Annonse

Denne artikkelen er produsert og finansiert av Universitetet i Oslo - les mer.

Gravid med piller i en hånd og vannglass i det andre.
Gravide er ofte usikre på kva medisinar det vil vera trygt å bruka under svangerskapet.

Når i svangerskapet behandling med antidepressiva vert avbroten, har noko å seia

Dei som avbryt behandling med antidepressiva seint i svangerskapet, har større risiko for psykiatriske hendingar etter fødselen.

Publisert

Kvinner som blir gravide, er ofte usikre på kva medisinar det vil vera trygt å bruka under svangerskapet. Det gjeld òg dei som brukar antidepressiva.

I forskargruppa PharmaSafe har dei tidlegare vist at gravide som brukar antidepressiva, får mildare symptom etter fødselen enn dei elles ville hatt.

– Men eg var interessert i å finna ut om det skjulte seg meir innsikt bak den enkle enten/eller-delinga. Kan tidspunktet i svangerskapet kvinna sluttar med medisinar fortelja oss noko? Og kva kan forhistoria fortelja oss?

Det fortel forskar Nhung Trinh ved Farmasøytisk institutt på Universitetet i Oslo.

Vart delte opp

– Det er nærliggjande å tenkja at dei som har dei tyngste plagene, er dei som ventar lengst med å avbryta behandlinga, seier Nhung Trinh.

Trinh tok for seg nesten 58.000 gjennomførte svangerskap i Noreg og Danmark der mor brukte minst eit antidepressivt legemiddel ved starten.

Opplysningane vart henta frå nasjonale register i dei to landa. Tidsseriane strekte seg over mange år.

– Mellom dei to landa fann vi ingen vesentlege forskjellar. Det kan ha samanheng med at helsevesenet er ganske likt i dei to landa. I alle fall tillet det oss å behandla talmaterialet under eitt, seier Trinh.

Kvinnene vart delte opp etter om dei hadde brukt antidepressiva gjennom heile svangerskapet, om dei hadde avbrote behandlinga i løpet av dei tre fyrste månadane eller om dei hadde avbrote seinare i svangerskapet.

Den siste gruppa vart igjen delt opp etter om dei hadde brukt antidepressiva i meir eller mindre enn seks månadar før svangerskapet tok til.

Ein auke i psykiatriske utfall

Forskarane kartla deretter tre moglege psykiatriske utfall: sjølvskading eller sjølvdrap, ei akutt psykiatrisk krise eller oppstart med psykoleptika.

– Psykoleptika er eit samleomgrep for antipsykotiske, angstdempande og roande legemiddel, forklarar Trinh.

Det var klare forskjellar mellom gruppene.

Dei som hadde brukt antidepressiva lenge, men avbraut behandling tidleg, hadde lågare førekomst av psykiatriske utfall etter fødsel enn gruppa som brukt antidepressiva gjennom heile svangerskapet.

Det same gjaldt dei som hadde brukt antidepressiva i kort tid før svangerskapet.

– Hjå dei som hadde brukt antidepressiva lenge, og som avbraut behandlinga seint i svangerskapet, såg vi derimot ein auke i psykiatriske utfall i tida etter fødselen, fortel Trinh.

Forskarane kan ikkje seia noko sikkert om kvifor det er slik. Men ei nærliggjande forklaring er at dei som har dei tyngste plagene, òg er dei som ventar lengst med å avbryta behandlinga.

– Men det er altså òg dei som utset seg sjølve for høgast risiko med avbrotet, seier Trihn.

Kva er mest risikabelt?

Dei som avbryt tidleg, kan ha stått på låge dosar og eigentleg ikkje ha behov for antidepressiva lenger. For dei kan graviditeten vera det som får dei til å slutta med medisinen, foreslår ho.

Tilsvarande vil ein venta at dei som har brukt antidepressiva kortare, har mindre alvorlege plager enn langtidsbrukarane.

– Vi veit ikkje noko om kva som gjer at kvinnene avbryt behandlinga seint i svangerskapet. Kanskje fryktar dei at bruk av antidepressiva seint i svangerskapet kan utgjera ein auka risiko for visse typar åtferdsforstyrringar hjå barnet når det veks opp, eller at barnet kan verta fødd med abstinenssymptom, seier Trinh.

Ho seier at det derfor er så veldig viktig at den enkelte mora får god oppfylging av lege. Slik kan dei saman vurdera kva som er mest risikabelt for både mor og barn: å slutta med antidepressiva, eller å halda fram?

Referanse:

Nhung Trinh mfl.: Timing of Antidepressant Discontinuation During Pregnancy and Postpartum Psychiatric Outcomes in Denmark and Norway. Jama Psychiatry, 2023. Doi:10.1001/jamapsychiatry.2023.0041

Powered by Labrador CMS