Denne artikkelen er produsert og finansiert av Universitetet i Oslo - les mer.

Skalet til ein krabbe er danna av stoffet kitin.

Stoff frå krabbeskjel kan gjera det lettare å få medisin i barna

Det kan vera utfordrande å gje barn medisinar. Tablettar og kapslar som skal svelgjast, fungerer ikkje for dei heilt minste. Eldre barn kan ha vanskar med å svelgja medisinar, særleg dei som smakar vondt.

Ein måte å omgå desse problema på, er å gje medisinane på filmar og oblat som vert festa på innsida av kinnveggen og gradvis slepper medisinen ut i blodet.

– Vi har prøvd å bruka mjølkesyre for å unngå den ubehagelige lukta. seier Korelc.

Men denne måten å gje medisinar på er enno ung, og forskinga leitar etter dei beste stoffa å administrera medisinane med. Stipendiat Karin Korelc ved Farmasøytisk institutt, Universitetet i Oslo, har undersøkt om det let seg gjera å bruka ein naturleg polymer som heiter kitosan.

Løyser seg best opp ved låg pH

– Kitosan er utvunne av kitin, stoffet som mellom anna dannar skjelet til krabbar og det ytre skjelettet til insekt og edderkoppar, forklarar Korelc.

– I motsetning til kitin kan kitosan behandlast slik at det vert meir vassløyseleg, som gjer det til ein lovande basis for medisinar på kinnet.

Fordelane med kitosan er fleire: det er ikkje giftig, det er biologisk nedbrytbart og biokompatibelt, altså at kroppen ikkje støyter det frå seg.

Men samstundes må ein ta omsyn til at kitosan løyser seg best opp ved låge pH-verdiar, som kan vera så surt at det kan påverka tenner og kinnvegg dersom det vert sitjande lenge.

Val av løysemiddel

– Vanlegvis løyser ein kitosan i eddiksyre, som har ein eddiksmak som mange barn ikkje likar. Vi har prøvd å bruka mjølkesyre for å unngå den ubehagelige lukta. forklarar Korelc. Fordelen med mjølkesyre er at ho ikkje luktar, i motsetning til den surt luktande eddiksyra.

– Vi har òg brukt ein type kitosan som er svært vassløyseleg, og samanlikna den med den vanlegvis brukte kitosantypen for å oppnå mest mulig nøytral pH.

Kitosanet løyste seg opp like eller nesten like raskt med mjølkesyre som løysemiddel. Men det Korelc og kollegane var interesserte i, var om val av løysemiddel verka inn på korleis verkestoffet fungerte. Det meste av forskinga på filmar av kitosan er nemlig gjort med eddiksyre som løysemiddel.

Spreier oppløysinga tynt utover

– Vert verkestoffet like raskt frigjort? Vert det teke like godt opp gjennom kinnet? Korleis er dei mekaniske eigenskapane? Vi fann at mjølkesyre og eddiksyre verka omtrent likt på mange område, men på eitt område fungerte mjølkesyre betre, fortel Korelc.

– Det interagerte med mucin, eit stoff som finst i spyttet i munnen. Det gjer at filmen og oblatane festar seg betre til innsida av kinnet.

– Mjølkesyre og eddiksyre verka omtrent likt på mange område, men på eitt område fungerte mjølkesyre betre, fortel Korelc.

Filmen og oblatane utgjer ikkje sjølve medisinen, dei kan heller sjåast på som transportmediet for verkestoffet. Korelc forklarar at filmar og oblat har litt ulike eigenskapar og tilverknadsmåtar.

– Når vi lagar filmar, spreier vi oppløysinga tynt ut over ei overflate og let det turka. Oblatar lagar vi derimot ved å fryseturka oppløysinga, seier Korelc.

Hindrar stoffet i å nå smaksløkane

– Når løysemiddelet fordampar, beheld oblaten forma. Dei må ha ein viss tjukkleik for at vi skal kunna handtera dei. Det gjev ei mykje saktare oppløysing, fordi verkestoffa har lengre veg for å koma ut.

Men sjølv om den ekle eddiksyra er erstatta av meir nøytral mjølkesyre, er det framleis slik at medisinen sjølv kan smaka vondt.

– Vi har eksperimentert med ein type stoff som heiter syklodekstrinar Dei har ei hydrofil overflate, som er tiltrekt av vatn, og eit hydrofob indre som skyr vatn. Dermed dannar dei ein slags kokong eller kapsel rundt medisinen, seier Korelc.

– Det har den doble fordelen at vi kan auka mengda av legemiddelet, samstundes som syklodekstrinet hindrar det bitre stoffet i å nå smaksløkane.

Referanse:

Karin Korelc mfl.: Water-soluble chitosan eases development of mucoadhesive buccal films and wafers for children. International Journal of Pharmaceutics, 2023. Doi.org/10.1016/j.ijpharm.2022.122544

Powered by Labrador CMS