered by Labrador CMS