Denne artikkelen er produsert og finansiert av Universitetet i Oslo - les mer.

Forskarane klarte ikkje å finna endringsmønster i legemiddelbruken hjå kvinner som vart gravide.
Forskarane klarte ikkje å finna endringsmønster i legemiddelbruken hjå kvinner som vart gravide.

Gravide og medisinar: – Negative funn er òg viktige

Forskarane fann ikkje den venta forskjellen i legemiddelbruken til mora, avhengig av om graviditeten var planlagd eller ikkje. Dei skreiv likevel ein vitskapleg artikkel – om mønsteret dei ikkje fann.

Når forskarar skal undersøkja korleis legemiddel verkar eller helst ikkje verkar på ufødde barn, kan dei av etiske grunnar ikkje gjera kliniske studiar, der ein ser korleis legemidla verkar på forsøkspersonar.

Derfor må dei bruka indirekte metodar som baserer seg på observerbare data.

Ei slik datakjelde kan vera undersøkingar der deltakarane gjev opplysningane sjølve, som den store norske MoBa-undersøkinga av helsa til mor, far og barn.

– Men slike undersøkingar krev at deltakarane må leggja ned ganske mykje innsats. Dermed utgjer ikkje deltakarane eit representativt utval av befolkninga, som er nødvendig om vi skal vurdera kor trygt eit legemiddel er under svangerskapet, forklarar forskar Sarah Hjorth Andersen ved Farmasøytisk institutt på Universitetet i Oslo.

Kartleggja svangerskap

– Eit alternativ er data frå ulike helseregister. Men her møter vi eit anna problem: Det varierer frå land til land korleis svangerskap vert registrert. Nokre stader vert det ikkje registrert dersom det ikkje fører fram til eit levande født barn, forklarar Hjorth Andersen.

– Og når ikkje spontanabortar vert registrerte, er det uråd å vurdera samanhengen mellom dei og bruk av ulike legemiddel, seier ho.

Så forskarane kom opp med ein plan for å kartleggja svangerskap ut frå tilgjengelege opplysningar om legemiddelbruk.

– Vi stussa litt over at ikkje nokon hadde gjort dette tidlegare og publisert funna, seier Sarah Hjorth Andersen.
– Vi stussa litt over at ikkje nokon hadde gjort dette tidlegare og publisert funna, seier Sarah Hjorth Andersen.

Reduserer inntaket av smertestillande

Kvinner som ynskjer å bli gravide, vert råda til å ta folsyre før befruktninga og fram til tolvte veke i svangerskapet for å sikra normal fosterutvikling.

Så når forskarane frå helseregistera kan sjå at nokon startar med folsyre og samstundes sluttar med p-pilla, kan dei anta at vedkomande vil prøva å bli gravid.

­– Og tilsvarande kan vi sjå at ein del kvinner ikkje har slutta med p-piller før litt ut i svangerskapet. Ho har altså blitt gravid sjølv om ho brukte prevensjon, kanskje fordi ho har brukt han feil, ved til dømes å gløyma å ta pilla, seier Hjorth Andersen.

Frå tidlegare studiar har kvinner rapportert at dei reduserer inntaket av smertestillande når dei vert gravide, medan dei tek antibiotika meir eller mindre som vanleg.

Syntest planen var god

Forskarane resonnerte derfor at ved å bruka legemiddelregistera til å identifisera forskjellar i endra forbruksmønster av slike legemiddel, kunne mønsteret dei fann, gjera dei i stand til å oppdaga graviditetar som ikkje var registrert på andre måtar.

Men mønsteret fanst ikkje.

Endringane i legemiddelbruken var ikkje synleg forskjellig mellom dei planlagt gravide og dei som var blitt gravide spontant.

– Vi stussa litt då vi sette i gang undersøkingane, over at ikkje nokon hadde gjort dette tidlegare og publisert funna. Vi syntest planen var så god at det var rart om vi skulle vera dei fyrste som tenkte på dette, seier Hjorth Andersen.

– No lurer vi snarare på om det er slik at det faktisk er folk som har gjort dette før oss og som ikkje har teke bryet med å publisera funna.

Håpar nokon får same ideen

Det er mykje jobb med å få ein vitskapleg artikkel publisert. Det krev gjerne fleire rundar med omskriving og revidering, og det er langt frå alle tidsskrift som ynskjer artiklar med slike negative funn, som det heiter.

– Men dermed vert heller ikkje utfallet kjend for resten av forskingsverda. Ved at vi har publisert denne studien, sikrar vi at neste gong nokon får den same ideen som vi fekk og sjekkar om nokon har gjort noko liknande før, slepp dei å stå like tomhendte att som vi gjorde då vi sjekka, seier Sarah Hjorth Andersen.

Og ho håpar nokon får same ideen, for som ho seier:

– Det ligg utanfor doktorgraden min, men vi har skissert ei anna mogleg tilnærming som andre forskarar kan prøva om dei ynskjer. Tilnærminga vår slepp dei jo å prøva.

Referanse:

Sarah Hjorth Andersen mfl.: Fertility treatment and oral contraceptive discontinuation for identification of pregnancy planning in routinely collected health data – an application to analgesic and antibiotic utilisation. BMC Pregnancy and Childbirth, 2020. Doi.org/10.1186/s12884-020-03435-4

Powered by Labrador CMS