Denne artikkelen er produsert og finansiert av Universitetet i Oslo - les mer.

Gravid kvinne i samtale med farmasøyt på apotek
Farmasøytar på apotek kan gje rettleiing om legemiddelbruk i svangerskapet.

Inga endring i legemiddelbruk hjå gravide etter samtale med farmasøyt

Det treng ikkje vera noko ulempe. Forskaren sjølv fortel om eit stort behov for informasjon om legemiddel blant gravide.

Dei fleste legemiddel er trygge å bruka under graviditeten, men for sikkerheits skuld bør ein alltid rådføra seg med helsepersonell. Men samstundes er det ikkje nødvendigvis slik at ei kvinne som vert med barn, straks bør slutta med alle legemiddel ho brukar.

– Ein tek jo desse legemidla av ein grunn. Denne grunnen vert ikkje nødvendigvis borte sjølv om kvinna vert gravid. Mange legemiddel vert rekna som trygge og riktige å bruka i svangerskapet. I andre tilfelle kan det vera nødvendig å vurdera ein kjend, men liten risiko opp mot fordelane det har for mor å halda fram med legemiddelet.

Det seier farmasøyt Elin Ngo ved Farmasøytisk institutt på Universitetet i Oslo.

Portrett av Elin Ngo.
– Det viktigaste er ikkje endring, men at dei gravide er trygge i legemiddelbrukesn sin, fortel Elin Ngo.

– Og mange legemiddel anbefaler ein å vera forsiktig med. Ikkje fordi vi veit at dei medfører risiko, men vi veit ikkje om dei gjer det eller ikkje. Så då vil ein vera på den sikre sida.

Ikkje synleg endring i medisinbruk

Ein samtale med ein ekspert på legemiddel, altså ein farmasøyt, ville hjelpa kvinnene å bruka legemiddel på ein trygg måte under svangerskapet. Det var i alle fall arbeidshypotesen då dei gjorde ei undersøking med norske gravide.

Forskarane delte deltakarane i to grupper. Den eine gruppa fekk ein samtale med farmasøyt i fyrste trimester. Det vil seia i løpet av dei tre fyrste månadane av svangerskapet.

Kontrollgruppa fekk ikkje ein slik samtale. Begge gruppene inneheldt i overkant av hundre deltakarar, fortel Ngo.

– Så samanlikna vi legemiddelbruken deira under svangerskapet, basert på deira eiga rapportering og på opplysningar frå Reseptregisteret.

I dette registeret vert alle uthentingar av reseptmedisinar registrert.

Då dei gjekk laus på resultata, viste det seg at dei som hadde farmasøytsamtale, ikkje hadde noka synleg endring i medisinbruk samanlikna med kontrollgruppa.

Nokre moglege feilkjelder

– Målet er då heller ikkje at det absolutt skal skje ei slik endring. Det viktigaste er at kvinnene har ein trygg og fornuftig legemiddelbruk i svangerskapet, fortel Ngo.

Ho seier at ein tidlegare studie frå den same undersøkinga viser at kvinnene oppfatta samtalen som nyttig og tryggande.

– Det er ikkje vanskeleg å sjå for seg at det vil hjelpa å få stadfest at den bruken ein sjølv har rekna som trygg, faktisk er det.

Men Ngo peikar på nokre moglege feilkjelder som gjer det ynskjeleg med vidare forsking.

Brukte sosiale medium

– Ein ting er kontrollgruppa. Dei fekk jo ikkje den same kontrollerte farmasøytsamtalen som dei andre. Men sidan dei var med i undersøkinga, fekk dei jo vita at moglegheita fanst. Dei kan godt ha snakka med farmasøytar på apoteket på eige initiativ, seier Ngo.

Ho fortel at dei òg kan ha vore innom eit apotek med eit konkret problem, til dømes forstopping, og diskutert tiltak med farmasøyten der.

– Då har dei jo fått farmasøytisk rettleiing sjølv om det ikkje skjer innanfor den strukturerte ramma dei andre fekk.

Ei anna utfordring var å få tak i dei gravide tidleg nok i svangerskapet. Forskarane ville gjerne nå kvinnene så tidleg som to veker ut i svangerskapet. Men den fyrste svangerskapskontrollen vert ikkje tilbode før mange veker seinare.

– Dermed finst ikkje noko samlingspunkt vi kan bruka for å rekruttera deltakarar på eit så tidleg stadium. Mange vel jo òg å halda graviditeten for seg sjølv den fyrste tida, seier Ngo.

Sidan det ikkje finst nokon annan arena å rekruttera deltakarane på, måtte forskarane bruka sosiale medium for å få tak i gravide som kunne tenkja seg å delta.

Tidlegare kontroll opnar for breiare rekruttering

– Dei som melder seg frivillig til å delta i slike studiar, er ofte ressurssterke og har eit solid nettverk. 96–97 prosent av deltakarane våre var i eit stabilt forhold. Det kan tyde på betre sosial støtte heimanfrå. Rundt 85 prosent hadde høgare utdanning og langt dei fleste var i jobb, mange i helsesektoren, fortel Ngo.

Denne gruppa gravide søker ofte etter medisinsk informasjon på eiga hand. Slik kan nytten av ein farmasøytsamtale vere mindre enn kva han ville vera for andre.

Ngo gjer seg nokre tankar om korleis ein kan nå ut til gravide som ikkje har dei same føresetnadane for å skaffa seg god informasjon.

I 2018 kom det oppdaterte retningslinjer som tilrår at fyrste svangerskapskontroll skal skje i veke 6. Det er mykje tidlegare enn før.

– Kanskje kan han gjennomførast med lege, jordmor og farmasøyt saman. Tidlegare kontroll opnar òg for å rekruttera breiare til framtidige undersøkingar, seier ho.

Ho presiserer at det ikkje er meininga at farmasøyten skal ta plassen til dei andre. Hen skal bidra med kompetanse som utfyller dei andre sin.

– Vi må berre finna ut korleis vi best mogleg kan gjera oss nytte av denne kompetansen, seier Ngo.

Referanse:

Ngo m.fl.: Impact of primary care pharmacist consultations on pregnant women’s medication use: The SafeStart intervention study linked to a national prescription database. International Journal of Clinical Pharmacy, 2023. Doi.org/10.1007/s11096-023-01577-x

Powered by Labrador CMS