Ein tematikk i internasjonale og norske konspirasjonsteoriar er at jorda er flat som ei pannekake. (Foto: Colourbox)

Kronikk: Vitskapen lyg om at jorda er rund

Religiøse og sekulære einast i konspirasjonsteorien om at vitskapen lyg, skriv Anne Kalvig i denne kronikken. 

Konspirasjonsteoriar er ikkje noko nytt, men innhaldet i dei vil naturleg variera over tid.

Ein konspirasjonsteori påstår at ei mektig gruppe eller grupper har bestemt seg for å halda noko viktig skjult for andre. Gjennom denne samansverjinga fremjar dei sin eigen, løynde agenda.

På eit grunnleggande nivå kan det vera gode grunnar for å slutta seg til konspirasjonsteoriar – maktmisbruk er jo eit gjennomgåande trekk i historia.

Konspirasjonsteoriar er imidlertid ikkje samanhengande ideologiar eller politiske handlingsprogram, men framstår meir fragmentariske og ad hoc, om enn dei kan inkludera eldre, eksisterande teoriar eller delar av desse.

Kan endre folks framferd

Konspirasjonsteoriar blei nyleg tema i Klassekampen, i saka med Ny Tid og 9/11. Eit anna, aktuelt døme er vaksinemotstand generelt, og nå HPV-vaksinemotstand spesielt. Viruset er ufarleg, Big Pharma trekk i trådane, heiter det.

Får konspirasjonsteoriane tilstrekkeleg fotfeste, endrar dei folks framferd. Vaksineskepsis i Danmark førte til færre HPV-vaksinerte, og danske jenter som fekk vaksinen, rapporterte i ein viss grad å bli sjuke, noko dei ikkje blei i andre nordiske land. Dette mønsteret er heldigvis i ferd med å avta, og danskane har nå valt ein ennå betre vaksine enn den me får i Norge.

Kva er så relasjonen mellom konspirasjonsteoriar og religion?

Konspirasjon kopla med religion

Idear om skjulte samanhengar og usynlege aktørar er sjølvsagt ein parallell. Konspirasjonsteoriar har som premiss at tilhengarane av dei er i ein utsett, avvikande posisjon, så venteleg finn ein slike teoriar blant folk som meiner at etablert viten og religiøse tradisjonar har ein skjult maktagenda.

Religionsvitar Asbjørn Dyrendal har arbeidd med konspirasjonsteoriar i esoteriske miljø, såkalla konspiritualitet, altså konspirasjonsteoriar kopla med religiøs-spirituell lære av alternativt slag.

I antologien New Age in Norway (2017), framheld han at norsk konspiritualitet hadde nettmagasinet Nyhetsspeilet.no som samlingsstad kring 2010, sentrert kring apokalypse, for så å ha dalande aktivitet.

Religionsvitar Margrethe Løøv viser i same antologi at Alternativt Nettverk (nå VisionWorks), som største nettverk for og tilbydar av nyåndelegheit i Norge, har tatt aktivt avstand frå konspiritualitet og nekta tilhengarane messe- og spalteplass.

Flat Earth Society

Ein påtakeleg tematikk i internasjonal og norsk samanheng, men ikkje på Nyhetsspeilet, er flat jord-konspirasjonsteorien, om at jorda faktisk er flat som ei pannekake.

Det anonyme skribentfellesskapet bak Nytt Norge.com har mykje flat jord-stoff, likeeins er alternativmesse-general i Stavanger, Christian Paaske, talsmann for teorien.

Han formidlar det i ulike nettkanalar, på alternativmessa og er intervjua om at jorda er flat på TV Vest. Flat jord-grupper florerer på nettet og på Facebook, der Flat Earth Society har over hundre tusen følgjarar. Tankeeksperiment for nokre, heilag overtyding for andre.  

«Flat jord»-teori kan vera sekulær, men me ser ofte at påstanden om kuleforma jord som konspirasjon, har eksistensielle og åndelege overtonar. Paaske framheld at det heliosentriske verdsbiletet, evolusjon og Big Bang utgjer ei programmering av menneske til slavar, som hindrar oss i å sjå at verda er skapt, med mennesket i sentrum.

Geografisk er Nordpolen i midten og Sørpolen ei isrand rundt kanten av jordskiva, og dette tyder intelligent design og Gud, der kuleforma jord tyder nihilisme og meiningsløyse.

Kringsett av fiendar

I og med at dette er ein teori om globalt bedrageri, fordrar den nyfunne meininga og venleiken i flat jord at svært store delar av verdas organisasjonar, institusjonar og folk er vonde. Som konspirasjonsteori skapar flat jordismen eit enormt tal fiendar.

Der ein riking kan arbeida og røysta for systemendring og sosialisme under kapitalismen, blir ei vitskapskvinne som arbeider med modellar og utrekningar basert på rund jord, del av ein medviten konspirasjon for eiga vinning. Akkurat kva denne vinninga består i for vitskapen, er litt uklart.

Rapparen B.O.B. har for tida innsamlingsaksjon for å skaffa 1 million dollar til kjøp av «uavhengige» satellittar som skal avgjera rund jord-spørsmålet. Han når neppe målet før «Flat Earth International Conference» blir halden 9.-10. november i North Carolina. Her vil kristne pastorar og alternativarar fortsatt hevda at satellittbilete er manipulerte av NASA.

Flat jord-konspirasjonsteori blir eit møtepunkt mellom spirituelle posisjonar som vanlegvis ikkje er så samkøyrte. Eit fellesskap danna av mistru til vitskap ein ikkje forstår og bilete ein ikkje trur på – kringsett av fiendar.

Kronikken ble først publisert i Klassekampen.

Powered by Labrador CMS