Rektor ved UiB, Dag Rune Olsen, meiner UiB no har eit godt grunnlag for å gå inn i sameigarskap med OsloMet om Khrono. (Foto: Kristoffer Furberg/Universitetsavisa)
UiB vil ha både På Høyden og Khrono-redaksjon i Bergen
UiB ønskjer fortsatt å kjøpe seg inn i Khrono, men vil ikkje lenger legge ned På Høyden.
Det går fram av styrepapira til UiB-styrets møte torsdag 31. august. Der skal styret ta stilling til vidare samarbeid og eventuelt medeigarskap i Khrono, som i dag er eigd av OsloMet.
UiB og rektor Dag Rune Olsen la i utgangspunktet opp til ei nedlegging av UiBs uavhengige avis, På Høyden. Målet var å i staden kjøpe seg inn i Khrono, som har arbeidd for å rekruttere medeigarar i sektoren til å finansiere eit nasjonalt avisprosjekt.
Etter sterk motstand i UiB-styret og pålegg om ei grundigare utgreiing, har leiinga altså endra kurs:
På Høyden skal halde fram som ei uavhengig lokalavis for UiB. Samstundes skal UiB betale for tre nye stillingar i bergensredaksjonen for å sikre nasjonal journalistikk i Khrono.
Tyngdepunkt i Bergen
Ifølge sakspapira skal ein avtale om nasjonal universitetsavis sikre at publikasjonen har ressursar til å dekke sektoren «også med et redaksjonelt perspektiv utenfor hovedstaden og med et tyngdepunkt i Bergen». UiB ønskjer seg ein eigarpost på 50 prosent.
– Det er ikkje aktuelt for oss å berre skyfle pengar over fjellet. Det vil ikkje sikre det nasjonale perspektivet. Derfor skal det vere redaksjonelle krefter i Bergen som sikrar dette, seier rektor Dag Rune Olsen.
Han ønskjer å garantere for tre ekstra stillingar i Bergen, når UiB eventuelt går i vidare forhandlingar med OsloMet om sameigarskap av Khrono.
I saksframlegget til UiB-styret står det at ansvarlig redaktør (for Khrono) skal tilsetjast på åremål – og enten «være ansatt ved Osloredaksjonen eller Bergensredaksjonen».
Når det gjeld På Høyden, konstaterer UiB-leiinga at ei nasjonal avis ikkje i tilstrekkelig grad vil kunne sørge for ein fri og kritisk debatt lokalt, om og ved UiB. «Hvis forhandlingene om nasjonal universitetsavis fører frem vil styret derfor få seg forelagt en egen sak med forslag til reorganisering av På Høyden som en lokalavis for UiB, med justert formålsparagraf», heiter det frå UiB-leiinga.
Både Khrono og På Høyden er i dag redaksjonelt uavhengige aviser, og dette skal vidareførast.
Må ha samla redaksjon
Korleis ein bergensredaksjon med to avistitlar på bordet meir konkret skal organiserast, er ifølgje rektor Olsen eit ope spørsmål.
– Her må vi først forhandle med eigarane av Khrono, seier Olsen.
Ansvarleg redaktør i På Høyden, Dag Hellesund, er av ei anna oppfatning.
– Det er ein klar føresetnad med ein samla redaksjon for journalistane som skal arbeide i Bergen. Dette er rett og slett ikkje mogleg å gjennomføre på nokon annan måte. Elles vil vi få ein kunstig konkurransesituasjon som verken tener det nasjonale eller lokale. Vi må hugse at ei lokal sak også kan vere nasjonal.
Utover dette gir Hellesund uttrykk for tru på det nasjonale prosjektet og opplegget som universitetsstyret no skal vurdere.
– Dette kan bli ei god løysing for den nasjonal universitets- og høgskulejournalistikken. Vi får styrka dekninga i vest kraftig, det er vi glade for. Det er ingen tvil om at mangt ser ulikt ut i aust og vest. For eksempel er oppfatninga av proporsjonane i marin forsking ofte heilt ulike i Oslo og Bergen. Elles er det viktig at ein nasjonal modell blir så inkluderande som mogleg, slik at andre etter kvart kan kjenne seg velkomne, seier Hellesund.
Denne saken ble først publisert i På Høyden.