Spiseforstyrringar kan påverke minnet

Ein intelligenstest av personar med alvorlege spiseforstyrringar viser at mange slit med oppgåver som har med arbeidsminne og tempo å gjere. Funna kan gje betre behandlingsmetodar i framtida, håpar forskarane.

Eteforstyrringar påverkar kroppen i stor grad, då og hjernen. (Foto: Scanpix, SWNS)

Anorexia nervosa og bulimia nervosa

Anorexia nervosa (AN) er ei spiseforstyrring kjennetegna av ein vegring mot å opprettholde ein sunn kroppsvekt, og en tvangsprega frykt for å gå opp i vekt på grunn av eit forvrengt sjølbilde.

AN er ei alvorlig psykisk liding ofte ledsaga av andre lidingar, og har høgast dødelighet av alle psykiske lidingar.

Mellom 0,2-0,4 prosent av den norske befolkninga lid av anoreksi.

Bulimia nervosa er ei spiseforstyrring kjenneteikna av tilbakevendande overspising, etterfølgt av kompenserande atferd. Den vanlegaste forma omfattar sjølvframkalte brekningar, nokre gongar kalla «purging», men faste, bruk av avføringsmiddel, klyster, vanndrivande middel og overdriven trening er òg vanleg.

Rundt 1,2 prosent lid av bulimi.

– Når ein slankar kroppen så kraftig, slankar ein på ein måte òg hjernen. Difor er det viktig med tidleg behandling for å unngå langvarig undervekt, seier stipendiat Siri Weider ved NTNU.

Spiseforstyrringar er alvorlege psykiske lidingar, og det antas at dette er den psykiske lidinga som har høgast dødelegheit.

Weider viser til at spiseforstyrringar påverkar kroppen og hjernen i stor grad. Bildediagnostiske studiar har vist tap av hjernemasse hos pasientar med anoreksi.

Langvarig sjuke testpersonar

I si undersøkinga til Weider vart ei forsøksgruppe på 41 personar med anorexia nervosa og 40 personar med bulimia nervosa testa opp mot ei kontrollgruppe på 40 friske personar.

Personane i undersøkinga var i gjennomsnitt nærare 28 år gamle, og hadde i snitt lidd av spiseforstyrringar i meir enn ti år. Føremålet var å studere evnene til personar med anoreksi og bulimi.

Personane i testgruppene lei av alvorlege spiseforstyrringar med behov for intensiv behandling, og hadde vore sjuke i lengre tid.

– Dette gjer at pasientane ikkje naudsynlegvis er representative for alle med spiseforstyrringar, seier Weider.

Kognitive vanskar

I undersøkinga kjem det fram at personar som lid av anoreksi, viser fleire kognitive vanskar samanlikna med ei frisk kontrollgruppe med tilsvarande kjønn, alder og utdanning. Det vil seie problemer med det som har å gjera med tenking, erkjenning og oppfatning – altså motsetnaden til kjensler.

Forskaren legg til at det ikkje er sikkert om desse skilnadene kjem før eller etter spiseforstyrringa.

– Det er mogleg at dette er medfødde eigenskapar hos personane vi har testa, men det er meir sannsynleg at dette er faktorar som kjem av lidinga, seier Weider.

I undersøkinga har både dei som lid av anoreksi og kontrollgruppa høgare utdanning enn landsgjennomsnittet.

Skårar lågare på tempo og arbeidsminne

Ei etablert oppfatning av at personar som lid av anoreksi er spesielt evnerike, kan ha ført til at ein har hatt store krav til pasienten i behandlinga. (Foto: Scanpix, Kevin Coombs)

Undersøkinga gjekk ut på å teste personar på Wechsler Adult Intelligence Scale (WAIS-III). Det er ein internasjonal brukt metode for å teste intelligens og er berekna på vaksne personar.

Forskarane brukte ein norsk versjon av testen, men den er basert på amerikanske normer. WAIS-III brukast for å finne det forskarane kallar ein evneprofil.

Testen inneheld fjorten deltestar under dei to kategoriane verbal intelligens – det vil seie forståing og bruk av språk – og utføringsintelligens – nærare bestemt evne til å løyse praktiske oppgåver.

– I undersøkinga finn vi at personar som lid av anoreksi og bulimi skårar innan normalområdet på alle testane. Men dersom vi samanliknar dette med friske av same kjønn, alder og utdanning, ser vi ein ulikskap, særleg blant dei som lid av anoreksi, seier Weider.

– Når vi matchar med desse kriteria ser vi at dei som lid av anoreksi har ein litt svakare skår på mange av måla, spesielt på oppgåver som har med tempo og arbeidsminne å gjere, seier Weider.

Skreddarsy behandling

Basert på funna, håpar Weider det kan vere mogleg å skreddarsy behandlinga og oppfølginga til personar som lid av spiseforstyrringar.

- Når vi no veit at personar som lid av anoreksi kan ha problem med arbeidshukommelse og temp, er det noko som bør takast omsyn til i handsaminga, seier stipendiat Siri Weider ved NTNU. (Foto: NTNU)

Ei etablert oppfatning av at personar som lid av anoreksi er spesielt evnerike, kan ha ført til at ein har hatt store krav til pasienten i behandlinga. Denne undersøkinga kan vere med på å bidra til betre behandlingsmåtar, meiner forskaren.

– Når vi no veit at personar som lid av anoreksi kan ha problem med arbeidsminne og tempo, er det noko som bør takast omsyn til i behandlinga. For personar som lid av bulimi, kan det vere ein fordel å bruke ikkje-verbale teknikkar, som uttrykksterapi, som supplement til ordinær terapi for å oppnå best mogleg behandling, seier ho.

Skårar best på utføringsintelligens

For testgruppa som lei av bulimi, fann Weider nokre vanskar på verbale testar, men skilnaden mellom bulimigruppa og kontrollgruppa forsvann når det vart kontrollert for depressive symptom. Det understrekar kor viktig der er å behandle depresjon hos denne gruppa. I tillegg gjorde ein eit anna oppsiktsvekkande funn:

– Det var ein ulikskap mellom den verbale intelligensen og utføringsintelligensen i favør utføringsintelligensen. Medan den verbale intelligensen låg på normalen, viste det seg at utføringsintelligensen var særleg høg blant pasientane med bulimi, seier ho.

Referanse:

Weider, Siri m.fl.: Intellectual Function in Patients with Anorexia Nervosa and Bulimia Nervosa i European Journal of Eating Disorders Review, vol. 22, 2013 Samandrag

Powered by Labrador CMS