Annonse

Kronikk: Universiteta treng fleire formidlingsemne

Skal vi for alvor setje formidling på dagsordenen må universitetet satse på at studentar så vel som forskarar skal formidle. Det krev at fleire opprettar emne i formidling og vitskapsjournalistikk, skriv Eva Holthe Enoksen i denne kronikken.

Publisert

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

(Foto: Colourbox)

Informasjonsoverflod gjer at universiteta i større grad enn tidlegare må ta ansvar for å gjere forskingsbasert kunnskap tilgjengeleg.

Skal vi for alvor setje formidling på dagsordenen må universitetet satse på at studentar så vel som forskarar skal formidle. Det krev at fleire opprettar emne i formidling og vitskapsjournalistikk.

Formidling er ein del av samfunnsoppdraget til universiteta. Universiteta og høgskulane i Noreg, med unnatak av dei private, er finansierte over statsbudsjettet. I byte mot skattepengar får samfunnet forsking, undervisning, innovasjon og formidling.

Sidan folk flest korkje tek utdanning eller følgjer med på forskingsfronten, er det gjennom formidling universiteta kan gje noko tilbake til resten av samfunnet. Formidling handlar dessutan om å bygge bru mellom universiteta og resten av samfunnet.

Utviklinga av ny kunnskap er avhengig av universiteta, men kjem berre samfunnet til gode dersom vi klarer å dele kunnskapen. Formidling av forsking er heilt essensielt for å sørge for at kunnskapen som universiteta sit på, blir til nytte for samfunnet.

Eit tøffare akademia

Informasjonssamfunnet gjer det enkelt for kven som helst å google det vi treng å vite, for så å velje det svaret vi likar best. Heldigvis er det ikkje slik forsking fungerer. Men det gjer at akademia må bli tøffare. Vi treng, i enda større grad enn tidlegare, forskarar og akademikarar innan alle fag som tør å gå ut i media og ta til motmæle. Vi treng  institusjonar som verdset formidling. Men skal det verkeleg monne, må studentane også ta del i formidlinga.

MN-fakultetet lanserte i vår eit eige emne i formidling og vitskapsjournalistikk for bachelor- og masterstudentar. No bør resten av fakulteta ved UiO kome på banen og tilby emne i formidling.

Kurs i formidling

Heilt enkelt handlar formidling om deling, opplysning og tilgjengeleggjering. Vi skal dele nyttig kunnskap på eit nivå som folk forstår. Som universitet driv vi alt med utdanning som gjev studentane den fagkunnskapen dei treng.

Dersom universitetet ynskjer fleire formidlarar, må vi tilby kurs i formidling også. Det betyr at universitetet må drive opplæring i Ver Varsam-plakaten, sjangerlære og mediestrategi. Og ikkje minst må vi tilby skrivetrening. Dess tidlegare vi kan kaste studentane utpå for å prate og skrive om faget sitt, dess flinkare formidlarar får vi.

Fleire formidlingsemne

Det er ikkje overraskande at MN-fakultetet var først ute med emnet. Realfag er framleis utilgjengeleg for store delar av befolkninga, og har problem med å fylle alle studieplassane. Samstundes er realfag velsigna med eksplosjonar, svarte hol og underlege skapningar som trekkplaster, og ein udiskutabel nytteverdi.

Den same oppfatninga eksisterer diverre ikkje når det kjem til alle humanistiske og samfunnsvitskaplege fag.

Samfunnsvitskaplege og humanistiske fag går for å vere lettare å forstå, samstundes som dei har gode søkartal. Diverre vert dei også sett på som mindre nyttige.

Skal vi gjere noko med denne oppfatninga, må fagfolk i større grad vise at faga deira er nyttige. Eg meiner det betyr at forskarar og studentar i større grad må formidle både breidda og innhaldet i faget sitt. Det er ikkje gjort i ei handvending, men kanskje formidlingsemne er rett stad å starte?

Powered by Labrador CMS