Forsker Helga Bjørnøy Urke utførte ein trendanalyse av ernæringsstatusen hos born i Peru over 20 år. Samla sett gjekk delen av kronisk feilerernærte born under fem år ned frå om lag 40 prosent til om lag 20 prosent. Men analysar av enkeltgrupper nyanserer dette resultatet, skriv kronikkforfattaren. (Foto: Scanpix)

Kronikk: Gode tal om barns ernæring kan bli ei kvilepute

Nasjonale og globale statistikkar kan forføre, skriv stipendiat Helga Bjørnøy Urke.

Dette året blei det gjort opp status for tusenårsmåla. Fyste mål var retta mot reduksjon av fattigdom og svolt, og heilt konkret inneber det mellom anna ein 50 prosent reduksjon mellom 1990 og 2015 av talet på menneske som lir av svolt.

Skjer vi alle over ein kam, så nådde vi målet. Og det er sjølvsagt gledeleg! Det skal likevel ikkje vere usagt at nasjonale og globale statistikkar kan forføre. La oss ta fram forstørringsglaset og dei kritiske brillene og sjå eit døme på det.

Ved Hemil-senteret ved Universitetet i Bergen utførte vi  ein trendanalyse av ernæringsstatusen hos born i Peru over 20 år frå 1991 til 2011. I tillegg til å estimere den totale utviklinga for kronisk feilernæring – om barnet har riktig høgd for sin alder – gjorde vi separate analyser av ernæringsstatus i forhold til barnet sin alder og barnet sitt kjønn, utdanningsnivået til mor, hushaldninga sin velstand, om barnet budde på landet eller i byen, og i kva geografisk region barnet budde.

Samla sett gjekk delen av kronisk feilerernærte born under fem år ned frå om lag 40 prosent til om lag 20 prosent over 20-årsperioden. Dette er godt nytt for eit land som lenge har streva med svært høge tal på kronisk feilernæring. Sjølv om 20 prosent kronisk feilernæring framleis er alt for mykje, er reduksjonen i tråd med tusenårsmålet nasjonalt sett for born under fem år.

Men analysane av enkeltgrupper nyanserer dette resultatet.

Verdien av meir detaljerte analysar

Det er minst fire aspekt som er verdt å merke seg når det gjeld resultata av desse analysane. For det første viser analyser av enkeltgrupper svært ulike nivå av feilernæring. Medan ein nasjonalt sett ser at det i Peru var 20 prosent av born under fem år som var kronisk underernærte i 2011, var det tilsvarande  50 prosent guteborn og 57 prosent  jenteborn som var kronisk underernærte i  den lågaste utdanningsgruppa same året. Det er langt over det totale nasjonale gjennomsnittet på om lag 40 prosent slik det var heilt tilbake i 1991.  

Det andre som er verdt å merke seg frå denne studien, er at storleiken på reduksjonen – kor mykje enkeltgrupper reduserer i under- eller feilernæring samanlikna med startnivået – i stor grad er ulikt. Kronisk feilernæring i urbane område i Peru i 1991 låg på 27 prosent og i 2011 var denne redusert med 18 prosentpoeng. I rurale område var den tilsvarande nedgangen frå 56 prosent til 37 prosent i 2011 – ein nedgang på om lag 20 prosentpoeng. Dette er positive tendensar, men når ein tenkjer på det relativt større potensialet for nedgang i rurale område, er ikkje reduksjonen likt fordelt.

Dette har nok delvis si forklaring i store sosiale utfordringar som også er ulikt fordelt mellom urbane og rurale område.   

Nokre får det betre raskare enn andre

Vidare er det skilnader i storleiken på reduksjonen absolutt sett. Kronisk feilernæring i kystregionen minka frå 25 prosent til 7 prosent - ein nedgang på 18 prosentpoeng for jenter, og frå 23 prosent til åtte prosent - ein nedgang på 15 prosentpoeng for gutar. Til samanlikning hadde Andes-regionen – den fattigaste delen av landet der mesteparten av urbefolkninga lever – ein nedgang på seks prosentpoeng, frå kring 36 prosent til 30 prosent for både jenter og gutar. Altså var reduksjonen i feilernæring for kystregionen mellom to og tre gonger så stor som for Andesregionen.

Til sist bør ein ha i mente at svolt,  som tusenårsmåla vil redusere, inneber kamp mot fleire typar feil- og underernæring. Og dette krev ofte ulik innsats avhengig av kva type ernæring ein fokuserer på. I Peru er kronisk feilernæring det store problemet, medan i andre område og land er kronisk feilernæring, akutt underernæring og undervekt store utfordringar som lever side om side.

Ulike spørsmål gir ulike svar

Studien referert til her har ikkje tal fram til 2015, brukar ikkje same indikatorar på svolt som tusenårsmåla, og ser berre på born under fem år. Så om Peru har nådd tusenårsmålet uttalar eg meg ikkje om, og det er heller ikkje poenget. Målet er å vise at nasjonale statistikkar har avgrensa verdi når det gjeld å forstå korleis ernæringsstatus er fordelt i folkesetnaden. Kvar er reduksjonen størst? Gjeld han for alle grupper? Effektive tiltak krev meir nyansert kunnskap, og nyansert kunnskap er viktig for å motverke potensielle kvileputer som gode nasjonale statistikkar kan bli.

Så, om du ønskjer eit lettvint svar på korleis statusen er for dei mange millionar feil- og underernærte born i verda, så kan du spørje om alle land som var inkludert i tusenårsmåla, samla sett kom på pallen. Dersom du ønskjer å forstå meir av korleis feil- og underernæring utspelar seg mellom, og ikkje minst innad i land, må du stille andre spørsmål som nok til dels vil gi deg andre svar. Her fekk du ein liten smakebit.

Powered by Labrador CMS