På nettsida til arrangøren av «International Conference and Expo on Condensed Matter Physics» har dei blant anna eit bilete av La Sagrada Familia, det mest kjende landemerket i Barcelona. Konferansen vart arrangert i Valencia. (Faksimile: forskning.no)

Kronikk: Slik hamna eg på ein useriøs forskingskonferanse

Presset for å få publisert artiklar og delta på konferansar kan vere stort i forskingsverda. Dette har skapt ein ny marknad for dei som vil tene pengar på forskarar.

Å filtrere ut invitasjonar til useriøse konferansar er dessverre noko vi forskarar må bruke tid på. I sommar svikta filteret mitt. Eg beit på og melde meg på International Conference and Expo on Condensed Matter Physics i Valencia.

Presset for å publisera artiklar og delta på konferansar kan vere stort i forskingsverda. Dette har skapt ein ny marknad. Her er det verkeleg pengar å tene på oss forskarar. «Predatory conferences», som ein kallar det på engelsk, er konferansar som gir seg ut for å vere vanlege, legitime vitskaplege møte, men som er utan vitskapleg eller fagleg kontroll.

Det er heller ikkje uvanleg at arrangørane, for å skape legitimitet og interesse, annonserar med velkjende namn innan fagfeltet – utan at desse har noko med konferansen å gjere. Målet med det heile er, sjølvsagt, å tene pengar.

Så, er det ein slik konferanse eg har meldt meg på? Og i så fall: Kva skjer eigentleg på ein «predatorkonferanse»?

Korleis kunne det skje?

Visst, i ettertid ser eg at nettsida til konferansen neppe var 100 prosent overtydande. Men det var lenge sidan eg hadde vore på konferanse, og det var jo hyggeleg å bli invitert.

Dessutan hadde det kanskje ikkje vore så dumt med ein Spania-tur – ikkje minst når sommaren her heime godt kunne ha vore litt varmare og tørrare. Og paella er veldig godt. Hotell, barnefri og rolege dagar – med fagleg alibi. Dessutan kunne eg godt tenkje meg ei oppdatering på fagfeltet, som ligg litt på sida av det eg har forska mest på.

Så når eg først hadde bestemt meg for at dette var noko eg hadde lyst til, blei det litt for lett å vere ukritisk til at teksten på nettsida var i overkant raus med utropsteikna og at «+91» neppe er landskoden du brukar når du ringer til Spania. (Den er indisk.) Og kva gjer forresten eit bilde av La Sagrada Familia blant bilde av turistattraksjonar i Valencia?

Det var nok ikkje det mest rasjonale valet eg nokon gong har tatt, dette. Og det gjorde ikkje saken betre at eg blingsa på tidsfristane og betalte 100 dollar for mykje – for «sein» registrering. Nei, eg var nok heller litt for snar med å betale konferanseavgifta.

Arrangøren gir ut over 60 tidsskrift 

Der var ikkje så mykje å finne på nettet om ryktet til arrangøren, Scientific Federation. Men det eg etterkvart fann, var med på å auke skepsisen mot selskapet. Så kven er dei? På nettsida deira står mellom anna dette:

«Attending a Scientific Federation Conferences [sic] are [sic] immense access to ground-breaking research presentations and discussions, and the informal atmosphere and smaller size of a conferences [sic] provides the best break [?] to develop collaborations (…)» (mine hakeparentesar.)
«Enorm tilgang til banebrytande forsking». Såpass, ja.

Men dei er effektive, det skal dei ha. Berre i oktober i år arrangerer dei ikkje mindre enn seks konferansar – innan immunologi, ernæring, kjemi (polymerar og petrokjemi) og øyre, nase, hals-medisin.

Og dei utgir over 60 tidsskrift – med titlar som «Journal of Flu Science», «Journal of Quantum Physics», «Journal of Intellectual Property Rights» og «Journal of Separation Techniques». Open access, så klart. Ein kan nok få ei kjensle av at dette handlar meir om å tene forskarar enn å tene forskarar.

Ville ikkje la meg melde avbod

Det begynte å demre for meg at å delta på denne konferansen neppe ville pynte på CV-en min. Eg hadde lite lyst til å bruke tid på noko eg ikkje opplevde som seriøst, så eg skreiv og melde avbod. Responsen lét vente på seg.

Men etter tre veker med fleire purringar både på e-post og telefon, fekk eg svar med tilvising til ei nettside med deira «cancellation policy»: Avmelding før 90 dagar før konferansen: 75 prosent refusjon, 45 dagar før: 50 prosent. Mindre enn 45 dagar: Ingenting. Jaha.

Eg skreiv tilbake og spurde korleis dei rettferdiggjer ein såpass streng refusjonspolitikk – i tillegg til å be om å få tilbake dei 100 dollarane eg betalte for mykje. Det første spørsmålet vart avvist med at dette var bestemt av «higher management»; min kontaktperson kunne ikkje svare på det. Også det andre spørsmålet vart avvist med eit «drittsvar».

Den neste e-posten eg sendte var, om enn framleis meir eller mindre diplomatisk, litt meir tydeleg. Då eg enda ikkje hadde fått svar på denne etter snautt to veker, sendte eg ein ny e-post med ganske tydeleg beskjed om at eg såg meg nøydt til å åtvare kollegaer og Research Gate-kontaktar, samt PayPal, som dei brukar til betalinga, mot organisasjonen.

Det hjelpte. I alle fall litt. Dagen etter var dei 100 dollarane plutseleg tilbake. Og frå då av gjekk det mykje lettare å få dei i tale. I tillegg hadde kontaktpersonen fått lovnad frå «higher management» om at refusjonsordninga skulle reviderast og oppdaterast. Jaha.

Kanskje burde eg pressa på hardare, kanskje ville trussel-tilnærminga ha gitt meg full refusjon om eg hadde dratt det lenger. Men no sit eg her, på Gardermoen. Litt usikker på kva som ventar meg. Men ganske sikker på at det neppe er verd at kona mi skal ha alt strevet med ungane aleine i fire dagar eller at arbeidsgivaren min betalar konferanseavgifta.

Ingen skilt og ein forvirra organisasjonskomité

Neste dag, første dag av konferansen. Programmet for opninga ser slik ut:

08:30–09:30 Registrations

09:30-09:35 Introduction

08:30-09:00 Opening Ceremony

Noko forvirrande. Betre blir det ikkje av at det ikkje står noko om kor desse tinga skjer. Vi er mange som virrar rundt på hotellet for å finne ut kor vi skal registrere oss. Ingen har brydd seg med å sette opp skilt eller noko slikt. Og den faglege organisasjonskomiteen er like forvirra som oss andre. Men vi finn no fram til slutt. Der står fire travle representantar for det indiske selskapet som organiserer konferansen, og registrerer deltakarar og delar ut namnelappar.

Litt av grunnen til at dei er travle, viser det seg, er at Scientific Federation ikkje arrangerar éin men tre konferansar her på hotellet desse dagane. Dette forklarar jo eit stykke på veg korleis dei klarar å ha såpass høg produksjon av konferansar.

Mykje som manglar og mange føredrag

Det første føredraget er sett opp klokka 10:00. Så kan ein jo lure på kva som skal skje mellom Introduction/Opening Ceremony og det første føredraget. Vel, for det første, er der ikkje nokon Opening Ceremony. Og det er bra, for det gir enda meir tid til å fikse det som manglar: Datamaskin og projektor som er kopla opp og fungerer. Det er rettnok ikkje uvanleg at slike problem oppstår på konferansar, men kanskje ikkje frå første augneblikk?

Ein har lagt opp til eit heftig løp: Etter 5 «Keynote Session»-føredrag før lunch, køyrer vi på med 12 føredrag på 20 minutt. Ambisiøst – særleg med tanke på det berre er lagt inn éin pause på 15 minutt og at forskarar generelt ikkje er spesielt flinke til å bruke mindre enn tilmålt tid til å forklare kva dei held på med.

Men vi held skjemaet og er ferdig til klokka seks – mest takka vere at to av føredragshaldarane ikkje dukkar opp. Vi er omtrent eitt dusin forskarar som held ut til siste slutt; vi starta med det dobbelte, omtrent.

I morgon trur eg at eg heller vil vere turist.

Forskarprofitøren er eit fordyrande mellomledd

Dag to. Av dei eg har prata med, er det få som opplever konferansen som vel-organisert. Ingen av dei har vore på nokon Scientific Federation-konferanse før, og det spørst nok om dei kjem til å vere det seinare heller. Med det sagt er nok dei færraste like kritiske som meg. Eg prøver å vere diskret og ikkje gå rundt å spreie eiter og galle. Det blir ikkje nødvendigvis god stemning av slikt. 

Og ville det ikkje vere upassande å gå rundt å få folk til å «innsjå» at konferansen dei er invitert til, ikkje er noko tess? Stemninga er god, og det er alltid hyggeleg og lærerikt å treffe kollegaer frå ulike deler av verda – å snakke om livet og om forskinga.

Så kva er problemet med at bedrifter som Scientific Ferderation arrangerer vitskaplege konferansar for oss? Er det ikkje like bra at profesjonelle tar seg av dei ytre, praktiske rammene, så kan vi forskarar vie oss fullt og heilt til det faglege?

Vel, i så fall måtte dei ha vore mykje meir profesjonelle. Men problema stikk djupare enn dette. Saka er den at å organisere ein vitskapleg konferanse ikkje utan vidare lar seg skilje frå det faglege. Der er grunnar at det vanlegvis er entusiastiske fagfolk som står for slikt – ofte på ideelt grunnlag. Sånn sett blir arrangøren, forskarprofitøren, eit mellomledd som gjer det heile dyrare.

Problemet med svak eller manglande fagleg kontroll og koordinering har både med djupne og breidde å gjere. Djupne på den måten at berre fagfolk kan vurdere kvaliteten på forskinga til aktuelle deltakarar. Når ein fagleg komité vel å invitere ein føredragshaldar, er det fordi dei er i stand til å sikre at det ho presenterer er bra og relevant. Det å få høve til å presentere forskinga si på ein konferanse burde vere eit fagleg kvalitetsstempel.

Når kvalitetskontrollen er fråverande, slik den ser ut til å vere her, er det til og med farleg på den måten at forskarar i god tru risikerer å skade sin eigen CV ved å legge slike invitasjonar til «skrytelista» si.

Snakkar ikkje same vitskapelege språk

Men breidde kan vel ikkje vere noko problem? Jo, fordi denne konferansen er brei og tverrfagleg på feil måte. I den første økta i dag, den som eg var til stades ved, fekk eg mellom anna høyre om korleis vatn vandrar gjennom is, og eg fekk høyre gode argument for at frie lyskvant, foton, ikkje kan seiast å vere lokalisert på noko vis før det kjem inn i eit eller anna stoff.

I går fekk vi ei lengre utgreiing om korleis blekkdropar frå ein skrivar turkar på papir og ei anna om korleis ein kan lage nanorør av karbon. Alt saman var interessant og alt har noko med fysikken til kondensert materie å gjere – i større eller mindre grad.

Men om ein konferanse skal vere tverrfagleg, må arrangørane gjere dette til ein tydeleg uttalt del av profilen; ein må sjå til at deltakarane snakkar eit forståeleg vitskapleg språk. Men her opplevde vi at svært mange av føredragshaldarane brukte spesialisert sjargong og la detaljkunnskap om emnet til grunn.

Og eg var ein av dei som gjorde seg skuldig i dette. Det innsåg eg i det han som leidde sesjonen, bad folk komme med spørsmål etter føredraget mitt. Plutseleg såg alle ned i golvet.

No skal det seiast at vi deltakarar også har eit ansvar her. Og problemet med at føredrag held eit alt for høgt spesialiseringsnivå, er slett ikkje unikt for denne konferansen. I tillegg kjem problemet med overdrive og høgst upedagogisk bruk av forkortingar, også kjend som PmOoHUpBaF.

Men det skal dei ha, karane i Scientific Federation: Det er veldig behageleg å starte arbeidsdagen klokka 10:00, og Valencia er ein vakker by!

Ikkje alle var misfornøgde

To gode grunnar til å ville reise til Valencia, heimbyen til paellaen. (Foto: Sølve Selstø)

Siste dag. Lunchen blir ekstra lang – og triveleg. Som vanleg «fiskar» eg litt forsiktig for å finne ut kva dei andre deltakarane tenkjer om Scientific Federation. Ein hyggeleg kollega frå eit britisk universitet kjem organisatoren i forsvar.

Han gjer meg merksam på når ei gruppe med forskarar arrangerer møte, blir fort deltakargruppa avgrensa til «dei vanlege mistenkte». Og han har eit poeng. Der er mykje nepotisme ute og går i slike samanhengar. Vidare forsvarar han små konferansar framfor store konferansar, som ofte har mange parallelle økter. Det er ofte lettare å få kontakt med forskarar ein ikkje kjente frå før i mindre samanhengar.

Heller ikkje det siste kan eg vere heilt ueinig i – på generelt grunnlag. Men eg kan ikkje seie at International Conference and Expo on Condensed Matter Physics heilt leverte her. Til det var det faglege spriket for stort og der var for stort gjennomtrekk. Det var jamt over få og sjeldan dei same som var til stades i salen. Fleire av deltakarar var berre til stades når dei sjølv skulle halde føredrag. Slikt blir det ikkje mykje fagleg-sosial drøs av.

Ikkje rein svindel, men dei seglar under falskt flagg

Eg kan ikkje seie at konferansen har vore utan fagleg verdi. Det er ikkje bortkasta tid å treffe andre forskarar og høyre om forskinga deira; dei aller fleste av deltakarane var høgst kompetente.

Men eg kjem ikkje til å reise på nokon konferanse arrangert av Scientific Federation igjen. Sjølv om organisasjonen viser til ein fagleg organisasjonskomité, som til ei viss grad var til stades ved konferansen, tyder alt på at dette først og fremst er business, ikkje science.

Dei er der for å tene pengar, noko som for så vidt er ei ærleg sak. Men, som vi har sett, blir det ikkje bra når det økonomiske trumfar det faglege eller når det blir viktigare med flest mogleg betalande deltakarar enn at konferansen heng saman reint fagleg.

Og det som verre er: Bedrifta seglar under falskt flagg. Dei går inn i ein fagleg tradisjon på heilt andre premiss enn dei vi forskarar kjenner frå før. Prisen å betale, i tillegg til tid og pengar, kan bli ein bulk i CV-en.

Eg har ikkje tatt Scientific Federation i rein løgn. Og forskarane dei brukte som trekkplaster, hadde faktisk litt med konferansen å gjere. Så eg kan ikkje sei at det er rein svindel, dette. Men eg synest (ikkje-)refusjonspolitikken deira kjem farleg nære.

Så rådet mitt er å unngå alt som har med Scientific Federation, og deira like- og verresinna, å gjere. Men eg kan absolutt tilrå ein tur til Valencia!

Powered by Labrador CMS