Snylteveps hjelper sjuke bær

Lærevillig snylteveps kan vere godt egna for tidleg påvising av jordbærsjukdomen lêrròte.

Published
Lêrròte. (Foto: Arne Stensvand)
Lêrròte. (Foto: Arne Stensvand)

Fakta om lêrròte:

Lêrròte gir ein léraktig, fast ròte og vond lukt og smak hos jordbær. Nokre få infiserte bær kan øydeleggje større parti med elles friske jordbær.

Lêrròte er årsaka av Phytophthora cactorum. Phytophthora tyder planteøydeleggjar på latinsk, og dette er ei gruppe skadegjerarar som gir stor skade på mange kulturplanter, men også på planter i naturen.

Phytophthora har ein sopp-liknande vekst, men har ein annan livssyklus og har opphavleg utvikla seg frå heilt andre organismar. Den mest kjende Phytophthora-arten er P. infestans som er årsak til tørròte i potet.

Om prosjektet:

“Jordbær utan lêrròte til norsk konservesindustri”
Prosjektansvarleg: Lærdal Grønt
Prosjektpartnarar: Lerum, Valldal Grønt, Bioforsk, Nofima
Varigheit: 2011-2012

Fenomenet lêrròte er eit godt døme på at lita tue kan velte stort lass. Nokre få smitta bær kan vere nok til å øydelegge eit heilt parti jordbær.

Det viktigaste kjenneteiknet på sjukdomen er svært vond lukt og smak. Det er ofte vanskeleg å oppdage symptoma på modne bær, og infiserte jordbær vert difor lett omsette i lag med friske.

Med støtte frå Regionalt forskingsfond Vestlandet, leiar Lærdal Grønt eit forskningsprosjekt der målsettinga er å finne både effektive metodar for å påvise og gode tiltak for å motvirke sjukdomen.

– Det er viktig å kunne påvise lêrròte på eit så tidleg stadium som mogleg. Aller helst vil vi jo unngå at infiserte bær i det heile tatt vert leverte frå produsentane, seier Arne Stensvand i Bioforsk.

Snylteveps

Seniorforskar John-Erik Haugen i Nofima testar ulike hurtigmetodar for å påvise at jordbær er infisert av lêrròte. Bruk av snylteveps er éin av metodane som vert prøvd.

– Vi har identifisert to luktstoff, to fenolar, som er karakteristiske for bær med lêrròte. Snyltevepsen kan verte lært opp til å reagere på desse stoffa, seier Haugen.

Haugen har gode forskarkontaktar i USA, der ein bruker snyltevepsen mykje i utvikling av nye typar plantevern. Sjølv har Haugen gode erfaringar med å bruke insektet til å påvise såkalla rånelukt i grisekjøt.

Lærevillig

Snylteveps har god luktesans og er lett å lære opp ved hjelp av ”pavlovsk betinging”. Den vert eksponert for eit bestemt luktstoff og samtidig fôra med sukkervatn.

Slik lærer den at det er ein samanheng mellom ei bestemt lukt og ei påskjøning, og reagerer deretter.

Snylteveps. (Foto: (Foto Kjell Merok, Nofima))
Snylteveps. (Foto: (Foto Kjell Merok, Nofima))

Opplæringa er faktisk unnagjort tre minutt. Deretter vert 5-6 veps plasserte i eit lite kammer i en sylindrisk detektorboks der dei kan bevege seg fritt. Lukta vert ført inn i kammeret med ei lita vifte, og øvst i boksen er eit webkamera som registrerer åtferdsresponsen.

– Straks snyltevepsen får ferten av luktstoffa den er trena opp til å kjenne att, byrjar den å ”headbange” som ein ekte metallrockar. Det er den naturlige åtferdsresponsen til vepsen knytt til fôr, fortel Haugen.

Det gjenstår like fullt meir utprøving av metoden. Sjølv om vepsen responderer godt på fenolane på laboratoriet, står det att å sjå om den er like effektiv til å påvise luktstoffa under dei naturlege forholda ute på åkeren eller på bærmottaka.

Men Haugen er optimist:

– I råneluktprosjektet kjende vepsen att enkeltstoff i blanding med andre lukter og ved svært låge konsentrasjonar. Dessutan er dette ein enkel og svært billeg teknologi.

Seniorforskaren trur utfordringane er meir knytt til logistikken og til at vepsen berre lever i sju veker. Skal produsentane basere seg på denne metoden, trengst eit apparat for å kultivere, distribuere og lære opp vepsen.

Spektroskopi

Ein annan metode Haugen testar ut, er såkalla fluorescensspektroskopi.

– Fenolane vi har isolert har fluorescerande eigenskapar. Det betyr at når ein sender lys mot dei, vert fotona i lyset absorberte av molekyla i fenolane. Deretter sender molekyla fotona frå seg att, men no med lågare energi.

– Måler ein dette med eit spektroskop, som analyserer eigenskapane i lyset, vil ein sjå at fotona som går ut har større bølgjelengde enn dei som gjekk inn, forklarer Haugen.

Konklusjonen er at det er mogleg å skilje smitta og friske bær med denne metoden, men det finst kompliserande faktorar. Klorofyllet i jordbæret har og fluorescerande eigenskapar, og kan skape forstyrrande bakgrunnsstøy i målingane.

Sidan klorofyllet og lêrròte-fenolane har ulike emisjonsspekter – altså utstråling på distinkt ulike bølgjelengder – vert det arbeidd vidare for å sjå om ein er i stand til å måle berre fenolane. 

Ein annan teknikk som er undersøkt, er ein kombinasjon av infraraud spektroskopi og fotoakustikk. Her måler ein i gassfase dei flyktige komponentane sjølve bæret gir frå seg.

– Vi ser skilnad på friske og sjuke bær med denne metoden og, men det gjenstår meir måling før vi veit kor god og pålitelig teknikken er, seier Haugen.

Meir konvensjonelle laboratoriebaserte metodar har og vore på tale, men sidan målet er å finne enkle og effektive metodar for hurtig påvising, er ikkje desse prioriterte.

Skilnad på bæra

Ein annan sentral oppgåve i prosjektet er å finne bærsortar som er meir motstandsdyktige mot lêrròte enn dei som vert dyrka i dag.

– Vi har testa ti nye variantar – såkalla linjer – og funne klare skilnader i motstandsevne, seier Stensvand.

Stensvand fortel at forskarane òg har sett på sortar som Senga Sengana og den nyare Polka, som både går til konservering og ferskomsetting.

– Polka er på kort tid vorten populær blant produsentane, men vi ser at den er vesentleg meir mottakeleg for lêrròte enn Senga Sengana er, seier han.

Kartlegging og smitteforsøk

Lêrròte er ein utbreidd jordbærsjukdom over heile landet, men omfanget varierer frå år til år.

– I 2011 var det ganske lite lêrròte i felt, sjølv om det var mykje nedbør både under kartutvikling og hausting. Derfor fekk vi ikkje gjennomført alle feltforsøka slik vi hadde tenkt, seier Stensvand.

Forskarane fekk likevel kartlagt til saman 27 jordbærfelt i Sogn og Fjordane og Valldal. Det vart påvist lêrròte i felta hos fem produsentar.

Det vart og gjennomført sprøyteforsøk i felt og veksthus, der bæra vart påført kunstig smitte og deretter behandla med eit gjødselpreparat og eit preparat basert på fosetyl-aluminium.

– Begge preparata hadde tydeleg effekt, så dette kjem vi og til å sjå vidare på, seier Stensvand.

Referanse:

Stensvand & Eikemo: “Lêrròte i jordbær – problem i syltetøy”, Norsk Frukt og Bær 2011, 14 (4):4‐5.