Neste gong du les ei avissak om overvekt og fedme, kan du prøve å legge merke til korleis saka er illustrert, skriv Eli Natvik i denne kronikken. (Foto: Canadian Obesity Network)

Kronikk: Det er fullt mogleg å leve eit meiningsfylt og spennande liv i ein stor kropp

Toleranse er eit ord vi likar. Men i eit land der halvparten av alle vaksne er overvektige, møter vi dei aller største med ei underleg forakt.

Tekst «utan grenser»

Teksten er del av ein serie trykt i lokalavisene Firda og Sogn Avis i samband med Forskingsdagane 2016, som har temaet «Utan grenser». Forfattarane er forskarar ved Høgskulen i Sogn og Fjordane og Vestlandsforsking.

Det finst ei lita gruppe menneske i dette landet som sprengjer skalaen for kroppsvekt. Men dei er ikkje åleine om å vege for mykje. I dag er annankvar vaksne nordmann overvektig. Likevel er forakta for store kroppar merkbar i samfunnet. Ytringar om å vere stor som ikkje legg vekt på sjukdom og død, møter ingen applaus.

Å hevde noko slikt, strir nemleg mot ei etablert sanning: Har ein for mykje feitt på kroppen, gjer ein seg utsett for sjukdom, og livsstilssjukdom trugar velferdsstaten si framtid. Feitt er uønskt, og di meir feitt-venleg ei ytring er, di sterkare vert dei negative reaksjonane.

Tabu å foreine ein stor kropp med eit godt liv

At ein stor kropp kan foreinast med eit godt og normalt liv, er eit tabu, i følgje forfattaren Sarai Walker. I romanen Dietland skildrar ho korleis den unge og sterkt overvektige kvinna Plum endar opp med å endre kurs i livet. Ikkje gjennom den planlagde fedmeoperasjonen, men gjennom ei slags forvandling frå synleg og skamfull til synleg og stolt.

Plum skriv ironisk nok for eit overflatisk kvinneblad med ein slank og vellukka redaktør. Medan ho ventar på å gå ned i vekt, fyller ho livet med arbeid som ikkje fører henne nokon stad. Når ho lukkast, skal ho endeleg leve som den ho eigentleg er.

Ein dag kjem Plum i kontakt med eit undergrunnsprega kvinnenettverk, og ho går gradvis over til å krevje det rommet ho treng – utan å endre eller kamuflere kroppen sin. Ho vågar å vere synleg som den ho er. Ho sluttar å orsake seg, kjøper fargesprakande klede og sminkar seg på oppsiktsvekkande vis, og folk stirer, slik dei jo alltid gjort. Etter å ha skifta ut garderoben går ho på kafé og et akkurat det ho har lyst på.

Når to unge jenter kastar blikk og flirer av Plum, der ho sit i ein trong kjole med fingrane klemt om ein stor sandwich, vert ho rasande og leksar opp for dei to tenåringane. Etterpå gir ho seg til å kaste blikk mot jentene med eit lite flir, nett slik jentene gjorde mot ho – til dei får nok og stikk frå kafeen. Romanen vart møtt med sterke reaksjonar for å fremje den «farlege» tanken om at det går an å leve med for mykje feitt på kroppen.

Lastar seg sjølve

Som helseproblem kan høg vekt bli møtt med ein viss sympati, i alle fall om ein viser vilje til endring. Men om det er aldri så nødvendig, er varig vektreduksjon eit krevjande prosjekt. Difor har dei aller tyngste eit tilbod om hjelp til å gå ned i vekt. Mange av desse har eg møtt, først som fysioterapeut på sjukehuset i Førde, og seinare som forskar. Nær alle hadde kjent på at utan operasjonen ville dei døy, og at den var avgjerande for å få betre helse.

Likevel hadde dei venta med å søke hjelp, for dei lasta seg sjølve: «Det var jo eg som hadde ete meg sjuk». Det var sterkt å snakke om dei sosiale sidene ved å verte mindre, både for pasientane og meg. Sjølvsagt var det fint for dei å sleppe sjikane, å kunne gå på bakeri utan å få stygge blikk eller bli beden med på lønningspils. Det urovekkande var at nedvurdering og forskjellsbehandling var blitt ein så vanleg del av kvardagen at dei hadde slutta å stille spørsmål ved det.

Fordømming verkar inn på helsa

I vestlege land oppfattar mange kroppsfeitt som teikn på dårleg karakter og moralsk brest. Feitt er knytt til sjukdom, å vere svak, lat eller lite attraktiv. Den store kroppen er altså langt utanfor det akseptable, og sterkt overvektige får kanskje finne seg i å vere målskive for litt hets?

Det ein lett kan gløyme, er kor sterkt fordømming verkar inn på helsa til dei det gjeld. Store personar møter òg fleire hindringar når dei ferdast på offentlege stader. Når storleiken og vekta overgår det som standard rom, transportmiddel, inventar, utstyr og klede er dimensjonerte for, blir det fort nedverdigande og upraktisk. Også redningsvestar og setebelte er ofte for små, slik at det er vanskeleg for dei største å ivareta sin eigen tryggleik. Slik går det når ein bevegar seg for langt frå normalen – men er det rett?

Neste gong du les ei avissak om overvekt og fedme, kan du prøve å legge merke til korleis saka er illustrert. Bileta er ofte av dei aller største og viser gjerne kroppar utan hovud og ansikt. Menneska er sjeldan framstilte på ein estetisk måte. Det gir ein behageleg avstand, og gjer det lettare for andre å problematisere fedmen.

Samstundes er det litt rart at dei største kroppane – som det er nokså få av – ofte blir brukte til å snakke om samfunnet sitt verkelege vektproblem, altså bølgja som gjeld halve folket. Det er så fort gjort å stirre på dei andre, så lett å la dei tyngste bere samfunnsproblemet vi fryktar, og å klandre dei for ein livsstil dei fleste av oss praktiserer.

Trenger vi gjere eit så stort nummer ut av feittet?

Det smartaste er å unngå å bli stor, men sidan vi ikkje er i forkant, blir det eit kollektivt press for å kvitte seg med kilo. Presset aukar i takt med overvekta, men kroppen er gjenstridig, og nye vanar sprett gjerne attende til utgangspunktet. Å vere vellykka innan vektreduksjon, er ein posisjon ein lett kan miste.

Det finst forklaringar på kvifor det er så vanskeleg å oppretthalde vekttap. Kroppen tilpassar seg auka treningsmengd, redusert kaloriinntak og monaleg vekttap med å senke kvilestoffskiftet. Ein endar opp med å kunne ete mindre enn nokon sinne for å unngå å vektoppgang, og dessverre går dei fleste av oss oppatt i vekt.

Høg vekt kan vere vanskeleg å leve med, og kan utfordre helsa, men det er ikkje alltid slik. Det er fullt mogleg å leve eit meiningsfylt og spennande liv i ein stor kropp, men nokre sider ved miljøet vårt gjer det vanskeleg. Vektstigma er vanleg, medan smidig tilrettelegging sit langt inne, til dømes belte-forlengarar på bussar.

Det er ikkje ei motsetjing mellom eit miljø som gjer det leveleg å vere stor, og eit miljø som gjer det lettare halde vekta, eller tilbyr hjelp til å gå ned i vekt. Om vi går i oss sjølv, så kan vi kanskje leve med feittet, feittfrykta og feittet vi vil bli kvitt, utan å gjere så stort nummer ut av det?

Powered by Labrador CMS