Vi gjer som andre. Det blir grønt ljos og vi går over vegen. Og somme gongar kan det vere freistande å gå på raudt ljos, dersom andre gjer det.  (Foto: Microstock)
Vi gjer som andre. Det blir grønt ljos og vi går over vegen. Og somme gongar kan det vere freistande å gå på raudt ljos, dersom andre gjer det. (Foto: Microstock)

- Vi vert alt for lett påverka av andre

Vi påverkar kvarandre og gjer sjeldan eigne val, konkluderar forskarar. Det fann dei gjennom rekning.

Menneske og dyr har utvikla seg til å gjere som andre, heller enn å stole på eige instinkt, skal vi tru forskarar frå Storbritannia. Det gjer også at vi vanskeleg tilpassar oss utviklinga av miljøet vi lev i.

Det er rett og slett vanskeleg for oss å ta eigne slutningar, ifølge forskarane.

- Utfordringa er å vurdere eigne haldningar når desse motseier kva andre gjer. Vi har vist at utviklinga vil få enkeltpersonar til å nytte seg av sosial informasjon, og så kopiere andre meir enn dei burde, seier Colin Torney, lektor i matematikk ved University of Exeter, i ei pressemelding fra universitetet. Torney leda den nye studien.

Ulukker i flokk

Tidlegare studiar har vist at påverkinga frå andre har vore bra, mellom anna til utvikling av ny teknologi. Men i den nye studien finn forskarane at vi vanskelegare klarar å tilpasse oss utviklinga av miljøet vi lev i, og vert overavhengige av andre.

- Det kan vere nyttig å kopiere andre sine handlingar i fleire situasjonar, som mellom anna i val av kva mobil ein bør kjøpe. For dyr er påverkinga nyttig for at dei skal finne ut kvar dei skal gå, og når ein situasjon kan vere farleg, seier Torney.

Mellom anna peiker dei på at fleire ulukker i overgangsfelt har kome av at vi går i flokk.

Ingen eigne val

Forskarane nytta matematiske modellar for å sjå på korleis bruken av sosial informasjon har utvikla seg hjå ulike dyregrupper. Desse modellane har tidlegare blitt nytta til mellom anna å sjå korleis ein vert påverka til å bruke verneutstyr i sport.

Hjå dyr har ein matematisk sett på dyras rørsler når dei møter rovdyr, eller rørsler når dei har vore på vandring. Her har forskarar stadfesta at dyr klart blir påverka av andre i flokken.

Vidare konkluder forskarane av den nye studien med at vi har utvikla oss til å bli mindre sjølvstendige, grunna det dei kallar ein klassisk utviklingskonflikt mellom individ og kollektive interesser. Dette ser dei gjennom ein enkel modell for kva val ein tek i miljø som er i endring. Vi blir alt for lett påverka av naboen, skriv forskarane i studien.

- Våre resultat tyder på at vi ikkje bør forvente at sosiale grupper i naturen klarar å omstille seg etter skiftande omgjevnadar. Individ vil nok halde fram med å kopiere kvarandre. Det er norma, seier Torney.

Referanse:

Torney, Colin J. mfl: Social information use and the evolution of unresponsiveness in collective systems. Royal Society journal Interface (17. desember 2014). DOI: http://dx.doi.org/10.1098/rsif.2014.0893 Samandrag

Powered by Labrador CMS