Kyra i Innerdalen på Nordmøre nyttar utmarksbeita om sommaren, det burde fleire kyr gjere, meiner forskar. (Foto: Rose Bergslid, NORSØK)

Nok mat til dyra trass fôrmangel

Mykje fôr går tapt kvart år – Det skuldast at mykje beite ikkje er i bruk og veks igjen, seier forskar.

Hovudmålet i jordbrukspolitikken er å auke norsk matproduksjon med grunnlag i norske arealressursar.

– Dette er neppe noko realistisk mål dersom ein ikkje tar i bruk alt jordbruksareal og beite vi har, seier Rose Bergslid, rådgjevar ved Norsk senter for økologisk landbruk.

– Saman med bonden er dyrkamarka den viktigaste ressursen jordbruket har.

Brutal påminning

Tørkesommaren i år har vore ei brutal påminning om at nok fôr til husdyra ikkje er sjølvsagt, understrekar Bergslid.

Da er det eit paradoks at store jordbruksareal og gode beiteressursar ligg ubrukte i Noreg.

I ein ny rapport skriv ho at det er mykje merksemd rundt vern av dyrkamark, men ikkje så mykje merksemd om dyrkamark og beiteareal som går ut av drift.

Krattskog og geitrams tek for over når beita ikkje vert bruka. (Foto: Lise Åserud, NTB Scanpix)

Mindre mjølk, mindre areal i drift

Blir ikkje eit beite stelt, gror det igjen og går tapt.

– Gjengroinga er minst i dei områda det blir drive mest mjølkeproduksjon, fortel forskar Bjørn Egil Flø frå NIBIO, også ein av forfattarane bak rapporten.

Saman med dei andre forskarane har han sett på korleis endring i liter levert mjølk heng saman med areal i drift.

Tala er henta frå perioden 2000–2016 og viser at i kommunar der mjølkeproduksjonen er betydeleg redusert har også arealet som er i drift gått sterkt tilbake.

Driveplikta forsømt

– Stortingets mål er å utnytte mest mogleg av grasareala til matproduksjon. Det er krevjande når mjølkekua og andre drøvtyggarar i stor grad blir sentralisert til satsingsområde, seier Rose Bergslid.

Ho meiner det må setjast inn målretta arbeid på mange område. Oppfølging av driveplikta er eitt av dei, men dette er forsømt i mange kommunar.

Arbeidet krev administrative ressursar, og mange kommunar har bygd ned kapasiteten hos landbruksforvaltinga.

I rapporten har forfattarane sett nærmare på arbeidet som er gjort i kommunane Sykkylven og Midsund.

– Erfaringar frå desse prosjekta vil vera nyttige for andre som vil ta tak i utfordringar knytt til driveplikta, seier Bergslid.

Samarbeid og ulike interesser

Forfattarane peikar også på at samhandlinga mellom grunneigarar og aktive bønder kan bli betre i mange bygder.

Nokre bønder må forholda seg til 15–20 ulike grunneigarar. Da kan det vera mange omsyn og krav å ta stilling til, til dømes hjortejegerar som ikkje ønskjer beitedyr, husdyr som gjer frå seg i hytteområde og avgrensingar på traktortrafikk og arbeidstid.

– Å finne gode løysingar på dette kan vera tidkrevjande og utfordrande. Dei aktive bøndene vil i mange tilfelle ha behov for rådgiving og tilrettelegging av folk som meistrar kunsten å mekle mellom ulike interesser, seier Bjørn Egil Flø.

– Målet bør vera at alle bygder leverer ein felles forvaltingsplan for korleis ein vil ta vare på alle jordbruksareala, inkludert beiter, til produksjon av mat for framtida, avsluttar han.

Referanse:

Rose Bergslid m.fl: Jord ute av drift og driveplikta. Norsøk faginfo. 2018. ISBN: 978-82-8202-064-0

Powered by Labrador CMS