- Likestilling gir høgare livskvalitet
Norske kvinner og menn opplev at det å leve i eit likestilt parforhold gir høgare livskvalitet. Dei mest likestilte para opplever lågare konfliktnivå og meir stabilitet i forholdet.
Dette går fram av undersøkinga Likestilling og livskvalitet 2007, som er utført av Nordisk institutt for kvinne- og kjønnsforsking og Arbeidsforskningsinstituttet, på oppdrag frå Barne- og likestillingsdepartementet.
Likestilte menn framhevar spesielt at dei trivst godt med samvær med born. 80 prosent av fedrane som arbeider meir enn 40 timer i veka, vil gjerne jobbe mindre og vere meir saman med borna.
Fedrane som var åleine saman med bornet under permisjonstida, meiner at dette har ført til betre kontakt med bornet.
Mannen si rolle
- Menn vinn på å leve i eit likestilt samfunn. Det må kommuniserast til alle. Den komande stortingsmeldinga om menn, mannsroller og likestilling vil nettopp sette fokus på mannen si rolle i eit likestilt samfunn, seier barne- og likestillingsminister Manuela Ramin-Osmundsen i ei pressemelding.
- Dersom vi spesifiserer likestilling som det at partane i hovudsak deler likt på husarbeid og/eller omsorg for born, kan vi slå fast at menn og kvinner som lever meir likestilt, har betre livsforhold på ei rekke område, skriv forskarane i rapporten.
Undersøkinga viser at menn fryktar å miste kontakten med borna sine etter eit samlivsbrot i langt større grad enn kvinner. Samtidig har det skjedd ei klar haldningsendring i spørsmålet om delt bustad etter samlivsbrot.
Frå 1994 til 2007 har talet på kvinner som meiner at borna bør bu likt med begge foreldra auka frå 37 til 65 prosent, og blant menn frå 65 til 84 prosent.
Mannsperspektivet
- Tradisjonelt har likestillingskamp vorte sett i samband med kvinner, og det er kvinner som har reist utfordringane.
- Mannspanelet sitt bidrag til å trekkje likestillingsdebatten inn på nye arenaer, og den komande stortingsmeldinga, vil vere med på å definere mannsperspektivet i likestillingsdebatten, seier Ramin-Osmundsen.
Undersøkinga som skal vere del av kunnskapsgrunnlaget for ei stortingsmelding om menn.
Målet har vore å gjennomføre ei “undersøking blant kvinner og menn, og deira oppfatning og forståing av kjønnslikestilling i relasjonar, familie, arbeidsliv og samfunn”.
Data blei henta inn gjennom ei spørjeundersøking med 123 spørsmål om likestilling. Nesten 3 000 personar svarte på skjemaet, og utgjorde ein samla svarprosent på 41.
Referanse:
Øystein Gullvåt Holter, Helge Svare, Cathrine Egeland; Likestilling og livskvalitet 2007; Nordisk institutt for kvinne- og kjønnsforskning og Arbeidsforskningsinstituttet.