Fra en butikk i HongKong som viser at de tar bitcoin som betaling. (Foto: Afp / Scanpix)

Kronikk: Kva skjedde med bitcoin?

Fenomenet bitcoin var overalt i media på denne tida i fjor. Det var nærmast hysteri. Kva har så skjedd i året som gjekk med internett-valutaen? 

Bitcoin er internett-pengar, berre styrt av programvare og utanfor sentralbankane sin kontroll. Utviklinga i 2014 kan karakteriserast med to motsetningsfylte overskrifter:

1. Annus horribilis

2. Bitcoin going mainstream

I tillegg vil eg i denne “årsrapporten” for bitcoin også sjå på utviklinga innan forsking på fenomenet. Eg har sjølv følgt med på bitcoin sidan 2011 og har også handla med valutaen. Det er likevel teknologien bak valutaen, den såkalla blokk-kjeda der alle transaksjonar blir loggførte og ligg opne for verifisering, som er det store gjennombrotet. Eg trur teknologien vil få stor innverknad på mange område i åra framover.

2014: Annus horribilis

Den enorme interessa for bitcoin på denne tida i fjor skuldast kursen som såg ut til å gå til himmels. Men der bitcoin var den valutaen som steig mest i verdi av alle i 2013, var det omvendt i 2014; med ei bratt kurve ned.

Eit viktigare spørsmål er likevel: Kva har valutasvingingane å bety for bitcoin? Valutaen er ikkje åleine om å svinga i verdi; nyleg såg vi sveitsiske franc styrka verdien mot annan valuta med nærare 50 prosent over natta. Som ei understreking av at kursstigning ikkje betyr alt, kan det nemnast at valutaen med sterkast verdistiging i 2014 var somaliske shilling.

Bitcoin er ein liten valuta utan sentral styring. Kursen er fullt og heilt styrt av tilbod og etterspørsel Lite skal til for å senda kursen den eine eller andre vegen. Når det er sagt, kan det sjå ut som kursen har stabilisert seg noko det siste halvåret, då den har lege på USD 200-300 pr bitcoin, og då må me ta med at dollaren har styrkt seg vesentleg mot andre valutaer.

Dårleg nytt i kø

Negative nyheiter stod nærmast i kø etter toppnoteringa i valutakurs. Det starta med vekslingstenesta Mt. Gox som gjekk over ende i februar. Etter mykje tåkelegging vart det til slutt klart at pengane var tapte for dei fleste som hadde plassert bitcoin og andre innskot der. Det styrka ikkje akkurat trua på at bitcoin er framtida.

I mars 2014 vart Newsweek relansert på papir og brukte det første nummeret på ei storstilt “avsløring” av Nakamoto Satoshi, pseudonymet bitcoin-grunnleggjaren har gøymt seg bak. Og avsløringa var, hald deg fast: Dorian Satoshi Nakamoto! Newsweek hadde funne fram til den 64-årige Dorian S.  Nakamoto i Los Angeles og påstod at det var han som hadde skapt bitcoin. Det viste seg etter all sannsynlegheit å vera oppspinn. Grunnleggjaren/-ane av bitcoin er framleis ukjend.

I slutten av oktober var det den norske bitcoin-vekslaren Justcoin sin tur til å avvikla. Heldigvis kom dei norske IT-entreprenørane Andreas og Klaus betre ut av det enn andre vekslingstenester. Alle som hadde bitcoin plassert hjå dei, fekk tilbake alt dei hadde krav på. Det var banken deira, DnB, som sa opp kundeforholdet og tvinga dei til å ta med teknologien utanlands. Andreas og Klaus har no starta opp att som ein del av den Hong Kong-baserte bitcoin-banken ANX.

2014: Bitcoin going mainstream

Store aktørar som Expedia, PayPal og Microsoft tok i bruk bitcoin i løpet av 2014. (Foto: Afp / Scanpix)

Den andre delen av årsrapporten er langt meir positiv. Den bryr seg ikkje om kursutviklinga, som i grunnen er ein distraksjon frå kjernen i saka. Ustabil kurs er rett nok ikkje bra, men det er samtidig ein distraksjon i eit langt perspektiv. Bitcoin er enno ung som teknologi. Til samanlikning er me i året 1995 for weben. Kven kunne då med handa på hjarta seia at dette var det nye revolusjonerande mediet?

Den viktigare delen av bitcoin-utviklinga skjedde slik i 2014:

  • Samla bitcoin-investeringar passerte USD 400 millioner, ein auke på nesten 350 prosent i høve 2013 og eit tal som er større enn til dømes investeringane i weben etter like mange år.
     
  • Totalt sett positivt med tanke på reguleringar, særleg i USA, der den viktige New York City-lisensen på slutten av året vart endra i positiv retning sett frå eit bitcoin-synspunkt. NYC-lisensen er viktig fordi New York er eit finanssenter og fordi lisensen kan danna mal for andre statar og andre land.
     
  • Ei dobling i talet på bitcoin-lommebøker (bitcoin-brukarar) og meir enn ei dobling av talet på handelsstader (merchants).
     
  • Ei femdobling i talet på Github-installasjonar av bitcoin, ein god indikasjon på den teknologiske utviklinga og aktiviteten. Github er ein database med open tilgjengeleg programkode for fri program­vare, og kven som helst kan ta ein kopi av bitcoin-programmet og utvikla det vidare.
     
  • Store aktørar som Expedia, PayPal og Microsoft tok i bruk bitcoin i løpet av året.
     
  • Bitcoin begynner å bli teken i bruk i stort omfang for doneringar; Wikipedia opna for bitcoin i løpet av året.

It’s the technology, stupid!

Eit einsidig søkjelys på valuta og kursutvikling skuggar for det verkeleg geniale med bitcoin: Blokk-kjeda der alle transaksjonane blir lagra og som ligg ope tilgjengeleg for alle. Blokk-kjeda er ein logg over alle bitcoin-transaksjonar  - det vil seie alle betalingar - sidan starten 3. januar 2009. Namnet har den fått fordi enkelt-transaksjonar blir samla i blokker som så blir «smidde» i kjeda som inneheld alle transaksjonane.

Du kan følgja ei sanntidsoppdatering av denne på blockchain.info. Blokk-kjeda kan likevel ikkje fungera utan dei insentiva bitcoin som valuta medfører; her er det ein skjebne­fellesskap.

Blokk-kjedeteknologien er kommen for å bli. Det store spørsmålet er korleis sikring av transaksjonar, enten det er valuta-transaksjonar eller smarte kontraktar (ei skøyte, eit gjeldsbrev, eit testament og liknande som blir digitalisert og «smidd» fast i blokk-kjeda), eller heilt andre ting, skal finansierast. Det er her bitcoin som valuta er viktig.

2014 såg også framveksten av det som blir kalla Crypto 2.0 og som mellom anna består av alternative blokk-kjeder.

Bitcoin og akademia

Bitcoin er eit ektefødd barn av internett. Og som mykje av internett-utviklinga har den skjedd utanfor akademia og dei offisielle publiseringskanalane. Grunnteknologien i bitcoin byggjer likevel på viktig forskingsarbeid dei siste 30-40 åra, som offentleg nøkkel-kryptering og «proof of work».  

POW er eit system der innsats frå datamaskiner er nødvendig for å sikra eit ønska resultat. Ofte går innsatsen ut på å løysa problem der ein må prøva svært mange mulegheiter for å finna den rette kombinasjonen. Det geniale med bitcoin er kombinasjonen av kjend teknologi, noko som kjenneteiknar mange store innovasjonar.

Akademia har vore trege med å interessera seg for den nye kryptovalutaen, men i løpet av 2014 har talet på artiklar om temaet vakse mykje.

Kvifor bør akademia interessera seg for bitcoin og kryptovaluta? Det er ein unik sjanse til å studera eit nytt fenomen frå starten av, med alle dei spennande sidene det har. Frå eit økonomisk perspektiv er det mulegheit til å studera korleis ein ny valuta veks fram; det burde gi rom for mange interessante forskingsspørsmål.

Frå eit teknologiperspektiv byr bitcoin på eit grunnleggjande gjennombrot i handtering av tillit. Bitcoin viser eit glimt av framtidas pengeflyt på nettet. Blokk-kjedeteknologien har også gitt oss ei innovasjonsplattform med enorme mulegheiter.

Fagfelt i vekst

Finanskommentator Brett Scott har lagt ut ei oversikt over bitcoin-relatert forsking og har funne ut at talet på publikasjonar er tredobla i 2014 i høve til året før.

Her i landet er det ikkje mykje bitcoin-forsking, men det begynner å komma nokre masteroppgåver om temaet. Dette er det eg har funne av norsk publisering så langt:

  • Henrik Karlstrøm, NTNU: Do libertarians dream of electric coins? The material embeddedness of Bitcoin, publisert i Distinktion: Scandinavian Journal of Social Theory
  • Torbjørn Bull-Jensen: Why Bitcoins Have Value, and Why Governments Are Sceptical, masteroppgåve ved Økonomisk institutt, Universitetet i Oslo
  • Vilde Stuvøy Heggen: Hva er Digital Valuta? Hva slags formuerettslig produkt er digital valuta? Omfattes slike finansielle produkter av gjeldende finansreguleringer og hvordan burde de reguleres? Masteroppgåve ved Juridisk fakultet, Universitetet i Oslo.
  • Ali Amin Ahmed: Effective replication of large data in distributed hash tables. Masteroppgåve ved Institutt for informatikk, Universitetet i Oslo.

Masteroppgåvene finn du på duo.uio.no

Kvifor er akademia her til lands så lite interesserte i det nye fenomenet? I mars 2014 vart eg invitert til Norges Handelshøyskole i Bergen av studentar som ville vita meir om bitcoin. Dei hadde prøvt å finna interne foredragshaldarar, men fann ingen som ville stilla opp. Det er mykje sant i at i dei blindes rike er den einøygde konge!

Powered by Labrador CMS