Bjørn Østbø var kritisk til saka som vart presentert for styret. (Foto: Njord V. Svendsen)

Leiinga ved Universitetet i Bergen fekk kritikk i På Høyden-saka

Universitetsstyret var ikkje nøgde med verken prosess eller innhald i saka om nasjonal universitetsavis.

I samarbeid med På Høyden

Artikkelen er utgitt av Universitetet i Bergens uavhengige avis, På Høyden.

– Eg synest me må ta eit steg attende. Kva behov har eigentleg UiB, og løysingar kan støtta det behovet. Styret må få ei breiare sak, eg har vesentlege betenkelegheiter knytt til den saka som no er lagt fram.

Det sa Bjørn Østbø då universitetsstyret diskuterte sak om nedlegging av På Høyden. Saka har fått mykje merksemd dei siste par vekene. Universitetsstyremedlemmene var ikkje nøgde med verken prosess eller innhald i saka.

– Det uroar meg at den konkrete modellen som er lagt fram ikkje overtydar meg. Det kunne gjerne vore fleire store aktørar med. Eg er òg uroa for at den modellen som er lagt fram vil svekka moglegheita for debatt, sa Hanne Foss Hansen.

Både ho og Østbø er eksterne representantar i styret.

Schibsted-modell

Saka som vart lagt fram for styret var ei sak som skulle opna for debatt. Endeleg vedtak skulle ifølgje sakspapira ikkje gjerast før i neste møte, 31. mai. Fleire av styremedlemmene var tydelege på at dei ville ha attende ei sak som skisserer fleire ulike alternativ til løysingar. Alf Erling Risa føreslo ein modell som liknar den Schibsted har.

– Då kan ein ha ein redaktør i Bergen og ein i Oslo, og så kan ein ha nasjonalt stoff som ein jobbar med saman. Det er ikkje sikkert at ein skal ha ein felles redaksjon, men målet må vera å skapa synergieffektar som gjer at den nasjonale dekninga vert betre.

Risa understreka at redaktørplakat er viktig.

– Ein får ikkje alltid det ein vil, men det er velkjent at for å vera truverdig så er det ikkje ei formidlingsavdeling som kan stå for den fulle opplysninga av oss og av verda ikring.

Ikkje svekka lokaldemokratiet

Universitetsstyret gjorde eit vedtak i fire punkt. Universitetsdirektør Kjell Bernstrøm sa at det skal vera mogleg å koma attende med ei sak som planlagt 31. mai.

1. Styret legger til grunn at UiBs videre utredning av en mulig nasjonal avis ikke skal svekke hensyn til lokaldemokrati, fri og kritisk debatt om og ved UiB.

2. Styret ber universitetsledelsen utrede flere alternative muligheter for å posisjonere UiB og Bergen i videre utvikling av en nasjonal offentlig arena for vår sektor.

3. I påvente av videre utredning og behandling i universitetsstyret får styret for På Høyden fullmakt til å prolongere ansettelse av redaktør inntil endelig behandling i universitetsstyret foreligger.

4. Styret ber universitetsledelsen skissere en plan for hvordan arbeidet med internkommunikasjon ved UiB kan styrkes.

Denne saken ble først publisert i På Høyden

Powered by Labrador CMS