Annonse

Denne artikkelen er produsert og finansiert av Universitetet i Bergen - les mer.

Arkivet der kjeldematerialet til ordbøkene er, består av hyllemeter på hyllemeter. Hyppig besøkt av leksikograf Terje Svardal ved Universitetsbiblioteket/Språksamlingane.

Nynorsk ordbok er nå komplett på nett

Norsk Ordbok finst no i ei komplett nettbasert utgåve, frå a til å. I tillegg er nytt materiale publisert for første gong sidan Universitetet i Bergen overtok ordboka i 2016.

Publisert

Dei fleste av oss slår opp i ordbøker når vi treng hjelp med å stave eit ord eller bøye eit verb, men ei ordbok kan vere så mykje meir enn ei rettskrivingsordbok.

Norsk Ordbok er noko så unikt som ei dialektordbok og historisk ordbok i eitt. No finn du heile verket på nett, i første omgang som betaversjon.

– Norsk Ordbok inneheld i prinsippet all mogleg informasjon om ord som har eksistert i det nynorske skriftspråket og viser orda slik dei er i bruk i dag og slik dei har vore brukt tidlegare, seier språkforskar og ordbokredaktør Gyri Smørdal Losnegaard.

Ordboka viser altså utviklinga av skriftspråket over tid. I tillegg dokumenterer ho norsk talemål – dialektane våre.

Om du lurar du på korleis ein uttalar ordet mjølk rundt omkring i landet, finn du at ein seier mjalk på Hægebostad, mjøkk i Seljord og milk på Finnøy.

I ordboka står også betydninga av orda, nye og gamle uttrykk, ordsamansetjingar, bruksmåte, tidfesting og geografisk lokalisering. Boka inneheld dessutan ei stor mengde litterære sitat som viser orda i bruk i den nynorske litteraturen.

Ivar Aasens gate er godt plassert i UiBs bakgård. Ordbokredaktør Gyri Smørdal Losnegaard tek gjerne ein guida tur rundt kvartalet.

Søkbar frå a til å

Universitetet i Bergen (UiB) overtok arbeidet med Norsk Ordbok frå Universitetet i Oslo (UiO) i 2016. Då var papirutgåva i tolv bind endeleg gjort ferdig.

Det UiO-styrte prosjektet hadde i tillegg revidert orda med forbokstavar frå i til å, digitalisert dei, og lagt dei ut på den gamle visningssida no2014.uib.no.

– Fram til no har vi i praksis berre har hatt ei halv nettordbok, fortel Losnegaard.

Losnegaard leier ordbokprosjektet ved UiB, kalla Ordbok a-h (NO-AH) og har i samarbeid med Høgskulen i Volda digitalisert den resterande delen av ordboka.

– Ordbokartiklane som vi no har digitalisert og lagt ut på nett, er alfabetstrekket a til h. Den delen har til no berre vore tilgjengeleg i bokform og var første gong gitt ut på papir i 1950 – altså for over 70 år sidan.

Ho fortel at desse artiklane ikkje er oppdatert enno, så det som ligg på nettet er ei blanding av nytt materiale og gamalt, urevidert, materiale.

– Men vi er godt i gang med å revidere innhaldet også i denne delen av ordboka og har til dags dato kome til ala. Orda frå a til ala er såleis heilt nyreviderte og materialet er publisert for første gong.

Innendt setel med dokumentert bruk av «mjølki». Kjelde: Hus, Lars T. / Sætrar og sæterbruk i Noreg [SrHard]

Byggjer på arbeidet til Aasen

Norsk Ordbok har meir enn 330.000 oppslagsord og er det største ordbok-verket for norsk.

Ho byggjer på mange måtar på arbeidet til Ivar Aasen som reiste rundt i landet, samla inn og systematiserte dialektane våre og på den måten la grunnlaget for det nynorske skriftspråket.

Det var Aasen som stod bak den første utgåva av ordboka som kom ut i 1873, medan arbeidet med ordboka slik vi kjenner ho i dag, starta på 1930-talet.

– Norsk Ordbok byggjer på innsamla kjeldemateriale. Det viktigaste prinsippet for å vere med i ordboka er at ordet er dokumentert i skrift eller tale, fortel Losnegaard.

Ho seier at det før sat folk i heile landet, gjerne embetsfolk, som sende inn nye ord til boka, ord som dei kunne dokumentere, var brukt i lokalsamfunnet eller i litterære kjelder. Desse orda fylte dei ut på eigne setlar, som vi no har fleire millionar av i arkiva våre.

I dag finst det ifølgje Losnegaard mange entusiastar rundt i Noreg som kartlegg dialekta si og som lagar eigne ordsamlingar. Desse sender dei inn til redaksjonen, som tek ordet inn i samlinga, sjølve kjeldegrunnlaget for ordboka.

Kartotekskuff i Setelarkivet til Norsk Ordbok.

Ordboka inn i framtida

Arbeid med ordbøker tek aldri slutt. Nye ord og uttrykk kjem til, og både uttale og betydninga av ord kan endre seg gjennom tidene. Ein del eldre fenomen vert også sett gjennom nye briller og har behov for ein revisjon.

Alt dette blir enklare no når alt ligg på nett.

– Når innhaldet frå a til h har blitt digitalisert og oppdatert, kan vi oppdatere ordbokartiklar fortløpande etter kvart som endringar kjem til. Det finst dessutan mange moglegheiter i det digitale formatet som vi kan utnytte vidare, seier Losnegaard.

Til neste år håpar dei å få opp og gå ei ny nettside med fleire nye funksjonar, slik at ordboka blir så god som mogleg.

– Vi satsar blant anna på å utbetre søkefunksjonane, slik at ein kan gjere meir avanserte søk. Brukargrensesnittet skal også bli meir moderne. Vi har òg tenkt å høyre med brukarane om kva behov dei har.

Ikkje berre for språknerdar

Losnegaard vedgår at ordboka først og fremst er for språknerdar og spesielt interesserte.

– Ho er nok mest for avanserte språkbrukarar som studentar, forskarar og lærarar i skulen. Samstundes veit vi jo at nordmenn generelt har ei stor interesse for språk, både for dialektane våre og for skriftspråket, men òg for etymologien, altså opphavet og historia til ordet, seier Losnegaard.

Ordbokredaktøren har til dømes fått tilbakemeldingar frå forfattarar og omsetjarar av bøker om at ordboka er nyttig i deira arbeid.

– Eg snakka med ei som hadde utruleg nytte av ordboka i arbeidet med omsetjing av ein roman då ho trengde for å finne ord og uttrykk knytt til vêr, verfenomen og kystkultur, som sjø og fiske.

Om Norsk Ordbok

  • Norsk Ordbok (norsk-ordbok.no) er ei ordbok over det nynorske skriftspråket og dei norske dialektane.
  • Ordboka vart utgitt i trykt form av Det Norske Samlaget, finansiert av Kulturdepartementet og Universitetet i Oslo.
  • Ordboka er i tolv band og er den første vitskaplege ordboka som dokumenterer norsk språk.
  • Arbeidet med Norsk Ordbok starta i 1930. Det første heftet kom ut i 1950, og første heile band var ferdig i 1966. Siste band kom i 2016.
  • Ordboka inneheld over 300.000 ordartiklar.
  • Fram til mai 2022 har berre ord på bokstavane i til å vore digitalisert
  • Dei eldste delane av ordboka, som dekkjer bokstavane frå a til h, er for første gong tilgjengeleg digitalt

Powered by Labrador CMS