Intensiv trening betrar CP-born

Korte periodar med intensiv trening betrar ferdigheitene til born med cerebral parese. Treninga gjer dei meir sjølvstendige i dagliglivet.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

(Illustrasjonsfoto: www.colourbox.no)

Forsking viser at intensiv trening betrar motorikken til born med cerebral parese (CP) i løpet av tre veker. Klinisk erfaring tilseier at virkninga held seg stabil og etter at treningsfasen er over.

22 born på Vestlandet i alderen to til ni år deltok i forskingsprosjektet.

Deltakarane hadde gruppetrening i tre timar om dagen, fem gonger i veka i tre veker nært heimstaden.

Treninga var lagt opp som leik for å gjere det lystbetont, til dømes å late som dei var i ein jungel kor dei kikka etter dyr.

– Treninga var individuelt tilpassa borna etter kva funksjonar dei treng å øve opp motoriske ferdigheiter i.

– Nokre øvde opp sittebalanse og å kunne stå, og kvardagsting som å lære å ete med gaffel, seier forskaren Anne Brit Sørsdahl ved Høgskolen i Bergen.

Gode resultat

Borna hadde økt dei motoriske ferdigheitene sine etter treningsfasen på tre veker. Ein merka størst betring på borna som hadde ein mildare form for cerebral parese, altså i gruppe I- II.

Totalt er det fem grupper for personar med CP, der dei hardast ramma er i V.

– Etter treninga kunne ein sjå at borna hadde klatra oppover ferdigheitskurva. Sjølv om dei ikkje kan oppnå dei vanlege motoriske ferdigheitene som andre born, kan treninga hjelpe dei med å nå sitt øvste potensiale, seier Sørsdahl.

Meir sjølvstendige

Under gruppetreninga var foreldra, assistentar og bornas lokale fysioterapeutar aktive deltakarar.

– For opplegget var det viktig at foreldra og assistentar var inkluderte, fordi dei kan fortsette treninga saman med borna etter at den intensive treningsfasen var over.

– Forskinga viser at borna vart meir sjølvstendige i aktivitetar heime, og trengte generelt mindre assistanse, fortel Sørsdahl.

Noko som er nytt med studia er at den har forska på rørslekvalitet, som har med kor koordinerte og jamne rørslene til borna er, og kor mykje kraft ein bruker. Tidlegare har forskarane trudd at ein måtte utvikle dei motoriske ferdigheitene før ein kunne utvikle rørslekvalitet.

– Det vi såg under studia er derimot at rørslekvalitet heng saman med dei motoriske ferdigheitene. Ein utviklar difor desse på same tid, seier Sørsdahl.

Bør byrje tidleg

Anne Brit Sørsdahl. (Foto: Frøy Katrine Myrhol)

Treningsopplegget skjedde lokalt for at det skal passe inn i familiane sine daglegliv, i tillegg til å vere kostnadssparande.

– Det er best om ein byrjar allereie i barnehagen, sidan det er enklare å ta ut borna for  tre veker enn om dei skal ta fri frå skulen. Uansett er det ein fordel om borna startar tidleg med treningsopplegget, seier Sørsdahl.

I dag er det vanlege treningstilbodet for born med CP ein til to timers fysioterapi i veka.

– For nokre born er dette heilt passe, medan andre kan ha nytte av å trene i intensive perioder eit par gonger i året, seier Sørsdahl.

Økt mestring

Prosjektet er det første i Noreg som har forska på intensiv trening for born med CP.

Både foreldra og borna som deltok har gitt svært positive tilbakemeldingar etter treninga. Mange av dei, både foreldre og born, fekk for fyrste gong fekk eit fellesskap med andre familiar i same situasjon.

– Mange born med CP er vande med å ha dårlegare fysiske ferdigheiter enn andre born, men her var dei saman med andre som kanskje presterte under deira nivå. For fyrste gong var dei kanskje best i noko, som skapar motivasjon og ei mestringskjensle, seier Sørsdahl.

Bakgrunn:

Anne Brit Sørsdahl frå Avdeling for helse og sosial på Høgskolen i Bergen disputerte med avhandlinga ”Intensive Group Training for Children with Cerebral Palsy” 18. februar på Universitetet i Bergen.

Saken er produsert og finansiert av Høgskolen i Bergen - Les mer

Powered by Labrador CMS