Denne artikkelen er produsert og finansiert av Universitetet i Oslo - les mer.

Ein farmasøyt går gjennom legemiddel med pasient.

Pasientar fekk betre medisinering ved utskriving frå sjukehus når ein farmasøyt vart involvert

Risikoen for undermedisinering blei redusert.

Farmasøytar samarbeider med legar og sjukepleiarar under sjukehusopphald. Ein prosess som skal sikra optimal legemiddelbruk for pasienten er IMM, Integrated Medicines Management.

For nokre år sidan vart det gjennomført ei undersøking på bruken av IMM ved Indremedisinsk sengepost på Oslo universitetssjukehus, Ullevål. Slik bruk på denne sengeposten har forskarane tidlegare undersøkt.

Den førde til færre dødsfall etter utskriving og lengre tid til neste innlegging.

– Denne gongen ville vi sjå nærmare på sjølve legemidla, eller meir presist legemiddellistene, altså ei oversikt over legemidla den enkelte pasienten brukar, seier Malin Olsen Syversen, forskar ved Farmasøytisk institutt på Universitetet i Oslo.

– Tilfella av undermedisinering gjekk signifikant ned samanlikna med kontrollgruppa, seier Malin Olsen Syversen.

Fastslå kva legemiddel pasienten skal bruka

Studien omfatta 386 pasientar med to eller fleire sjukdommar. Desse vart delte i to like store grupper, ei kontrollgruppe og ei intervensjonsgruppe.

Begge gruppene gjekk gjennom ei legemiddelsamstemming, der opplysningar om pasienten sin legemiddelbruk vart samla inn frå alle tilgjengelege kjelder. Men der slutta likskapen.

– For kontrollgruppa vart legemiddellista lagt til sides. For intervensjonsgruppa vart lista derimot gått gjennom av farmasøytar, legar og sjukepleiarar for å vurdera kor hensiktsmessig det enkelte legemiddel var, og om det fanst uheldige kombinasjonar, fortel Syversen.

– I løpet av sjukehusopphaldet vart det gjort ein eller fleire tilsvarande gjennomgangar etter behov. Ei siste legemiddelsamstemming vart gjort til slutt, for å fastslå kva legemiddel pasienten skulle bruka etter utskriving.

Liten auke i undermedisinering

Òg i kontrollgruppa, som ikkje hadde hatt gjennomgang av sine legemiddellister, vart listene ved utskriving henta inn. Ved å samanhalda desse listene med opplysningar om diagnose og sjukdomsgang, kunne forskarane samanlikna dei to gruppene.

– Vi brukte verktøyet START-2 for å vurdera om pasienten var undermedisinert, altså at han hadde behov for legemiddel som han ikkje fekk. Verktøyet STOPP-2 fortel om pasienten får medisinar som er uhensiktsmessig, forklarar Syversen.

– Vi fann at tilfella av undermedisinering i intervensjonsgruppa gjekk signifikant ned samanlikna med kontrollgruppa. I sistnemnde var det faktisk ein liten auke i undermedisinering etter sjukehusopphaldet.

Men for overmedisinering gjorde dei ikkje tilsvarande funn. Der låg dei to gruppene på same nivå etter sjukehusopphaldet.

Syversen trur dette kan ha fleire årsaker, blant anna at endringane som vart gjorde i intervensjonsgruppa ikkje førte til mindre uhensiktsmessig behandling i fylgje STOPP-2-verktøyet.

Positiv effekt på legemiddelbehandling

– Legar kan kvi seg for å ta bort medisinar frå folk, eller dei kan føretrekkja å fylgja standardiserte retningslinjer for denne gruppa heller enn å gjera individuelle tilpassingar, seier ho.

– Kanskje ynskjer ein heller ikkje å avmedisinera medan pasienten er under akutt behandling på sjukehus. Det kan vera enklare å fjerna medisinar når pasienten er i en meir stabil fase.

Ho synest likevel at nedgangen i undermedisinering som studien viser, er oppmuntrande.

– Det viser at IMM har ein positiv effekt på kvaliteten av legemiddelbehandling under eit sjukehusopphald. At vi berre ser ein nedgang i undermedisinering, men ikkje i overmedisinering, kan delvis skuldast det same: det er lettare å leggja til nye medisinar enn det er å trekkja frå.

Referanse:

Malin Olsen Syversen mfl.: Effect of integrated medicines management on the quality of drug treatment in hospitalised multimorbid patients — a secondary endpoint analysis of a randomised controlled trial. International Journal of Pharmacy Practice, 2023. Doi.org/10.1093/ijpp/riad007

Powered by Labrador CMS