Reddar liv med registrering

Det har vore tvil om effekten av intubasjon ved surstoffmangel, blant anna fordi forskarane ikkje har vore samde om kva som skal registrerast og analyserast. Ein ny standard frå Universitetet i Stavanger skal rette på det.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

(Foto: Anne Sigrid Haugset, HiNT)

Luftvegshandtering handlar om å sikre at pasientar som er hardt skadde eller bevisstlause får surstoff.

I mange tilfelle betyr dette at pasientar får ein plastslange ned i halsen, såkalla intubering. Intubering er vanlegast i samband med ulukker, hjartestans og lungesjukdom.

Stephen Sollid er utdanna anestesilege og jobbar i luftambulansen. No tek han doktorgrad ved Universitetet i Stavanger, og har det siste året leia ei internasjonal gruppe med dei største ekspertane i Europa og USA på luftvegshandtering utanfor sjukehus.

Saman har dei no blitt einige om kva som bør registrerast og analyserast når dei må drive avansert luftvegshandtering utanfor sjukehus.

Vanskeleg å samanlikne

Doktorgradstipendiat Stephen Sollid. (Lars-Erik Vollebæk/Norsk Luftambulanse)

– Som legar må me registrere kva me gjer når me er ute på oppdrag. Det er gjort mange studiar på korleis ein jobbar med intubering på sjukehus.

– Men utanfor ser me at helsepersonell ofte bruker eigne definisjonar, og dermed er det vanskeleg å samanlikne data etterpå, seier Sollid.

Han har sidan januar jobba med ein konsensusprosess for å komme fram til ein registreringsmal.

Etterlengta

Overlege dr.med. Jon-Kenneth Heltne ved Haukeland Universitetssjukehus er anestesilege og jobbar dagleg med basale hjelpetiltak for å assistere folk med å puste, eller basal luftvegshandtering som det heiter i miljøet.

Hyppig er òg situasjonar kor pasientar treng meir avansert hjelp og i siste instans intubering.

– Ein felles standard til å registrere data er etterlengta. Dette vil vere teneleg for oss som jobbar utanfor sjukehus, men særleg for vidare forsking. No kan me finne ut korleis ting heng saman, og yttarste konsekvens av dette kan bli at me reddar fleire liv, seier Heltne.

Han meiner dette vil få følgjer både nasjonalt og internasjonalt. 

Omdiskutert

Tal frå Stavanger i perioden 1994–2005 viser at 247 av 1255 alvorleg skadde pasientar blei intubert. Sjølv om intubasjon er ein viktig del av oppgåvene i ambulansetenesta, er det omdiskutert kor nyttig det er.

Mange forskarar har tvert imot hevda at det kan redusere sjansen for å overleve. Men usemja skuldast i hovudsak at dei ikkje har vore samde om kva som skal registrerast og analyserast.

Målet er no at den nye malen blir standard for all forsking innan dette feltet.

Store konsekvensar

– Dette er like viktig for resten av akuttmedisinen som Utstein-malen var for behandling av hjertestans, seier Eldar Søreide, professor og seksjonsoverlege ved akutteininga på Stavanger Universitetssjukehus.

Utstein-malen er nå eit internasjonalt omgrep, og Sollid har no laga ein tilsvarande mal for avansert luftvegshandtering.

– Når me skal analysere kva som skjer som følgje av behandling, treng me å snakke same språk. Med ein felles mal kan me samanlikne eple og eple, og ikkje eple og pærer. Dette har tidlegare vore vanskeleg å få til, seier Søreide.

Europa først

Stephen Sollid seier dei no vil komme med sterk anbefaling om at alle tar i bruk den nye malen. Det vil truleg skje i Europa i første omgang, men og helsepersonell i USA er positive og vi gjerne bruke det.

Han legg til at dette har skjedd med tema som hjartestans og traume før. Når kunnskapen har fått tid til å spreie seg, har fleire og fleire tatt det i bruk.

Referanse:

Stephen Sollid m.fl.: A consensus-based template for uniform reporting of data from pre-hospital advanced airway management, Scandinavian Journal of Trauma, Resuscitation and Emergency Medicine 2009, 17:58, doi:10.1186/1757-7241-17-58.

Powered by Labrador CMS