Tidsfølelse spora til hjerneceller

Føler du at tida stopper opp når du blir redd? Funn av timeglas-nerveceller i hjernen tyder på ei lenke mellom tidsfølelse og adrenalin.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Basehopparar fortel at tida går saktare under eit hopp. Ein ny studie kan medverke til å forklare vår følelse av tid. (Foto: Colourbox)

I samarbeid med:


 

Denne saken er produsert av NRK.

Nokre hendingar i livet får tida til å sakke eller nærast stoppe opp. Det kan for eksempel vere i augeblikket der du mister kontrollen over bilen, eller du kastar deg utfor fjellkanten i eit luftig basehopp.

Ein ny studie frå University of Minnesota kan medverke til å forklare kvifor tida synest å gå svært sakte når vi har sterke opplevingar av til dømes frykt eller glede.

Forskarane Geoffrey Ghose og Blaine Schneider har funne timeglas-nerveceller i hjernen som kan vere hjernens indre klokke. Dette melder New Scientist.

Studien er nylig publisert i tidsskriftet PLoS Biology.

_____________________

Les hele saken på NRK.no

Powered by Labrador CMS