- Samfunnet må kunne gå rundt utan tilgang til nett, skriv Joar Sande. (Illustrasjonsfoto: Gorm Kallestad / NTB scanpix)

Kva gjer vi dersom straumen blir borte og nettet går ned?

Kronikk:

Dagens utdanning må legge like mykje vekt på «gammaldags» kunnskap som på digital kompetanse.

7.12 2017 05:00

Vi må kunne overleve utan å vere på nett. Dagens samfunn er meir sårbart enn nokon gong før. Kva gjer vi dersom straumen blir borte og nettet går ned? Kva gjer vi dersom nettet blir lenge nede?

Før ferien var det nokon som braut seg inn i datasystema til sjukehus i Storbritannia. Den elektroniske kommunikasjonen gjekk ned, og det måtte kommuniserast ved å sende papirlappar.

Kva skal vi gjere med skulen?

I slutten av november fekk 2700 studentar på BI eksamen utsett fordi datasystemet til skulen svikta.  Men som oftast i skulen, og kanskje spesielt i høgare utdanning, meiner mange at digitaliseringa går for tregt. Alle elevar og studentar har no si eiga datamaskin i tillegg til smarttelefonen, som også er ei kraftig datamaskin. Undervisninga kan leggjast til rette med bruk av nettførelesingar og videoar. Kunnskapen kan testast ved å ta prøvar på nettet. Alt heimearbeid kan leverast elektronisk i Fronter, eller ei anna læringsplattform.

På alle eksamenar er, eller bør det vere, tilgang til PC, og eksamenssvara blir også leverte elektronisk. På den måten får faglærar og sensorar tilgang til oppgåvene med ein gong, og treng ikkje vente på snigleposten. I tillegg vert det mindre papir, sjølv om nokon likevel vel å ta utskrift for dei tek til med rettearbeidet. Teknologien er tilgjengeleg, men den må brukast slik at den tilfører læringsmiljøet ein meirverdi.

Kva gjer vi den neste eksamensdagen nettet er nede? Vil vi vere i stand til gjennomføre eksamenar på den gamle måten?

Bank og bøker

Digitaliseringa auka på då folk flest fekk tilgang til Internett på 1990-talet, og skaut verkeleg fart då smarttelefonen kom i 2007. Nettbanken kom på slutten av 1990-talet, og før det måtte det fyllast ut blå blankettar for innskot og raude for uttak. Bankane hadde mange som arbeidde i skranken, og som måtte punche opplysningane inn i datasystemet. I dag gjer vi alt dette sjølve.

Bankane arbeider vidare med robotisering av tenestene sine, då alt rutinearbeid i praksis kan automatiserast. Dei tilset snart like mange med datautdanning som med økonomiutdanning. Likevel vil kanskje selskap som Google og Facebook ta over når det gjeld betalingstenester.

Nettbutikkane er på full fart inn, i USA har fleire handelskjedar søkt om konkursbeskyttelse då dei er i ferd med å bli utkonkurrerte. Amazon er no størst i verda på sal av bøker. Store handelshus som vart bygde opp på 1980-talet står i dag tomme. I nokre tilfelle blir bygga brukte som senter for datalagring, då firkanta bygg høver godt til det føremålet.

Elektronisk krigføring

I august kolliderte eit amerikansk krigsskip uforståeleg med eit handelsskip utanfor Singapore. Toppleiinga i US Navy har no gitt beskjed om at det i tillegg til å bruke GPS skal navigerast etter kart og kompass. Dei trur det var vondsinna påverking av GPS-signala som var grunnen til kollisjonen.

I Noreg var det nyleg eit fly som kom ut av kurs fordi GPS-signala vart forstyrra. Forsking viser at GPS er sårbar for utilsikta og tilsikta påverknad (jamming), og at det kan føre til direkte feilinformasjon i navigasjonssystem.

Konfliktar i framtida vil starte med elektronisk krigføring, GPS-signal og elektronisk kommunikasjon vil bli slått ut og straumforsyninga vil gå ned. Forsvarssystema er datastyrte, og kan bli tekne over av fienden. Digitalt styrt infrastruktur både i lufta og på jorda vert skadelidande.

Byar på kontinentet er ofte 100 prosent forsynte frå eit nærliggande atomkraftverk, og dersom det blir sabotert forsvinn straumforsyninga til heile byen. I Noreg er vi heldigare stilt, vi har vasskraft der det er mogleg å kople om. Men det føreset at linjenett og transformatorar er intakte, og at det er eit reservesystem for kommunikasjon slik at systemet kan styrast.

Ein så enkel ting som å ha tilgang til nøyaktig tid vert vanskeleg. Før D-dagen 6. juni 1944 spela norske meteorologar ei viktig rolle då tidspunktet for overfarten over kanalen vart bestemt. Yr.no, eit samarbeid mellom NRK og Meteorologisk institutt, har bygd seg opp til å bli ei verdsomfattande teneste. Men Meteorologisk institutt tilset ikkje mange meteorologar lenger, dei treng folk med datautdanning.

Samfunnet må kunne gå rundt utan Internett

Det blir sagt at framtidas taparar er dei som ikkje har digital kompetanse. Du må vere på nettet for å fylle ut og levere inn skjema, utføre banktenester, handle, ha kontakt med offentlege tenester og vere med i det sosiale liv.

Men det er ikkje nok. Du må også ha grunnleggjande kunnskapar i rekning, og kunne gjere deg forstått både munnleg og skriftleg. Du må kunne skrive ei forståeleg beskjed med handskrift på ein papirlapp. Ein sjøoffiser må kunne navigere etter kart og kompass. Ein flygar må kunne flyge utan autopilot. Det må finnast meteorologar som har kunnskap om vêr og vind.

Samfunnet må kunne gå rundt utan tilgang til nett. Dagens utdanning må legge like mykje vekt på «gammaldags» kunnskap som ikkje er digital, som på digital kompetanse. Korleis overlever vi utan tilgang til datamaskin og nett? Treng vi eit overlevingskurs?

forskning.no ønsker en åpen og saklig debatt. Vi forbeholder oss retten til å fjerne innlegg. Du må bruke ditt fulle navn. Vis regler

Regler for leserkommentarer på forskning.no:

  1. Diskuter sak, ikke person. Det er ikke tillatt å trakassere navngitte personer eller andre debattanter.
  2. Rasistiske og andre diskriminerende innlegg vil bli fjernet.
  3. Vi anbefaler at du skriver kort.
  4. forskning.no har redaktøraransvar for alt som publiseres, men den enkelte kommentator er også personlig ansvarlig for innholdet i innlegget.
  5. Publisering av opphavsrettsbeskyttet materiale er ikke tillatt. Du kan sitere korte utdrag av andre tekster eller artikler, men husk kildehenvisning.
  6. Alle innlegg blir kontrollert etter at de er lagt inn.
  7. Du kan selv melde inn innlegg som du mener er upassende.
  8. Du må bruke fullt navn. Anonyme innlegg vil bli slettet.